Statsbudsjettet 2027
Full momskompensasjon for frivilligheit og idrett også i 2027
Pressemelding | Dato: 07.10.2026 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Regjeringa innfrir lovnaden om full momskompensasjon også i 2027, og foreslår å auke momskompensasjonsordninga til frivillige organisasjonar med 171 millionar kroner til 3,25 milliardar kroner.
– Sidan Arbeidarpartiet kom i regjering, har vi kvart einaste år sørgt for full momskompensasjon til frivillige organisasjonar – som einaste regjering nokon gong. Det gjer vi også i år. På desse åra har vi auka ordninga med meir enn 1,4 milliardar kroner. Dette er pengar som går rett tilbake til små og store frivillige organisasjonar over heile landet, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap).
Momskompensasjonsordninga er enkel og ubyråkratisk og det er ikkje rapportering på bruk av midlar. Det gjer at frivillige lag og foreiningar kan bruke tida på å skape aktivitet framfor å bruke tid på administrasjon.
– Frivilligheita er limet i lokalsamfunna våre. Kvar dag legg tusenvis av frivillige ned ein innsats som skaper aktivitet og fellesskap for barn, unge og vaksne i heile landet. Med full momskompensasjon sørgjer Arbeidarparti-regjeringa for at meir av pengane blir verande ute i laga og foreiningane, der dei gjer størst nytte, seier Jaffery.
Regjeringa foreslår også å auke løyvinga til meirverdiavgiftskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg med 15 millionar kroner, til totalt 415 millionar kroner.