– Vi sikrar at prosjekta vi har satt i gang gjennomførast og at vedlikehaldet framleis er på eit høgt nivå. Samstundes veit vi at det økonomiske handlingsrommet berre blir trongare framover. Difor er den viktigaste jobben min å sørge for at vi får mest mogleg samferdsel ut av pengane vi bruker, seier samferdselsminister Kamzy Gunaratnam.

I samferdselsbudsjettet for 2027, prioriterer regjeringa:

  • å vidareføre den midlertidige søknadsordninga for reduserte månadskortprisar i kollektivtransporten i fylkeskommunane med om lag 100 kroner i 2027
  • vidareføre igangsette investeringsprosjekt og anleggsstart for nye riksvegprosjekt
  • oppstart av nye, mindre investeringstiltak på riksveg
  • styrke den digitale tryggleiken på vegnettet
  • kjøp av posttenester som er betre tilpassa behova til befolkninga

– Vi har framleis eit høgt ambisjonsnivå på vegne av samferdselssektoren og vi skal gjere mykje framover, men vi må òg gjere tøffe prioriteringar i fellesskap. Slik verda er no, er det naudsynt å prioritere tryggleik og forsvar, helsehjelp, skule og å få fleire i arbeid, seier Gunaratnam. 

Trygge riksvegar

Regjeringa foreslår til saman 51,7 milliardar kroner til vegformål. Dette er mellom anna for å sikre rasjonell gjennomføring av allereie igangsette investeringsprosjekt over heile landet, til dømes E45 Kløfta i Finnmark, E134 Røldal-Seljestad i Vestland og E6 Megården-Sommerset i Nordland. Forslaget gir og anleggsstart for nye riksvegprosjekt, styrking den digitale tryggleiken på veg og oppstart av nye, mindre investeringstiltak på riksveg. 

Regjeringa prioriterer framleis eit høgt nivå på drift og vedlikehald av riksvegnettet og foreslår å løyve 11,9 milliardar kroner i 2027. Dette legg til rette for eit trygt vegnett med god framkome i heile landet.

– Vi skal ha eit godt, trygt og fungerande vegnett. Mange er avhengig av bilen og eg vil prioritere at folk skal komme seg trygt fram dit dei skal. Da kan vi ikkje berre bygge nytt, vi må prioritere å betre det vi har og godt vedlikehald, seier samferdselsminister Kamzy Gunaratnam. 

Regjeringa foreslår oppstart av E39 Smiene–Harestad i Rogaland, og legg til rette for at anleggsstart kan skje seint i 2027 eller tidleg i 2028. Strekninga skal gi ein trafikksikker veg mellom Rogfast-tunnelen og Eiganestunnelen, og legg til rette for at Rogfast-tunnelen kan koplast til vegnettet når den opnar. 

Regjeringa held fram satsinga på byområda og foreslår å løyve 7,1 milliardar kroner til å følge opp byvekstavtalane og andre avtaler om tilskot for å nå nullvekstmålet. 13 byområde har slike avtalar som skal gjere reisekvardagen enklare. Regjeringa set av pengar til å bygge ut gang- og sykkelvegar, kollektivtiltak og til dei store kollektivprosjekta. 

Digitalisering og høgt trusselbilete gir høg risiko for digitale angrep mot operasjonell teknologi, som er system som overvaker og styrer fysiske prosessar langs riksvegnettet. Regjeringa foreslår difor 100 millionar kroner for å styrke den digitale tryggleiken på vegnettet.

Framdrift i igangsette jernbaneprosjekt

Regjeringa foreslår å løyve i alt 32,4 milliardar kroner til jernbana i 2027. Dette er ein auke på 1,6 milliardar kroner frå saldert budsjett 2026. Av dette er 13,6 milliardar kroner foreslått til drift, vedlikehald og fornying av jernbanenettet. I tillegg foreslår regjeringa 6,4 milliardar kroner til kjøp og forvaltning av togmateriell.

– Arbeidarparti-regjeringa har høge ambisjonar på vegne av jernbana. Det er eit stort behov for å halde oppe framdrifta i igangsette jernbaneprosjekt. Difor må løyvingane til investeringar på jernbana auke, seier samferdselsminister Kamzy Gunaratnam. 

Det var ein vesentleg auke i løyvingane til drift, vedlikehald og fornying i både 2025 og 2026. I 2027 prioriterer regjeringa framgang i dei prosjekta som allereie er sette i gang.

– Den beste oppskrifta på en meir punktleg og god jernbane er framleis å ta betre vare på det vi har, og bygge nytt der vi må og der effekten er størst. Løyvingane til å ta vare på det vi har er framleis høge. Det er mykje trafikk i hovudstadsområdet, og skal trafikken i heile Noreg bli betre, er det her det er viktig å fornye og vedlikehalde jernbanen mykje, slik at toga kan holde rutetabellane, seier Gunaratnam.

