Fylkesnytt frå Møre og Romsdal 1/2026
Nyheit | Dato: 25.03.2026 | Landbruks- og matdepartementet
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal presenterer ei ny utgåve av Fylkesnytt, med fylgjande tema: Kartlegging av konsekvensane med nytt gjødselregelverk, husdyr som fundament i matproduksjonen, status for økologisk landbruk, jordvernstrategi i Volda kommune, opprydding etter stormen Amy og rekordhøg planteaktivitet.
- Kartlegging av konsekvensar med nytt gjødselregelverk
- Husdyr er fundamentet i matproduksjonen
- Status for økologisk landbruk i Møre og Romsdal
- Jordvernstrategi i Volda kommune – erfaringar som kan vere nyttige for andre
- Status etter stormen Amy – opprydding og situasjonen i skogen i Møre og Romsdal
- Mykje skogplanting – dårleg med stell
Kartlegging av konsekvensar med nytt gjødselregelverk
Den nye gjødselbruksforskrifta inneber mellom anna nye reglar for spreietidspunkt og spreiemengder. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har fått kartlagt korleis situasjonen er for gjødsellager, lagerkapasitet og spreieareal i fylket. Det er AgriAnalyse som har gjennomført undersøkinga, som er utført med spørjeskjema per e-post til alle som søkte produksjonstilskot i 2025. Over 30 % har svart.
Endringar i spreiefrist og spreiemengder
Siste frist for spreiing av husdyrgjødsel er no 15. september. Frå 2027 blir det i tillegg krav om at det anten skal haustast ei avling eller etablerast ny plantevekst etter siste spreiing. Kartlegginga syner at eit stort fleirtal har to slåttar. Det betyr at siste spreiing av husdyrgjødsel må skje etter førsteslåtten, som normalt skjer i juni. Det vil også bli meir begrensa kor mykje husdyrgjødsel som kan spreiast. Grensa på 3,5 kg fosfor per dekar vil gradvis bli redusert ned til 2,3 kg fosfor per dekar frå 2033.
Status for gjødsellager og lagerkapasitet
Undersøkinga viser at gjødsellagera er i god stand, men at omtrent halvparten vil få utfordringar med lagerkapasiteten frå neste år. Mjølkeprodusentar får størst utfordringar, medan sauebønder får minst. Fram mot 2033 vil i tillegg fleire måtte foreta tilpassingar på grunn av strengare fosforgrenser. Det er berre ein tredel som har svart at dei ikkje treng å gjere tilpassingar i drifta si fram mot 2033.
Behov for spreieareal
Undersøkinga viser at veldig mange har dyrkamark som dei ikkje har spreidd husdyrgjødsel på tidlegare. Areal kan ligge eit stykke unna driftssenteret, og er på grunn av lang transport berre blitt gjødsla med kunstgjødsel. Med strengare fosforgrenser blir meir av arealet nødvendig å bruke som spreieareal for husdyrgjødsel. Det medfører større tidsbruk, meir dieselbruk og meir dekkslitasje. I mange tilfelle blir det nødvendig med satelittlager for å spreie til riktig tid.
Kontaktperson: Per Eldar Nakken, tlf. 71 25 81 51, per.nakken@statsforvalteren.no
Husdyr er fundamentet i matproduksjonen
Husdyrdrifta ein viktig bærebjelke for matproduksjon, kulturlandskap og levande lokalsamfunn i Møre og Romsdal.
Husdyr er heilt avgjerande for landbruket i Møre og Romsdal. Fylket har natur som eignar seg svært godt til grovfôr og beite, og 97 prosent av all dyrka jord blir brukt nettopp til dette.
Landbrukskonferanse om temaet
I starten av mars arrangerte Møre og Romsdal Bondelag, Møre og Romsdal Bonde- og Småbrukarlag og Statsforvaltaren landbrukskonferansen «Husdyr – fundamentet i norsk matproduksjon» i Molde. Med over 180 deltakarar var det tydeleg at husdyrnæringa engasjerer breitt.
Utmarka – store ressursar og uforløyst potensial
Yngve Rekdal frå NIBIO løfta fram nøkkelrolla til utmarksbeite på konferansen. I Møre og Romsdal er 44 prosent av fylket, 6,4 millionar dekar, nyttbart beite. Areala kan gi om lag 43 millionar fôreiningar, der 13 av desse står uhausta. Det unytta potensialet er rekna til å ha ein verdi på 65 millionar kroner. Dette viser eit potensiale for å auke husdyrtalet i utmarka i Møre og Romsdal med om lag 68 prosent, utan risiko for overbeiting.
