Fylkesnytt frå Rogaland 1/2015

Fylkesmannen i Rogaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om eit stabilt i jordbruk i Rogaland.

Stabilt i jordbruket i Rogaland

Landbruksføretak i Rogaland fekk utbetalt til saman 546 millionar kroner i produksjonstilskot no i februar. Dette er 8 millionar kroner mindre enn det som blei utbetalt i februar 2013. Målt i tilskot er difor rogalandsjordbruket ganske stabilt.

Sau med lam. Foto: Arne Jostein Lyshol

Produksjonstilskot blir utbetalt i februar på grunnlag av søknadsdata pr. 31. juli året før. For dei siste søknadsomgangane har det vore små endringar i Rogaland. Sum utbetalt produksjonstilskot i februar 2015 er om lag 1,5 prosent lågare enn det som blei utbetalt i februar 2013. Utbetalt produksjonstilskot til husdyr er auka med 1 millionar kroner, noko som utgjer om lag 1 prosent auke. Det er tilskot utbetalt til dyr på utmarksbeite som har auka mest i Rogaland, totalt blei det utbetalt 4 millionar kroner meir i 2015 enn i 2013 (9 prosent auke). Elles viser tala at utbetalt kulturlandskapstilskot har gått ned med om lag 3 millionar kroner frå 2013 til 2015 (2 prosent reduksjon). 

Elles ser vi at trenden med nedgang i talet landbruksføretak som søkjer produksjonstilskot held fram. Frå 2012 til 2014 er talet på søknader om produksjonstilskot gått ned frå 4 348 føretak til 4 213 føretak, ein nedgang på om lag 3 prosent. 

 

Tal føretak som har søkt på ulike dyreslag pr. 31. juli

 

2012

2014

Endring

Prosent

Mjølkekyr

             1 463

             1 335

               -128

-8,7

Ammekyr

                 718

                 699

                 -19

-2,6

Søyer over 1 år

             2 561

             2 563

                     2

0,1

Avlspurker

                 289

                 263

                 -26

-9,0

Verpehøner

                 265

                 279

                   14

5,3

Slaktekyllinger

                   72

                   74

                     2

2,8

 

 

Sum tal dyr ført opp i søknad pr. 31. juli

 

2012

2014

Endring

Prosent

Mjølkekyr

           41 984

             40 108

              -1 876

-4,5

Ammekyr

             8 553

               9 266

                   713

8,3

Søyer over 1 år

         173 220

           177 536

               4 316

2,5

Avlspurker

           13 791

             13 302

                 -489

-3,5

Verpehøner

     1 121 336

       1 126 095

               4 759

0,4

Slaktekyllinger

     1 594 804

       1 900 180

           305 376

19,1

Kyr på beite på Nordvarhaug. Foto: Arne Jostein Lyshol

Kontaktperson: Sissel C. Endresen, tlf. 51 56 89 60.

Tømmersal for Dummies

For mange nye skogeigarar i skogreisingsstrok er mangel på nøytral rettleiing ei stor utfordring. Hogst lenge før skogen er hogstmoden og missnøgde skogeigarar er ofte resultatet. Dette har Rogaland skognæringsforum tatt tak i.

Brosjyren «Tømmersalg for Dummies» er mynta på alle nye skogeigarar som treng litt informasjon om kva dei bør vere særleg merksame på ved eit tømmersal. Rogaland skognæringsforum sender i desse dagar ut brosjyren og to av Skogkurs sine resymé, Tap tidlig hogst og Skogfond, til 500 skogeigarar, saman med eit brev der skogeigarane inviterast til eit innføringskurs i skogbruk til rabattert pris. Skognæringsforumet ser på dette som ein måte å nå ut til skogeigarar som ikkje er ein del av det tradisjonelle skogbruksmiljøet.

Tidleg hogst og missnøgde skogeigarar

Bakgrunnen for startpakka er at det har vore mange tilfelle med for tidleg hogst og tilfelle med skogeigarar som er missnøgde etter at hogst har blitt gjennomført. Skogeigarane veit kanskje ikkje alltid kva som er viktig å tenkje på ved eit tømmersal, og dei kjenner ofte heller ikkje til den gunstige skogfondsordninga, eller at det ofte lønner seg økonomisk å byggje veg i forkant av drifta. Då er det bra å gi dei eit lite hint om dette, slik at dei veit kva slags informasjon dei skal spørje etter når tømmeroppkjøparen kjem. Det er samtidig blitt mindre kompetanse og ressursar på skog i kommunane, og dermed vanskeleg for skogeigarane å få nøytral rettleiing.

