Vanleg jordbruksproduksjon på sau – styrka innsats 

Sauesanking
Sauesanking. Foto: Hanne Elin Herrebrøden

Eit godt sauehald med næringsmessig preg må til for at produksjonen kan reknast for å vere vanleg jordbruksproduksjon som gir grunnlag for produksjons- og avløysartilskot. I 2025 kartla Statsforvaltaren i Rogaland korleis kommunane i fylket handterer desse krava når dei vurderer søknadar om tilskot til sau. Kartlegginga synte variasjonar i forståing, dokumentasjon og saksbehandling. Fleire kommunar gav uttrykk for at vurderingane var krevjande, og det blei klart at det er behov for å styrkje landbruksforvaltninga på området.

Kva som kan reknast for å vere jordbruksproduksjon har difor vore tema på fleire faglege møtepunkt og samlingar for kommunane. Her er det mellom anna tatt opp korleis produksjonsresultata kan vurderast, kva slags informasjon som er nødvendig for å kunne gjere gode skjønnsvurderingar, og korleis ulike driftssituasjonar kan handterast. Kommunane har meldt tilbake at felles drøftingar av konkrete saker har vore svært nyttige, og har bidrege til større tryggleik i forvaltninga.

Det har også vore tett dialog med Rogaland Sau og Geit og Norsk Villsaulag, og Statsforvaltaren har hatt innlegg på eksterne samlingar. Vi har elles hatt stor nytte av dialogen med næringa. Vi opplever ei klar forventning til at tilskot ikkje skal gå til sauehald utan - eller med låg produksjon. Det kan undergreve tilliten til tilskotsystemet, og kan skade omdømme til næringa.

Gjennom arbeidet det siste året har det blitt tydeleg at fleire saker er komplekse og krev mykje av kommunane. Rundskrivet gir føringar for nedre grenser for lammetal og slaktevekter, men skjønnsvurderingane som gjeld produksjonsomfang og driftsgrunnlag kan likevel vere vanskelege og ressurskrevjande. Me ser behovet for vidare diskusjonar og klargjeringar. Særleg når det ved telledato 1. mars er manglande skilje mellom dyr i produksjon, og fjorårslam som ikkje blir para.  

Vi meiner å kunne sjå resultat av arbeidet. For søknadsomgangen 2025 er det auke i tal saker der kommunane har gjort dei nødvendige vurderingane, og det er også fleire saker der tilskotet er avslått. Vi vil halde fram med å styrke rettleiinga til kommunane og vidareføre dialogen med næringa. Vi vil òg samarbeide tett med Mattilsynet i saker som gjeld dyrevelferd og utvikling i sauehaldet. Målet er å bidra til ei trygg, føreseieleg og tydeleg forvaltning som legg til rette for ein solid og berekraftig saueproduksjon i Rogaland.

Felles innsats for å sikre kompetanse i mat- og landbruksnæringa

Utdanningsmessa i Stavanger januar 2026
Bilete frå Utdanningsmessa i Stavanger januar 2026. Foto: Eli Munkeby Serigstad

Rekrutteringa til dei tradisjonelle agronomifaga er utfordrande, og vårt inntrykk er at både forvaltinga og næringa opplever at det er krevjande å få tak i personar med riktig kompetanse. I enkelte regionar i fylket er det og veterinærmangel, noko som utgjer ein risiko for god dyrehelse og -velferd, og som indirekte påverkar bøndene negativt.

For å styrke og behalde jordbrukskompetansen i fylket, tok vi derfor initiativ til eit breitt samarbeid i verdikjeda. Seinhausten 2025 gjekk 13 organisasjonar frå offentleg sektor, industri, rådgiving, utdanning, forsking og faglag saman om ei felles satsing på rekruttering og deltaking på Utdanningsmessa i Stavanger i januar 2026. Messa retta seg mot elevar frå ungdomsskulen og vidaregåande.

På standen «Velg mat» løfta vi fram ulike yrker, utdanningsvegar og landbruket si samfunnsrolle på ein engasjerande og ungdomsretta måte. Omlag 4000 elevar deltok på messa, og mange var innom standen vår. Vi gjorde oss nokre erfaringar med både storleik, plassering, aktivitetar, profil, bemanning med meir som vi tar med oss i den vidare planlegginga. Tilbakemeldingane frå aktørane er at dei ønsker eit langsiktig rekrutteringsarbeid, og at vi saman må vidareutvikle konseptet.

Vi har etablert kontakt med det nasjonale prosjektet Velg Mat (oppstart oktober 2025) for vidare samarbeid og felles måloppnåing.

FRAM – fylkesplan for regional utvikling og mobilitet

Rogaland fylkeskommune har starta arbeidet med ny fylkesplan for regional utvikling og mobilitet (FRAM-plan). Det er lagt opp til eit relativt omfattande planarbeid med mål om første vedtak i fylkestinget i juni 2027. FRAM skal både samle og vidareutvikle arealpolitikken frå ei rekke gjeldande planar i Rogaland, og skal samstundes vere ein arena for utvikling. Her fortel fylkesordførar Ole Ueland om planarbeidet.

Kvifor dette omfattande revisjonsarbeidet?