Regjeringa legg opp til å bruke 135 millionar kroner til betre nettdekning i jernbanetunnelar i 2027. I fyrste omgang kjem dette pendlarar på Gardermobanen, Kongsvingerbanen, Hovudbanen og Dovrebanen til gode. Dette er òg gode nyheiter for dei som reiser gjennom Drammenstunnelen og Ulrikentunnelen, som ikkje tidlegare har hatt nettdekning.

Billegare månadskort

Regjeringa ønskjer å vidareføre ein mellombels tilskotsordning for lågare pris på månadskort, og foreslår å løyve 620 millionar kroner til dette i 2027. Det vil sørgje for at prisreduksjonen på om lag 100 kroner, som ble vedteken i statsbudsjettet for 2026, blir oppretthaldt i 2027. 

– Det skal framleis være billig og enkelt å reise til og frå jobb, skule og andre fritidsaktivitetar. Difor vidarefører vi deler av tilskotet til lågare pris på månadskort, så prisene framleis kan kuttast med 100 kroner i 2027. Sjølv om mange er avhengig av bil til jobb, skal vi leggje til rette for at det er enkelt å velje kollektivt der ein kan. Arbeidarparti-regjeringa er opptatt av at barrierane for slike val er låge, og at billettprisane skal opplevast rettferdige, seier Gunaratnam. 

Fylkeskommunane er takststyremakt for den regionale kollektivtrafikken, og dei må søkje om tilskot. Tilskotet skal berre dekkje dei tapte inntektene som fylgjer av reduserte billettprisar.

Postlevering som er tilpassa behova

Regjeringa foreslår å løyve 1,5 milliardar kroner til kjøp av posttenester i 2027. 

Norske husstandar mottar snart berre eitt brev i veka. Samstundes kjøper staten levering annankvar dag. Utgifta er i 2026 på 2 milliardar kroner i året. Det er nær ei femdobling på ti år som vil halde fram med å auke, dersom ein ikkje gjer noko. 

Postloven har som hovudregel at det skal vere konkurranse om statens kjøp av ulønsame posttenester. I ein overgangsperiode vil Samferdselsdepartementet tildele Posten ein kortsiktig kontrakt på to år, med moglegheit for å forlenge for to enkeltår. 

Overgangsordninga, som skal gjelde frå 1. juli 2027, betyr at: 

  • brev som hovudregel blir levert til postkassa ein dag i veka
  • avsendarar som treng å levere brev oftare, til døme bankar og helsetenester, kan kjøpe det til høgare porto, for å få fram informasjon som hastar til eldre og ikkje-digitale innbyggarar
  • mottakarar som vil ha enda hyppigare levering, kan velje å hente brev på hentepunkt fem dagar i veka

Denne overgangsordninga inneber at Posten frå 1. juli 2027 vil prise brev meir som folk kjenner det frå pakkemarknaden, og tilpasse leveringsfrekvensen etter det faktiske behov. I tillegg til å ivareta dei som treng det oftare.

– Posten har ei viktig oppgåve i det norske samfunnet, og det vil dei ha framover også. Men vi sender stadig færre brev. I gjennomsnitt får vi snart berre eitt brev i veka. Det gjer at vi må tenkje nytt om korleis posttenestene våre skal sjå ut i framtida. Posten skal gjennom ei omstilling, og selskapet har vist fleire gonger at dei er gode på slike prosessar. Eg er oppteken av at Posten finn gode løysingar for sine tilsette, og eg forventar at dei aktivt involverer dei tilsette i arbeidet vidare, seier Gunaratnam.

Flytilbod i distrikta

Regjeringa foreslår å løyve 2,6 milliardar kroner til statleg kjøp av regionale flyruter i 2027. Løyvinga sikrar eit tilgjengeleg tilbod i områder der marknaden ikkje kan gi eit tilfredsstillande tilbod aleine. 

– For Arbeidarparti-regjeringa er det viktig at folk skal bu og leve gode liv i heile Noreg. Vi veit kor viktige FOT-rutene er for at folk i distrikta skal komme seg på jobb, til sjukehus og på fritidsreiser. Vi held fram med dagens flyruter, og ingen flyplassar skal leggjast ned, seier samferdselsminister Kamzy Gunaratnam.

Etter at maksprisane vart halverte i 2024, har etterspurnaden på FOT-rutene auka, og det har til tider vore vanskeleg å få plass på nokre flyavgangar. For å betre tilgangen til flyrutetilbodet for lokalbefolkninga, vil regjeringa no greie ut ei pilotordning for buplassrabatt i Lofoten og Vesterålen.