Stopp i behandling av investeringsmidlar (IBU) i Rogaland

Innovasjon Norge opplyser om rekordstor etterspurnad etter investeringsmidlar i Rogaland for 2025. Landbrukspartnarskapet blei tidleg samde om at Innovasjon Norge førebels måtte seie stopp for andre saker enn mjølk. Berre til mjølkefjøs er det kome inn søknadar til å kunne bruke opp heile den lokale ramma også for 2026. Situasjonen er heilt ekstraordinær, sjølv med dei ekstra midlane frå revidert statsbudsjett.

17 mjølkeprosjekt på vent til 2026

Etter tilgang på del frå nasjonal pott, og dei nemnte ekstra midlane gjennom statsbudsjettet, er det i Rogaland løyvd 155 mill. kroner i investeringsmidlar til 37 mjølkeprosjekt i 2025. Men framleis er det 17 mjølkeprosjekt som er på vent, med ein prognose for samla søknad på 80 mill. kroner. For å kome i mål med lausdriftskravet i 2034 for storfe, og om alle skal vere med vidare, må det byggjast om lag 40 nye mjølkefjøs i året. Og ein stor del av desse er bruk i distrikta med under 30 mjølkekyr. I tillegg kjem alle bruk med storfe som ikkje har drift med mjølk.

Kva med andre dyreslag enn mjølk?

For 2025 er det løyvd 20,8 mill. kroner til anna enn mjølkeprosjekt til det som går under tradisjonelt landbruk. Rogaland er eit særs viktig husdyrfylke, og vi blir tildelt berre om lag 8 % av den nasjonale IBU-potten. Det regionale landbrukspartnarskapet har derfor gjennom alle år hatt ei streng prioritering av investeringsmidlane for å oppretthalde dyrehaldet, det gjeld både kven som får støtte og utmåling av støtte. Vi har ikkje kunne prioritert nybygg til svin dei siste 10 åra, samstundes som vi har 30 prosent av svinehaldet i landet. Vi har dei tre siste åra prioritert noko midlar til finansiering for omlegging til SPF-besetning, der satsen for 2025 er inntil 500 000 kr. Dette er viktige virkemidlar for å få til ei områdesanering – noko som er nødvendig m.a. ut frå kort avstand mellom svinebesetningar i enkelte delar av vårt fylke. Mange svinebygg er eldre enn 20 år, og vi kan vanskeleg oppretthalde dagens svinenæring utan bidrag frå IBU-midlar. 

Rogaland er også det største sauefylke i landet med om lag 200 000 sau. Det er også her blitt eit stort etterslep i investering i driftsapparat. Landbrukspartnarskapet har gjennom fleire år ikkje prioritert støtte investeringar til nybygg for sau, særleg grunna marknadstilhøve. Men vi har dei siste 2-3 åra opna opp for noko støtte. Då med klar prioritet av distrikta, og under føresetnad at det skal være nødvendige investeringar innafor eksisterande dyretal og av omsyn til dyrevelferd.

Som venta i eit stort husdyrfylke som Rogaland er det nå konkrete planar om større biogassanlegg. Saman med nytt regelverk for husdyrgjødsel, gir dette stort investeringsbehov for nye gjødsellager. Vi har pr nå 65 investeringssaker på vent som ikkje direkte gjeld nye mjølkefjøs, dette inkluderer gjødsellager og tilleggsnæringar.

Det vil bli eit krevjande møte i partnarskapet 17. september, då vi aldri har stått føre så store utfordringar når det gjeld prioritering av ein avgrensa pott med IBU-midlar. Samstundes må vi vere glade for at det er investeringsvilje i næringa.

Organisert beitebruk gir verdifull utnytting av utmarka!

sauer på veg ned frå heia
All sau skal heim! Foto: Hanne E. Herrebrøden

Nå på seinsommaren er det tid for å hente sau og lam heim frå fjellet. I Rogaland – og i delar av Agder, blir det slept over 100 000 sauer og lam til fjells gjennom ordninga organisert beitebruk.

Ordninga har røter tilbake til 1970, og blei etablert for å sikre betre utnytting av utmarka, styrke dyrevelferda og redusere tap av dyr. Her får beitelaga tilskot for å organisere tilsyn og sanking av dyr på utmarksbeite. Ordninga legg til rette for samarbeid mellom beitebrukarar og gir betre oversikt over dyr i utmark. I ei tid med nedgang i tal bruk med sau, er ordninga absolutt like aktuell og viktig i dag, som ho var då ho blei innført.  

Økonomisk verdi av utmarksbeite

NIBIO og Norsk Sau og Geit har berekna den årlege verdien av utmarksbeita til å vere om lag 1 milliard kroner på landsbasis fordelt på rundt 2 millionar beitedyr. Dette gir ein gjennomsnittleg verdi på ca. 500 kr per dyr per sesong, eller om lag 6,50 kr per dyr per dag over ein beiteperiode på 75 dagar.