Rogaland er rekna som å vere eit godt planfylke, og det er over tid blitt vedteke mange sektorplanar. Til dømes blei det i 2011 vedteken ei eigen Regionalplan for landbruk, og i 2020 blei det vedteken Jordvernstrategi for matfylket Rogaland. I arbeidet med ny utviklingsplan for Rogaland (planstrategi) i 2023/2024 blei det gjennomført ei kartlegging som viste at Rogaland fylkeskommune har over 500 arealføringar i ulike plandokument, av dette om lag 350 retningsliner for arealbruk fordelt på fire regionale areal- og transportplanar. Det er semje om at dette er såpass omfattande at det blir uoversiktleg og delvis utdatert. Ein annan viktig grunn for revisjonsarbeidet er nye nasjonale føringar, og særleg gjeld dette nye statlege planretningsliner for arealbruk og mobilitet (SPR-AM). Også nye nasjonale føringar om jordvern og klimatilpassing blir framheva som viktige grunnlag for revisjonsarbeidet.

Jordvern og landbruk i FRAM

Landbruk er ei viktig næring i Rogaland, og Statsforvaltaren har framheva at det er viktig at landbruk ikkje berre blir eit tema under jordvern. Vi har peika på at landbruksnæringa i Rogaland, som er av nasjonal verdi, også må inkluderast under næringskapittelet. I tillegg til å vere avhengig av eit sterkt jordvern, har landbruksnæringa ei viktig rolle i Rogaland med omsyn til sysselsetting og utgangspunkt for nye grøne næringar, reiseliv og energiproduksjon. Det er viktig å vere merksame på at landbruksnæringa er ein av dei mest arealkrevjande næringane vi har. Regionalt jordvernmål for Rogaland er at vi maksimalt skal omdisponere 200 dekar dyrka jord årleg, medan gjennomsnittleg omdisponering dei 5 siste åra har vore om lag 600 dekar. Vi har difor framheva at planvask må bli eit viktig tema i det regionale planarbeidet, særleg når arealrekneskap viser at fleire kommunar har store arealreservar. Elles er det lagt til grunn at langsiktige grense og kjerneområde for landbruk frå gjeldande regionale ATP-planar skal vidareførast.

Det som elles kan bli eit krevjande tema i revisjonsarbeidet er retningsliner for forvalting av landbruksareal. Vi har i dag ulike regionale retningsliner om dispensasjonar når det gjeld frådeling og bruksendring i landbruksområde. Vi har presisert at prinsippa for revisjon må vere å sikre ei langsiktig og berekraftig forvalting av landbruksområda, og at landbruksinteressene skal ha prioritet. Vi jobbar nå med ei eiga spørjeundersøking retta mot kommunane og deira erfaringar med frådeling av tun i samband med bruksrasjonalisering. Undersøkinga vil kunne gi oss nyttig kunnskap inn i mot arbeidet med FRAM.

Ny rettleiar for trygg rådgiving i landbruket

Framside brosjyre, trygge rådgivere i landbruket

Rettleiaren Trygge rådgivere i landbruket blei før jul lansert av samarbeidsprosjektet Betre bondevelferd. Rettleiaren er utarbeidd som eit praktisk og lågterskel reiskap som skal støtte rådgivarar i alt frå førebuing av samtalar, til handtering av krevjande situasjonar og vidare kontakt med relevante instansar. Rettleiaren skal ikkje gi rådgivarane ansvar for å løyse vanskelege situasjonar, men bidra til at dei kjenner att utfordringar, stiller gode spørsmål og tek kontakt med rette instansar når det trengst, slik at bønder som treng støtte kan få hjelp tidleg og på ein god måte.

Prosjektet har vist at det er stor variasjon i kva erfaringar rådgivarar har med slike situasjonar. Nokre står ofte i krevjande dialogar, medan andre møter slike utfordringar sjeldnare. For begge gruppene kan det vere nyttig med ei felles forståing av kva som er god praksis. Dette bidreg til større tryggleik for rådgivaren, og meir føreseielege møte for bonden.

Gjennom samlingar, faglege drøftingar og erfaringar frå prosjektet kom det tydeleg fram at mange rådgivarar ønskte ei enklare oversikt over kva dei bør vere merksame på i krevjande samtalar, kva som ligg innanfor deira rolle, og korleis dei kan samarbeide med andre instansar. Rettleiaren har derfor eit tydeleg praktisk preg, med døme, tips og klare råd om korleis vi kan skape trygge samtalar og gode prosessar.

Rettleiaren er utarbeidd av Linda Thomassen og Randi Mossefinn ved Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS ) Vest, i samarbeid med prosjektet Betre bondevelferd. Prosjekteigar er Rogaland Landbrukspark, og prosjektet blir gjennomført i samarbeid med Fatland, Nortura, Prima Slakt og Statsforvaltaren i Rogaland, med finansiering frå Rogaland fylkeskommune.

Alle kommunane i Rogaland har fått utdelt eit trykt eksemplar av rettleiaren.

Over halvparten av føretaka med svin, fjørfe eller mjølk manglar nødstrømsaggregat

Det kjem fram i ei spørjeundersøking som landbrukspartnarskapen i Rogaland har sendt ut til søkjarar om produksjonstilskot som driv med anten svin, fjørfe eller mjølk, omlag 1500 føretak. Auka merksemd på eigenberedskap i jordbruket, og Rogaland si evne til å oppretthalde matproduksjonen ved krise, var bakgrunnen for undersøkinga. Her blei det spurt om straumforsyning, vassforsyning, diesellager og internett. 44 prosent svarte på den digitale undersøkinga.

I overkant av 50 prosent svarar at dei manglar nødstrømsaggregat. 68 prosent svarar at dei har kommunalt vatn som hovudvasskjelde, og 40 prosent svarar at dei ikkje har tilgang til alternativ vasskjelde dersom hovudkjelda fell bort. Svara syner at det hol i beredskapen, og at det er grunn til å halde oppe merksemda på temaet.