Brosjyre: Tømmersal for Dummies. Foto: Gerd Inger Aarnes

Aktivt skogbruk

Aktivt Skogbruk skal halde innføringskurs i skogbruk i starten av mars. Kurset passar for dei som er heilt nybegynnarar eller som føler at dei treng å vite litt meir om korleis dei skal få mest mogleg ut av skogeigedommen sin.

Tømmersalg for dummies er eit lettlese lite hefte med korte tekstar og figurar. Brosjyren er blitt produsert for å gi skogeigarar med lite kunnskap om og lite erfaring med skogbruk litt starthjelp, slik at dei får mest mogleg ut av skogen sin. Poenget med heftet er å gjere skogeigarane klar over kva dei bør vere obs på under eit tømmersal, ikkje at dei skal bli ekspertar på skogbruk. Brosjyren kan lastast ned gratis og skrivast ut på skognaringsforum.no

Kontaktperson: Lars Slåttå, tlf. 51 56 89 70

Samspel mellom biogass og naturgass i felles røyrnett

Om den tradisjonelle olje- og gassnæringa har sine nedturar om dagen, kan det henda vi no står i startgropa for auka verdiskaping innan produksjon av biogass i Rogaland.  Vi har svært gode føresetnadar, både i form av ressursar og infrastruktur. Og kundegrunnlaget burde vere godt. 

Ressursgrunnlaget i Rogaland for produksjon av biogass er svært godt. Truleg finn vi dei største ressursane i husdyrgjødsla, men saman med matavfall, slakteavfall og anna organisk næringsavfall er det berekna potensialet for produksjon av biogass i Rogaland om lag 0,6 TWh. Og det er naturleg å sjå til region Jæren. 

På Jæren ligg både gardsbruka og gassrøyra rimeleg tett, noko som gir eit godt utgangspunkt for å transportere rågass i staden for husdyrgjødsel, gjennom etablerte gassrøyrleidningar. Dette kan vere leidningsnett som i dag nyttast som rågassnett for transport av deponigass, og Lyse sitt nett for transport av naturgass frå Nordsjøen. 

Fig.: Biogassanlegg. Ill.: Fylkesmannen i Rogaland.

Pilotanlegg

Allereie i år kan vi få etablert eit pilotanlegg med ein høgrate biogassreaktor på eit gardsbruk i Klepp. Denne reaktoren skal drivast berre på lokalt tilgjengeleg husdyrgjødsel. Og anlegget kan skilje ut våt- og tørrfraksjonane på garden. Den produserte rågassen sendast inn på eit røyrleidningsnett og til eit «felles» oppgraderingsanlegg. Etter oppgradering kan gassen fasast inn i naturgassnettet. Oppgraderinga er ein føresetnad for at gassen skal kunne brukast som drivstoff. 

Nytt biogasselskap

I Rogaland samarbeidast det om å utnytte biogasspotensialet. Etablerte bedrifter som IVAR (vatn, avløp og renovasjonsselskap) og Lyse Neo AS er allereie inne i gassmarknaden og blir no med som aksjeeigarar i eit biogasselskap som arbeider med pilotanlegget på garden i Klepp og som har vidare vekstplanar. Vidare er også Felleskjøpet Rogaland Agder med på eigarsida og Rogaland fylkeskommune. 

Biogjødselanegg på Hå. Foto: Lars Slåttå

Fylkespolitikarane har vedteke å gå inn med vel 1 million kroner i det nye biogasselskapet. Truleg ligg det vidare intensjonar om at fylkeskommunen sitt kollektivselskap Kolumbus AS etter kvart kan bli ein storkunde av grøn biogass – og med det gi eit positivt bidrag til klimautfordringa. 

Kontaktperson: Geir Skadberg, tlf. 51 56 89 64.

