Presseinvitasjon:

Framlegging av regjeringa sin handlingsplan for energieffektivisering

Torsdag 5. oktober presenterer olje- og energiminister Terje Aasland og klima- og miljøminister Espen Barth Eide regjeringa sin handlingsplan for energieffektivisering i alle delar av norsk økonomi. Handlingsplanen blir presentert i det nyleg rehabiliterte hovudkontoret til Oslo Havn, der energiforbruket er vesentleg redusert.

Nett-tv Framlegging av regjeringa sin handlingsplan for energieffektivisering

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Stad: Hovudkontoret til Oslo Havn, Skur 38, Akershusstranda 19

Tid: Torsdag 5. oktober kl. 10.00. Statsrådane er på plass frå kl. 09.30, og dei får først ei omvising i det nyleg rehabiliterte bygget. Fotografar som ønskjer å delta på omvisinga kan møte opp frå kl. 09.20.

Påmelding til info@oed.dep.no innan onsdag 4. oktober kl. 16.00.

Presse som ikkje har høve til å vere til stades på pressemøtet kan sende inn spørsmål til info@oed.dep.no med teksten «Energieffektivisering» i emnefeltet. Avsendar-adressa må vere registrert hjå eit mediehus eller oppgi frilansoppdrag. Me kan ikkje garantere at det blir tid til å stille alle spørsmåla på pressemøtet.

Olje- og energidepartementet legg til rette for deling av foto og video. Foto til fri bruk blir publisert på Flickr. Pressekonferansen blir filma av Sikkerheits- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og kan følgjast direkte på www.regjeringa.no. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende pressekonferansen direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.

Pressekontakt i Olje- og energidepartementet er kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@oed.dep.no.

Pressekontakt i Klima- og miljødepartementet er kommunikasjonsrådgivar Martin Lerberg Fossum, telefon 46 81 98 12, e-post martin-lerberg.fossum@kld.dep.no.