Lammetap og gjengroing
Tap av lam på utmarksbeite er ei av dei største utfordringane for å halde oppe tradisjonelle driftsformer. I 2025 var lammetapet i utmark 9,5 prosent, og året før 9,9 prosent (tal frå Organisert beitebruk). Jerv og gaupe står for ein stor del av tapa. Situasjonen er krevjande både for enkeltbruk og for driftsforma som heilskap.
Når færre dyr nyttar utmarka, aukar også gjengroinga. Det svekkjer beitekvalitet, biologisk mangfald og friluftsopplevingar. Behovet for jordvern gjeld difor ikkje berre den dyrka marka, men også dei mest verdifulle utmarksareala.
Beredskap, protein og sjølvforsyning
Husdyrhaldet i Møre og Romsdal spelar også ei viktig rolle i den nasjonale matberedskapen. Vi produserer nok kjøt og mjølk til sjølvforsyning for eiga befolkning, mens korn og grønt i mindre grad kan dyrkast her.
I internasjonal samanheng er protein ofte mangelvare. Våre grasetande husdyr kan nytte areal som ikkje kan brukast til matvekstar direkte, og gjere dei til næringsrike produkt. Grasetande husdyr produserer mjølk og kjøt som er viktige proteinkjelder.
Framtida ligg i god forvaltning av ressursane
Husdyr er ikkje berre ein del av næringsgrunnlaget i Møre og Romsdal, men ein grunnstein for berekraft, matsikkerheit, kulturlandskap og levande lokalsamfunn. Fylket har store naturressursar i form av beite og utmark, og korleis desse blir forvalta framover vil påverke både landbruket, naturmangfaldet og beredskapen i regionen.
Kontaktperson: Marianne Aas Halse, tlf. 71 25 84 22, marianne.halse@statsforvalteren.no
Status for økologisk landbruk i Møre og Romsdal
Regjeringa har fastsett ein ny nasjonal strategi for økologisk jordbruk fram til 2032. Dette er ei oppfølging av Stortinget sitt mål om at 10 prosent av jordbruksarealet i landet skal vere økologisk innan 2032.
I 2024 hadde Noreg om lag 4,3 prosent økologisk areal, medan same tal for Møre og Romsdal var 3,0 %. Vi har såleis ein veg å gå, og det krev ei jamn og målretta satsing for å nå ambisjonen.
Figuren nedanfor viser utviklinga for økologisk areal i fylket frå 2004 til 2024. Sjølv om den økologiske delen har variert i perioden, kan vi sjå at berre i underkant av 3 % av dyrka areal i drift har vore økologisk dei siste 15 åra.
Grafen nedanfor viser dei 15 kommunane i fylket med størst økologisk areal i 2024.
Dei kommunane som har mest økologisk areal er også blant dei med flest mjølkekyr og ammekyr.
I 2024 vart det gitt produksjonstilskot til 2 405 føretak i fylket. Av desse hadde 106 føretak økologisk produksjon.
Figuren nedanfor viser økologiske føretak fordelt på ulike produksjonar.
Møre og Romsdal er eit typisk grasfylke. Det betyr at landbruket i stor grad er basert på produksjonar som mjølk, ammeku, småfe og sal av grovfôr. Dette kjem tydeleg fram i oversikta over økologiske føretak i fylket.
Grafen viser at dei fleste økologiske føretaka driv med grovfôrproduksjon – totalt 79 føretak. Til samanlikning er det langt færre økologiske føretak innan frukt og bær (16), potet (7) og grønsaker (4). Dette understrekar at det økologiske landbruket i Møre og Romsdal i stor grad følgjer den same strukturen som det konvensjonelle landbruket.
Prosjekt for meir økologisk landbruk
I Møre og Romsdal er det oppretta ei økogruppe med representantar frå Statsforvaltaren, Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK), Norsk Landbruksrådgiving, Bondelaget, Bonde- og Småbrukarlaget og Økologisk Norge.
I 2025 vart Økogruppa innvilga tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune til prosjektet «Meir økologisk og miljøvenleg landbruk i Møre og Romsdal». Målet for prosjektet er å fremje økologiske metodar som er relevante for heile landbruket. Dette skjer ved å skape møteplassar for bønder og andre landbruksinteresserte, styrkje kunnskap og innovasjon, samt bidra til erfaringsutveksling og kunnskapsdeling.
Det er berre seks år til det nasjonale målet skal nåast, og fylket har potensial til å auke delen økologisk landbruk. For å bidra til 10 %-målet nasjonalt må Møre og Romsdal utnytte styrkane sine og arbeide systematisk med rådgiving, omlegging og marknadsbygging. Fylket har nødvendige kompetansemiljø som NORSØK, sterke husdyrmiljø og eit aukande fokus på berekraft. Dette gir gode føresetnader for vidare utvikling.
