Auka kunnskap om matvareberedskap i Vestland

Tilgang på nok mat og vatn er ein viktig føresetnad for eit fungerande og motstandsdyktig samfunn. Som ledd i arbeidet med å sjå på fylket si evne til å stå imot uønska hendingar, har vi gjennomført ein scenarioanalyse av matvareberedskapen i Vestland.

Forside med ku og eple
Scenario-analyse for matvareberedskap i Vestland. Foto: Statsforvaltaren i Vestland

Statsforvaltaren har eit ansvar for å vere pådrivar for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap. Mellom anna skal vi halde oversikt over risiko og sårbarheit i fylket. Som ein del av kunnskapsgrunnlaget, har Statsforvaltaren utarbeidd ein analyse av matvareberedskapen i Vestland. Her har vi sett på tre senario som er bortfall av straum, digitalt angrep og klimadrive hendingar. 

Analysen viser at matvareberedskapen i Vestland er relativt robust. Variasjonen i matproduksjon både på land og i sjømatnæringa er ein styrke. Samstundes er det slik at viss dei uønskte hendingane som er vurderte i analysen faktisk skjer, vil det kunne føre til reduksjon i tilgangen på råvarer, behov for eit endra kosthald og lokale forsyningsutfordringar.

På same måte som annan forsyningsberedskap, er matvareberedskapen avhengig av vegtransport. Vestland har ein krevjande geografi og topografi. I kombinasjon med eit sårbart vegnett, kan det skape forsyningsutfordringar. Det gjeld både ved transport av varer internt i fylket, og med omsyn til tilførselen av varer frå andre delar av landet.

I den nasjonale tryggleiksstrategien er styrking av motstandskrafta i det sivile samfunnet eit høgt prioritert satsingsområde. Regjeringa skriv at auka motstandskraft stiller større krav til eigenberedskap. God eigenberedskap gjer det mogleg for styresmaktene å prioritere dei som treng hjelpa mest. For husstandane handlar det mellom anna om å ha eit lager av matvarer som kan dekke behovet i éi veke. For ein matprodusent handlar eigenberedskap om å ha ein plan for å kunne oppretthalde drifta, til dømes når forsyninga av kraft og digitale tenester ikkje fungerer.

Analysen er med på å legge premissane for det vidare totalforsvars- og beredskapsarbeidet i fylket. Denne våren har vi fokus på kartlegging av eigenberedskap på gardsnivå. Som ein del av beredskapsarbeidet ønsker vi òg å trekke fram viktigheita av vårt daglege arbeid, knytt til ivaretaking av arealressursane i tråd med nasjonale jordvernmål, berekraft og klimatilpassing. Gjennom dette bidreg vi til ein meir robust matproduksjon i Vestland.

Kontaktpersonar:

Synnøve Vonen Kvaal, e-post: synnove.kvaal@statsforvaltaren.no, tlf. 57 64 30 67

Bastian Hoffmann: e-post: bastian.hoffmann@statsforvaltaren.no tlf. tel: 55 57 21 47

Korleis vert driveplikta handtert i kommunane?

Å følgje opp driveplikta er viktig for å styrke jordvernet. For lite tid til grundig oppfølging og lite erfaring med å vurdere kompliserte saker er nokre av utfordringane i kommunane.

Slått i småskala landskap.
Slåttetid i småskala landskap. Foto: Øyvind Vatshelle, Statsforvaltaren i Vestland

Å følgje opp driveplikta er ein viktig del av strategien vår for styrking av jordvernet.

I desember 2025 svara rundt 80% av kommunane i fylket på ei spørjeundersøking om praktiseringa av regelverket som gjeld driveplikt på jordbruksareal. Føremålet med undersøkinga var å få kunnskap om korleis regelverket vert forvalta, om regelverket vert halde, og korleis det kan gjerast betringar.

Dei fleste kommunane arbeider med oppfølging av driveplikta, men det er stor variasjon i korleis dei gjer det, kor mykje dei gjer og kva erfaring dei har. Kommunane ønskjer meir samarbeid og deling av erfaringar mellom kommunar, og mange ønskjer også meir rettleiing i arbeidet.