Med planar og kompetanse skal skogsvegar byggjast

Det er stort behov for vegbygging  i rogalandsskogane. Vegdekninga er berre halvparten av landsgjennomsnittet. No skal kommunale hovudplanar for skogsvegnettet og eigne vegplanleggjarar få fart på både planarbeid og realisering av vegane. 

Heilt sidan starten i 2008 har Kystskogbruket jobba med å få på plass ein hovudplan veg i alle kommunar med næringsmessig tilgang på skog. Ein hovudplan for skogsvegar i kommunen gir både behovsoversikt og eit høve for å prioritera dei viktigaste vegane først. Det praktiske arbeidet med registrering og kartfesting av eksisterande vegar og planlegging av nye, framtidige vegtrasear er no på det næraste ferdig i fleirtalet av kommunane. Det står att å skrive sjølve planen og leggje denne fram for politiske organ i kommunen. 

Traktorveg, Egersund. Foto: Lars Slåttå

Kompetansebehov

Skogsvegbygging i til dels krevjande terreng krev solid kompetanse innan både planlegging, prosjektering og oppfølging under bygging. Det er for tida lite slik kompetanse i dei fleste kommunane. Fylkesmennene i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland har difor gått saman i eit treårig prosjekt og engasjert to vegplanleggjarar. Desse skal i første omgang bruka noko ressursar på å hjelpa kommunane med å ferdigstille dei kommunale skogsvegplanane. Samstundes og i etterkant av dette arbeidet skal vegplanleggjarane driva ordinær vegplanlegging, både områdeplanlegging og prosjektering. 

Skogsbilveg i Suldal. Foto: Lars Slåttå

Interesse for vegbygging

Første prosjektåret viser at det er stor interesse blant skogeigarane for veginvesteringar når dei berre får profesjonell hjelp til behovsanalysar og planlegging. Samstundes viser det seg at det i mange område er stor mangel på oppdaterte heildekkande skogdata, noko som er til stort hinder i arbeidet. Elles er det ei utfordring med store reiseavstandar til delar av prosjektområdet når tre fylke skal samarbeida om felles arbeidsressursar. 

Kontaktperson: Stein Bomo, tlf. 51 56 89 72.

Fokus på trebasert bioenergi i energifylket Rogaland

Rogaland er energifylke nummer éin, men på bioenergi er vi ennå små. Det er stor konkurranse om energileveransar i fylket. Det velprøvde og trygge vinn gjerne over det nye og usikre. Bioenergikonferansen på Øksnevad vgs. ville endre desse haldningane. 

I dag produserer Rogaland om lag 30 GWh frå trebasert bioenergi, medan målet er 200 GWh innan 2020. Råvarer for å nå dette målet har fylket nok av. Den årlege tilveksten i rogalandsskogen er om lag 486 000 kubikkmeter, medan uttaket berre er 125 000 kubikkmeter. Flisleverandørar i fylket seier at dagens flisproduksjon relativt enkelt kan firedoblast dersom behovet er der. Fylket treng ein pådrivar og eit godt fungerande nettverk for å drive arbeidet vidare framover. 

Fyrkjelen på det trebaserte bioenergianlegget på Øksnevad vgs. Foto: Kari Sand

Konferanse med fokus på trebasert bioenergi

Nyleg arrangerte Fylkesmannen saman med KS, Innovasjon Norge og Rogaland fylkeskommune ein konferanse på Øksnevad vidaregåande skule der trebasert bioenergi blei sett på dagsorden. 70 frammøtte personar frå mellom anna 12 kommunar fekk høyre at det med god planlegging og oppfølging kan vere bra driftsstabilitet og økonomi i bioenergi. Vidare fekk tilhøyrarane gode eksempel både frå eige og andre fylke. 

Levanger kommune, som dekker heile 45 prosent av varmebehovet i eigne bygg med bioenergi, fortalde korleis dei hadde lukkast. Langsiktig planlegging og driftsavtalar var viktige stikkord. Frå utbyggjarsida fortalde Nærenergi AS om kvifor og korleis trebasert bioenergi blei valt som energikjelde for oppvarming av eit større bustadområde i Sandnes.   

