Forslag til forbod mot ekteskap under 18 år vert sendt på høyring

Regjeringa vil at det ikkje lenger skal vere mogleg å få dispensasjon til å gifte seg for personar mellom 16 og 18 år.

- Eg ønskjer at 18-årsgrensa for å gifte seg i Noreg skal vere absolutt. Sjølv om det er svært få under 18 år som har som har fått dispensasjon til å gifte seg i Noreg dei siste åra, vil dette forbodet sende eit viktig signal utanlands om at vi ikkje aksepterer at mindreårige giftar seg, seier barne- og likestillingsminister Solveig Horne.

Barne- og likestillingsdepartementet sender no ut eit høyringsforslag om å oppheve reglane i ekteskapslova om dispensasjon frå kravet om at ein må vere 18 år for å gifte seg i Noreg. Høyringsfrist er 2. februar 2018.

I dag opnar ekteskapslova for at det kan bli gitt dispensasjon frå alderskravet når personane er mellom 16 og 18 år. Då må dei som har foreldreansvaret gi samtykkje og fylkesmannen må gi løyve. Ingen av fylkesmennene rapporterte i 2016 at dei hadde fått inn nokre slike søknadar.

Reglane om godkjenning av utanlandske ekteskap er kompliserte, og det har vore uklart i praksis kvar grensene går for kva slags ekteskap norske styresmakter skal godkjenne. Barne- og likestillingsdepartementet er derfor også i gang med eit forslag om å stramme inn og klargjere regelverket om godkjenning av utanlandske ekteskap. 

Gå til høyringa.