Med dette som grunnlag, kan ein rekne ut verdien av utmarksbeite for dei 40 901 vaksne sauene som blei sleppt til fjells i 2024: 40 901dyr × 75 dagar × 6,50 kr. Det utgjer ein estimert verdi på omlag 19,9millionar kroner i løpet av beitesesongen.

sauer til heis og fjells
Sauer på veg ned frå hei og fjell Foto: Hanne E. Herrebrøden

Trass i nytten, er det nedgang i tal aktive medlemar i beitelag i Rogaland. I 2019 var det 717 medlemar, medan talet i 2024 var 650. Samstundes har talet på sau gått ned med om lag 3 000 dyr, men denne nedgangen er meir varierande frå år til år. Det er verdt å merke seg at nedgangen i medlemstal er større enn nedgangen i talet på dyr. Det betyr færre folk til å følgje opp dyra, og gjer at hjelpemiddel som elektronisk sporing blir stadig viktigare for å sikre tilsyn og dyrevelferd i fjellet.

Genuin interesse for kyr

gardsbesøk i kufjøs
Jæren yong cowboys på gardsbesøk. Foto: Marie Dyngeland

Rekruttering til landbruksnæringa er viktig av omsyn til sjølvforsyning og beredskap. Nå går fleire unge inn i landbruksnæringa i Rogaland, og ungdomsforeininga Jæren Young Cowboys har betydd mykje for at det er eit stort engasjement for mjølkeproduksjon.

Foreininga blei starta av unge mjølkebønder og eldsjelar i 2011, og har vakse godt. I dag har dei om lag 80 medlemmar. Målet til Jæren Young Cowboys er å skape eit miljø for kuinteresserte ungdomar mellom 15 og 35 år. Dei lagar møtestadar kor dei får kjenne på eit fellesskap og får ny kunnskap, t.d. fagkveldar og bedrifts-/gardsbesøk. Det er viktig for Jæren Young Cowboy å kunne utfordre innarbeida rutinar.

På dagsordenen er til dømes Klar for å blir brunst! Sheriff i eget fjøs , kalv – kalvestell – tilvekst, mønstring, kusignal, beiting, bygningar, dyrehelse, bedriftsbesøk, vidareforedling, og jord og gjødsel». Fagkveldane er ofte lagt til Øksnevad vgs eller på Landbruksparken på Særheim, og er gjerne i samarbeid med GENO, Norsk landbruksrådgiving, varemottakarar, leverandørar og veterinærar.

Foreininga er oppteken av kva som skal til for at dei unge går inn i næringa. Dei seier at mykje handlar om økonomi og det å halde produksjonsinntekter oppe og driftskostnader nede. Det betyr at faktorar som påverkar økonomien til bonden, så som marknadsprisar, tilskotspolitikk, auka kostnader, gjeld og likviditet, er viktig for ungdommane.

Andre forhold som medlemmane er opptekne av, er tryggleiken til bonden. Velferdsordningane har spesielt mykje å seie for unge familiar. Mange unge som tar over gardsbruk må til med store investeringar og opparbeider seg mykje gjeld, og dette spelar inn på den psykiske helsa. Klart ungdommane er opptekne av dette.

Innstramming av spreiefrist for husdyrgjødsel

Statsforvaltaren i Rogaland har framlegg til ny lokal forskrift om spreiefrist for husdyrgjødsel på høyring. Med ny nasjonal gjødselbruksforskrift fekk Rogaland to ulike spreiefrister for organisk gjødsel, 1. september for kommunane på Jæren og 15. september i resten av fylket.

Statsforvaltaren i Rogaland foreslår av omsyn til vassmiljø å ha 1. september som lik spreiefrist for heile fylket med unnatak av øykommunane Utsira og Kvitsøy.  

Omfattande husdyrproduksjon gjer at Rogaland er fylket i Noreg med størst press på spreieareal for husdyrgjødsel. Store mengder husdyrgjødsel skal spreiast forsvarleg i vekstsesongen kvart år. Jordbruksdrift kan føre til avrenning av næringsstoff, organisk materiale og jordpartiklar. Diffus avrenning av næringsstoff til vassdrag, særleg etter spreiing av husdyrgjødsel er eit av dei største ureiningsproblema frå jordbruket i Rogaland. I fylket er det mange jordbrukspåverka vassdrag som ikkje oppfyller mål i vassforskrifta om godt vassmiljø. Desse ligg ikkje berre på Jæren. Rogaland har også ei rekke vassdrag i god økologisk tilstand, men som er sårbare for auka påverknad etter gjødsling. Meir nedbør kan på sikt auke faren for ei forringa økologisk tilstand i desse vassdraga. Nokre av desse vassdraga har sårbare artar som til dømes elvemusling. Førekomsten av elvemusling har gått sterkt tilbake dei siste tiåra. Den er nå på raudlista over trua artar. Noreg er i dag det viktigaste området for elvemusling i Europa. Næringsstoff som nitrogen og fosfor, samt utslepp av organisk stoff, verkar negativt på elvemuslingen grunna aukande eutrofiering.