Full fokus på bioseminar. Foto: Kari Sand

Rogaland treng ein motor

Trass i at vi i Rogaland er små på bioenergi, skjer det mykje positivt, noko konferansen også viste. Det har over tid vore pådrivarar både i det offentlege og i næringa som har gjort eit målretta  arbeid det no blir hausta av. Ei klår tilbakemelding frå forsamlinga var at det er viktig å komme saman for å høyre gode eksempel, og at det er behov for fleire møtepunkt og nettverk mellom sentrale aktørar for å lukkast med målet om auka bruk av trebasert bioenergi i Rogaland. 

Vidare blei det sagt at fylket treng ein motor som kan drive arbeidet vidare framover, og at denne motoren ikkje er der i dag. Det blir viktig for arrangørane av konferansen å følgje dette opp. 

Kontaktperson: Knut Harald Dobbe, tlf. 51 56 89 61.

Langsiktig grense for landbruk på Jæren blir utfordra

Forslag til nye kommuneplanar på Jæren set den langsiktige grensa for landbruk under press. Behovet for areal til bustader kolliderer med behovet for areal til auka matproduksjon. 

Hovudmålet for Regionalplan for Jæren er å legge til rette for samordna areal- og transportplanlegging og sikre verneinteressene i den viktige jordbruksregionen Jæren.  «Langsiktig grense  landbruk» og «kjerneområde landbruk» er eit hovudgrep i planen. Ved godkjenning av regionalplanen første gong i Kongeleg resolusjon 4. mai 2001 uttalte regjeringa at ”De langsiktige grensene for landbruk er å betrakte som nasjonale føringer som skal gi vern om arealressursene og forutsigbarhet for næringen”

Langsiktig grense landbruk og kjerneområde landbruk ligg fast etter at Regionalplanen blei revidert i 2013. Langsiktig grense har undervegs blitt detaljavklart, vist og implementert i alle ti kommuneplanane i planområdet. Regionalplanen har ein tidshorisont fram til 2040, og ein føresetnad er at langsiktig grense landbruk skal vere ei varig grense. 

Røyneberg i Sola kommune. Foto: Nomo Dimby/Sola kommune

Kommuneplanar set langsiktig grense landbruk på Jæren under press

Mange kommuneplanar  på Jæren har den siste perioden vore ute til offentleg ettersyn. Dyrka jord og langsiktig grense landbruk blir kraftig utfordra, berre 15 år ut i regionalplanens virkeperiode.  Sola kommune har føreslått fire nye bustadområde på til saman 120 dekar som direkte er i strid med regionalplanen. Bustadområda er lokalisert i kjerneområde landbruk på landbruksida av langsiktig grense. Både Rogaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Rogaland har fremma motsegn til forslaga. 

Stavanger kommune utfordrar også i sin kommuneplan viktige næringsområde for landbruk  med føreslåtte nye bustadområde. Lengre sør på Jæren, i Time kommune, tok Kommunal- og moderniseringsdepartementet nyleg ei areal- og transport- og jordvernmotsegn frå Fylkesmannen i Rogaland til følgje. 270 dekar jordbruksareal sett av til bustadområde blei tatt ut i interkommunal kommunedelplan for det såkalla Bybandet sør. 

Jæren viktig for å auka nasjonal matproduksjon og oppfylla jordvernmåla

Rogaland har tradisjonelt vore i «landstoppen» blant fylka som omdisponerer mest dyrka jord i landet. For å nå nasjonale jordvernmål er det sentralt at omdisponering av dyrka jord blir redusert i Rogaland og på Jæren. Regionalplanen med sine langsiktige jordverngrep skal vere eit viktig verktøy for å bidra til dette. 

Det er  urovekkande at langsiktig grense landbruk, som skal sikre matjorda på Jæren og gi investeringstryggleik og føreseieleg tilgang på areal for matproduksjon, allereie no blir utfordra fleire stader. Alle kommunane på Jæren har ein kraftig folketalsvekst. Det blir avgjerande at størsteparten av denne veksten skjer gjennom fortetting og ved bygging på uproduktiv mark slik regionalplanen føreset, til dømes i Sandnes aust.  

Kontaktperson: Knut Harald Dobbe, tlf. 51 56 89 61. 

Samordna nettsatsing

Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

Om Fylkesmannen

Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir følgd opp. På vegne av fleire departement utfører Fylkesmannen ei rekkje forvaltningsoppgåver ovanfor kommunar og enkeltpersonar, er klageinstans og fører tilsyn.