Historisk arkiv

Framleis auke i studiestøtte og satsing på studentbustader

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Regjeringa held fram med å trappe opp studiestøtta, og vil gi studentar lån og stipend ei ekstra veke, slik at dei totalt får 10 månader og tre veker med støtte. Det er eit ledd i målet om 11 månaders studiestøtte. Samstundes held satsinga på studentbustader fram med tilskot til 2200 nye hybeleiningar i 2019.

– Vi foreslår at studentar som studerer på heiltid, skal få lån og stipend ei veke meir enn dei gjer i dag. God studiefinansiering er viktig for at retten til utdanning skal vere reell. Og alle skal kunne ta høgare utdanning uansett kven du er, kvar du er fødd og kor mykje pengar du har, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V).

Enda meir pengar i juni

Etter at Venstre fekk gjennomslag for 11 månaders studiestøtte i budsjettforhandlingane i 2015, har regjeringa innført to ekstra veker med studiestøtte. No foreslår regjeringa at 165 millionar kroner skal gå til at studentar får studiestøtte til ei tredje veke. Ein heiltidsstudent vil dermed få utbetalt 8100 kroner meir våren 2019 enn kva studenten fekk våren 2016.

– Betre ordningar for studiestøtte kan gjere at fleire kan konsentrere seg om studia framfor jobb, meiner Nybø (V).

Regjeringa foreslår også å sette av 15 millionar kroner til studiestøtte for å gjere det enklare for vaksne å ta utdanning.

– Vi foreslår mellom anna å innføre rett til støtte for dei som tar lastebilsjåførutdanning ved godkjende trafikkskular, utdjupar Nybø.

Vil ha betre gjennomføring

I Noreg er vi mange som begynner på høgare utdanning, men andelen studentar som fullfører ein grad, er lågare enn i mange land vi elles liker å samanlikna oss med. Om lag ein av tre har ikkje oppnådd nokon grad åtte år etter at dei starta å studere, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

– Vi foreslår ei endring i korleis studielånet blir gjort om til stipend for å motivere fleire til å fullføre graden sin. Å bli ferdig med utdanninga er viktig både for personleg økonomi og for samfunnet. Det uroar meg at så mange er innom høgare utdanning utan å ta ein grad. Regjeringa ønsker at fleire studentar skal fullføre utdanningsløpet sitt, og vil samstundes halde fram med å auke kvaliteten i høgare utdanning, seier Nybø.

Det vil framleis vere slik at totalt 40 prosent av lånet kan bli gjort om til stipend. 25 prosent av lånet kan bli gjort om til stipend på grunnlag av oppnådde studiepoeng. For å kunne få ytterlegare 15 prosent av lånet gjort om til stipend, må studenten ha fullført ein grad.

Vil vidareføre tilskot til 2200 nye studentbustader i 2019

– Studentbustader er blant dei viktigaste studentvelferdstenestene og skal bidra til at studentar får eit rimelig og godt bustadtilbod, som eit tillegg til den private leigemarknaden. Det er difor viktig å bygge studentbustader, fastslår statsråden.

Regjeringa og stortingsfleirtalet har over fleire år prioritert tilskot til å bygge fleire studentbustader. Dei siste fire åra har det blitt gitt tilsegner til å bygge 2200 nye hybeleiningar årleg. I 2017 blei det gitt ein ytterlegare eingongsauke på 300. Våren 2018 vart kostnadsrammene og tilskotssatsane auka, for å sikre at fleire bustadsprosjekt faktisk vart realiserte.

– Regjeringa vil oppretthalde ambisjonane for bygging av studentbustader, og foreslår å vidareføre nivået frå 2018 om tilskot til 2200 nye hybeleiningar i 2019. Vi foreslår dessutan å vidareføre auka kostnadsrammer og tilskotssatsar, og å prisjustere tilskota framover, seier Nybø (V).

Graf med tilsagn til studentboliger fra 2009-2018