Statsforvaltaren vurderer at ei lokal forskrift for spreiing av organisk gjødsel gir få endringar frå tidlegare gjødslingspraksis og tidlegare regelverk. Dei praktiske og økonomiske konsekvensane av ei lokal forskrift er difor liten. Under normale tilhøve er det gode føresetnader for å spreie husdyrgjødsla innan 1. september. Lik spreiefrist i nesten heile fylket vil òg gje ei klar fordel for forvaltinga. God forvaltning og bruk av gjødselressursane er viktig både god agronomi og godt vassmiljø.

Foryngingsplikten – nye tiltak og ekstra innsats

Skogen i Rogaland bidrar stadig mindre til det grønne skiftet. Manglende investeringer i ny skog, skjøtsel og avskoging over lang tid gir store utslag.  Statsforvalteren i Rogaland har derfor sett på nye måter å jobbe på, og har prioritert ekstra ressurser for å prøve å snu utviklingen i en mer bærekraftig retning.  

Bakgrunn 

Tallene for Rogaland viser at vi har gått fra oppbygging til nedbygging av skogressursene i fylket (figur 1). Det skjedde noe rundt 2000. Det er ofte høgproduktive skog­areal med den beste skogen som enten blir omdisponert eller står uten aktive foryngingsstiltak.

Figur 1. Utvikling av hogst, planting og ungskogpleie 1994–2024
Figur 1. Utvikling av hogst, planting og ungskogpleie 1994–2024

Skogen i Rogaland bidrar stadig mindre til det grønne skiftet. Manglende investeringer i ny skog, skjøtsel og avskoging over lang tid gir store utslag.  Statsforvalteren i Rogaland har derfor sett på nye måter å jobbe på, og har prioritert ekstra ressurser for å prøve å snu utviklingen i en mer bærekraftig retning. 

Figur 2. Sammenstilling av resultatkartlegging 2011–2024.
Figur 2. Sammenstilling av resultatkartlegging 2011–2024.

Resultatkartleggingen (sammenstilt i perioden 2011-2024) viser at nærmere 50 prosent av skog­arealet står uten aktive tiltak etter hogst, eller blir omdisponert – i hovedsak til jordbruksformål (figur 2). Ønske om innmarksbeite er den største omdisponeringsårsaken, men treårskontrollen viser at 21 prosent av omdisponeringsarealene fortsatt har status som uavklart/ikke godkjent. Det er derfor grunn til å stille spørsmål til hvorvidt dette er reelle omdisponeringer.

Analyse av hogst- og planteareal viser samme trend. De siste 10 årene har det blitt nyplantet 1500 dekar årlig etter barskoghogst. Årlig hogstareal etter barskog i samme periode har vært 3200 dekar. Dette gir en foryngingsgrad på 47 % i 10-årsperioden. Naturlig foryngelse er i liten grad et alternativ på våre høgproduktive areal langs kysten.

Nye tiltak og ekstra innsats 

Bekymring for denne trenden i Rogaland gjorde at vi Statsforvalteren har prioritert ekstra ressurser til oppfølging av foryngings­plikten og spesielt kontrollarbeidet. Alle hogster på over 250 kubikkmeter fra tidligere foryngingskontroller mellom 2013 og 2020, totalt 450 hogster er kartlagt og gjennomgått. Hogstene ligger i aldersspennet 4 – 12 år gamle. Det er gjennomført møter med alle kommuner og skogansvarlige for å verifisere funn/status. I tillegg har det blitt satt en oppfølgingsdato av kommunen på alle avvik i løpet av 2025

Funn 

Våre funn viser at svært mange av foryngingskontrollene ikke har blitt fulgt opp og sluttført av kommunene. Gjennomgangen viser et avvik på 50 % - 225 av 450 hogster i perioden 2013-2020.

Omdisponeringshogster utgjør 60 % av alle hogstene (270 av 450 hogster). 60 % av disse er godkjent (162 hogster). 40 % er fortsatt ikke avklart/godkjent omdisponert (108 hogster).

Foryngelseshogster utgjør 40 % av alle hogstene (180 av 450 hogster). 35 % av disse er tilplantet og i orden (63 hogster). 65 % står fortsatt uten aktive tiltak/ikke tilplantet (118 hogster).

Vi fant også en rekke hogster som var satt til OK i systemet (ØKS), men som etter gjennomgang ikke var i orden.

Resultatene er ikke uventet ut fra den utviklingen vi har sett lenge. Møtene og dialogen med alle kommunene har avdekket at kommunene har svært lite skriftlig dokumentasjon, og lite eller ingen loggføring av oppfølgingstiltak i ØKS. Mye er basert på muntlig informasjon. Det er et klart behov for bedre rutiner i kommunene på området.

Videre oppfølging

Vi holder fram med å følge opp kommunene, og forventer at de følger opp og får lukket flest mulig avvik. Vi har utarbeidet en rutinebeskrivelse for god og tidlig oppfølging av foryngelsesplikten som kommunene kan bruke.

Vi ser at kartfesting av hogst og et fagsystem der alle tiltak kan koples mot hogstpolygon ville vært til stor hjelp for kommunene. Spesielt i kommuner med begrenset kapasitet og kompetanse på skogområdet.