Frå i dag kan fleire reise gratis med ferja

– I dag vert reisekvardagen fleire stader litt enklare, med gratis ferje. Ferja er mange stader livsnerven i samfunnet. Her er halverte takstar og gratis ferje eit viktig tiltak for å lette kostnadene, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Samferdselsminister Nygård om bord ei ferje
Foto: SD

Regjeringa har brukt 420 millionar kroner til gratis ferje og til å redusere takstane til 50 prosent samanlikna med takstane 1. januar 2021. Dette kjem i tillegg til dei midlane som allereie har vore brukt til å redusere ferjetakstane.

Det legg til rette for at ferjer til øyer og andre samfunn utan veg til fastlandet frå 16. august kan bli gratis.

– Ei målsetting i Hurdalsplattforma var gratis ferje til øyer og andre samfunn utan vegforbindelse til fastlandet og å gjere alle ferjesamband med under 100 000 passasjerar årleg gratis. Det har vi no lagt til rette for, seier Nygård.

Desse ferjene vert gratis

Regjeringa har lagt til rette for at fylkesvegferjesambanda nedanfor kan bli gratis frå 16. august, og fylkeskommunane har fylgt opp med å vedta takstreduksjonar slik at desse sambanda vert gratis.

Fylke

Samband

Agder

Launes – Kvellandstrand

Møre og Romsdal

Aukra – Hollingsholmen

Møre og Romsdal

Brattvåg – Dryna

Møre og Romsdal

Edøya – Sandvika

Møre og Romsdal

Solholmen – Mordalsvågen

Nordland

Festvåg – Misten

Nordland

Forøy – Ågskardet

Nordland

Horn – Andalsvåg

Nordland

Sandnessjøen – Dønna – Løkta

Nordland

Søvik – Herøy

Rogaland

Mekjarvik – Kvitsøy

Rogaland

Vassøy

Troms og Finnmark

Stornes – Bjørnerå

Trøndelag

Levanger – Hokstad

Trøndelag

Ølhammeren – Seierstad

Vestland

Krokeide – Hufthamar

Oversikt over kva for riks- og fylkesvegferjesamband som blir gratis 16. august og som har blitt gratis tidlegare: https://autopassferje.no/gratis-ferje-fra-01-juli/

Reduserte takstar

Det er fylkeskommunane som ut frå lokale forhold vurderer om dei vil redusere takstane på ferjesambandane på fylkesveg.

Som eit eksempel på kva dette kan bety for dei reisande: Ein pendlar som kvar arbeidsdag reiser tur/retur med ferje mellom Molde og Vestnes i Møre og Romsdal med ein bensin-/dieselbil med AutoPASS-avtale vil spare om lag 18 000 kroner i 2023 samanlikna med det nivået som gjaldt 1. januar 2021.