Kontaktperson: Andreas Lilleheier Aarset, tlf. 71 25 85 77, andreas.aarset@statsforvalteren.no
Jordvernstrategi i Volda kommune – erfaringar som kan vere nyttige for andre
Kommunestyret i Volda har vedteke ein kommunal jordvernstrategi som kan vere eit godt døme på korleis kommunar i Møre og Romsdal kan arbeide med jordvern.
Jordvernstrategien byggjer på nasjonale og regionale føringar, lokalt kunnskapsgrunnlag og innspel frå ulike aktørar. Strategien peikar på utfordringar og moglegheiter for jordvernet, og foreslår tiltak som kan styrkje omsynet til matjorda framover.
Prosess og involvering
Arbeidet med jordvernstrategien har vore gjennomført i ein brei prosess frå oppstart til vedtak. Volda kommune har arrangert både jordvernkonferanse og fagsamling for dei sju kommunane på Søre Sunnmøre. Det politiske nivået har vore involvert gjennom fleire arbeidsmøte med formannskapet og tenesteutvalet for forvaltning og utvikling.
Både plan- og bygningslova og byggesak er viktig for jordvernet
Strategien legg opp til ei sterk kopling mellom jordvern og plan- og byggesak, og viser korleis jordvernet er integrert i kommuneplanen sin arealdel og samfunnsdel. Konkrete tiltak og retningsliner skal sikre at jordbruksareal blir vurdert og sikra i alle relevante plansaker. Byggesak skal også innarbeide krav om vurdering av alternative løysingar og gjenbruk av matjord. Dette er eit viktig grep for å styrke jordvernet i praksis. I ein kommune med mange små, spreidde og bratte teigar er det avgjerande å sikre at dei beste areala blir brukt til matproduksjon, både for lokal verdiskaping og nasjonal matberedskap.
Kommunalt jordvernmål
Volda kommune har vedteke eit årleg jordvernmål på 6 dekar. Dei har teke utgangspunkt i kommunen sitt samla areal av dyrka jord, og berekna det opp mot det nasjonale jordvernmålet på 2 000 dekar og det regionale jordvernmålet på 100 dekar i Møre og Romsdal. Kommunen vurderer at det kommunale jordvernmålet er i tråd med både nasjonale og regionale føringar.
Arbeidet har også synleggjort utfordringar rundt leigejord og oppfølging av driveplikta. Desse er vidareformidla med ønske om etablering av jordleigebørs og eit nasjonalt digitalt verktøy for oppfølging av driveplikta.
Økonomisk støtte
Volda kommune har fått 150 000 kroner frå Landbruksdirektoratet til arbeidet med jordvernstrategien. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har bidrege med økonomisk støtte til lokal berekraftskoordinator, som har stått for gjennomføringa av arbeidet.
Kontaktperson: Tormod Meisingset, tlf. 71 25 84 04, tormod.meisingset@statsforvalteren.no
Status etter stormen Amy – opprydding og situasjonen i skogen i Møre og Romsdal
Stormen Amy gjorde stor skade i Møre og Romsdal i oktober 2025. Etter at ein fekk oversikt over skadane, har skogbransjen sett i gang eit omfattande oppryddingsarbeid.
Korleis ser det ut i skogen?
Vinteren har gitt gode forhold for arbeid i skogen, og Allskog, SB Skog og Nortømmer er i full aktivitet med å rydde opp etter stormen.
Samtidig har marknaden for tømmer blitt meir krevjande. Ein annan storm, Johannes, råka Midt-Sverige ved årsskiftet og førte til mykje større skadar enn Amy. Det betyr at det kjem mykje vindfalltømmer ut på marknaden på same tid, noko som diverre ikkje løfter prisane på tømmer. Likevel er prisane framleis på eit greitt nivå om ein samanliknar over år.
Kor mykje tømmer er skadd?
I Møre og Romsdal er det så langt innmålt mellom 35 000 og 40 000 kubikkmeter vindfelt skog etter stormen, eller om lag 10-15 % av det ein trur vart felt etter Amy. Det er sett inn 12–14 maskinlag for å ta unna arbeidet, og talet vil truleg auke utover våren.
Det meste av oppryddinga skjer i granbestand. Når det gjeld furu, kjem innmeldingane ofte frå område som er vanskelege å kome til. Mange skogeigarar har også valt å hogge noko sjølve, og Allskog har fått innmeldingar på rundt 12 000 kubikkmeter frå eigenaktive skogeigarar.
Støtteordningar og tiltak
Landbruksdirektoratet har sett i verk støtteordningar for å lette arbeidet, samt auka tilskotspotten i fylket med tilsaman om lag 6 mill kroner i 2025 og 2026. Mellom anna skal det byggjast rundt 7 kilometer ny skogsbilveg for å kome til dei skadde områda. Det er også innført eit tilskot for hogst av furu i bratt og vanskeleg terreng.
Sjølv med støtteordningar krev oppryddinga store investeringar frå skogeigarane. Likevel er interessa for å hogge og rydde opp stor, og skogaktørane melder om stor pågang.
Utfordringar framover
Ei av dei største bekymringane er korleis ein skal få rydda skog som ligg i bratt terreng der maskiner ikkje kan brukast. Mykje skog ligg høgt eller langt frå veg, og nokre plassar må ein bruke taubane. Samstundes gir vindfalltømmer lågare prisar enn vanleg tømmer, noko som gjer økonomien endå meir krevjande.
For å sikre at skogen blir rydda og at områda kan brukast til produksjon igjen, er det viktig at støtteordningane held fram og at det blir lagt til rette for meir taubanedrift.
Kontaktperson: Åsmund Asper, tlf 71 25 84 07, asmund.asper@statsforvalteren.no
Mykje skogplanting – dårleg med stell
I 2025 blei det planta over 6 000 dekar skog i Møre og Romsdal. Ein må tilbake til 1997 for å finne tilsvarande nivå. Det blei gjennomført ungskogpleie på litt over 3 000 dekar.
Rekordhøg planteaktivitet
Meir enn 1,3 millionar skogplanter blei sett ut i fylket i 2025. 98 prosent av plantene var gran, resten var hengebjørk og furu. Totalt blei 6 067 dekar planta. Surnadal kommune stod for 999 av desse.
Rundt 80 prosent av plantene blei sette ut av entreprenørar, medan skogeigarane sjølve stod for resten. På slutten av 1990-talet var det framleis ein del skogreising, men det har vore lite av det etter år 2000.
I dag blir det i hovudsak planta tre år etter hogst av barskog. I Møre og Romsdal ventar vi gjerne så lenge for å redusere skadar frå gransnutebilla. Då er hogstavfallet mindre attraktivt som næring, og bestanden av biller går tydeleg ned.
Plantar vi nok?
Etter granhogst vert det normalt planta. Forynging av furu skjer gjerne med frøtre. Sjølv om det er lovpålagt å plante etter hogst, har vi ikkje full oversikt over kor mykje areal som faktisk blir avverka, og dermed kor mykje som må plantast.
I Møre og Romsdal er 80–100 prosent av det årlege hogstarealet forynga dei siste åra.
I perioden 2016–2021 låg talet langt lågare, berre 50–60 prosent. Vi har altså eit stort etterslep, der det no veks krattskog på høgproduktive areal.
For lite ungskogpleie
Ungskogpleie inneber å fjerne tre som hemjar veksten til dei trea ein ønskjer å satse på, og å regulere talet på tre for å sikre god kvalitet og produksjon i framtidsskogen.
I 2025 blei det utført ungskogpleie på 3 198 dekar, om lag halvparten av det som blei planta. Erfaring viser at eit planta areal treng ungskogpleie 1–2 gonger for å gi optimal skogskjøtsel. Det betyr at behovet i 2025 eigentleg var minst tre gonger så stort som det som blei gjennomført.
Arealet med utført ungskogpleie har auka svakt dei siste åra, og ein håpar at meir planting vil gi auka aktivitet framover. Likevel er behovet stort, og etterslepet omfattande. Omtrent halvparten av ungskogpleia blir utført av entreprenørar.
Skogpådrivarar gir resultat
Bruk av skogpådrivarar – fagpersonar som går gjennom skogen saman med skogeigar og peikar på naudsynte tiltak – har vist seg svært effektivt for å auke aktiviteten.
Eit godt døme er Vestnes kommune, som leigde inn ein skogpådrivar i fjor. Det førte til at arealet med ungskogpleie blei fire gonger større enn året før.
Mange skogeigarar har i dag eit meir perifert forhold til eigen eigedom enn tidlegare og difor er fagleg rettleiing viktig.
Låg kostnad – høg framtidsverdi
I 2025 kosta det i snitt 8,75 kroner å plante ei skogplante, inkludert både plantekostnad og arbeid. Å plante eitt dekar kosta i snitt 1 886 kroner.
Tilskot dekte 29 prosent av kostnaden, medan resten blei finansiert med skogfond og eigne midlar.
Ungskogpleie kosta i snitt 594 kroner per dekar, og 55 prosent av dette blei dekt av tilskot.
Kostnadene ved forynging og ungskogpleie er moderate, særleg når ein tek omsyn til tilskot og bruk av skogfond. Tiltaka legg grunnlaget for ein skog som gir betre vekst, høgare kvalitet og større økonomisk avkasting i framtida.
Kontaktperson: Odd Løset, tlf 71 25 84 08, odd.loset@statsforvalteren.no