Meir systematisk arbeid trengst

Statsforvaltaren har rådd kommunane til eit meir systematisk arbeid, for å få oversikt over eigedomar der areal kan vere ute av drift og kontakte dei som eig areala.

Dette gjeld i hovudsak små og spreidde areal, innmarksbeite og areal med vanskeleg tilkomst, men det gjeld også område der heile gardsbruk er ute av drift. På spørsmål om kva kommunane gjer for å følgje opp dette, svara litt over halvparten av at dei tek direkte kontakt med eigarane.

Ein del kommunar har gitt fritak frå driveplikta dei siste tre åra, og berre få har gitt pålegg om endringar. Det er mange omsyn å ta i desse sakene, og kvar kommune behandlar få saker. Nokre saker løyser seg gjennom dialog, men det er behov for ein ekstra innsats for å få meir areal i drift. 

Å formidle kontakt mellom dei som har areal, og dei som ynskjer å leige areal, kan vere ein  god måte å få meir areal i drift. Svara frå kommunane kan delast i tre om lag like store grupper: Kommunar som gjer lite eller ingenting for å formidle kontakt, dei som formidlar kontakt dersom dei får førespurnad om dette og dei som har etablerte rutinar for dette, eller planlegg å utvikle jordbank-løysingar.

I vurderinga av leigeavtalar vert avstanden mellom eigedomane peika på som eit problem, særleg i område med mykje leigejord. Dei fleste kommunane svarer nei på om dei har fått inn jordleigeavtalar som ikkje kan godkjennast fordi den driftsmessige løysinga er for dårleg.

Komplekse saker krev meir ressursar

Mange av kommunane har ikkje erfaring med bruk av sanksjonar. I desse sakene skal kommunen vurdere om det er eit «vesentleg» brot. Dette er vanskeleg, og det er også komplisert å vurdere om drifta er økonomisk forsvarleg og kor grensa går mellom drift som oppfyller driveplikta og drift som er for ekstensiv.

Oppfølging av drivepliktsaker er arbeidskrevjande, og andre saker vert ofte prioritert. Mangel på ressursar går att i svara.

Kontaktperson: Siren Tømmerbakke, e-post: siren.tommerbakke@statsforvaltaren.no, tel: 55 57 22 90

Vert skogen hogd for tidleg og kva konsekvensar får det i framtida? 

Dette spørsmålet har satellittar hjelpt oss med å finne svar på. Dei kan gje oss gode oversiktsbilde til bruk i arbeidet vårt.

Bildetekst: Hogst av gran i bratt terreng
Hogst av gran i bratt terreng. Foto: Gro Kampp Hansen, Statsforvaltaren i Vestland

Satellittar flyg kontinuerleg over jorda og tek bilde av overflata. Bilda frå verdsrommet er ikkje veldig detaljerte, men dei kan brukast til å sjå endringar på skogen frå år til år. Vi har brukt data frå satellittbilde til å sjå når skogen i Vestland vert hogd.

Granskogen vert hogd når han er rundt 60 år gammal. Men berre 30 prosent av skogen vert hogd når han er biologisk hogstmogen (Hogstklasse 5). Biologisk hogstmogen betyr at trea er ferdig med å vekse og at skogen er høg og grov. 30 prosent av skogen burde fått vekse i minst 10 år til. Det betyr at mykje av skogen vår vert hogd midt i den beste vekstfasen når tømmeret verkeleg skulle leggje på seg. Ved å utsetje hogsten til trea er hogstmogne, kan skogeigarane tene det dobbelte på skogen sin.

Ein konsekvens av for tidleg hogst er at det vert mindre tømmer å hogge i framtida. Vi har sett på kor mykje hogstmogen skog vi mister på denne måten. Dersom all skogen hadde fått stå til han var hogstmogen, ville volumet følgt den blå kurva i figuren. Men fordi vi høgg for tidleg, vert volumet i framtida redusert til den lilla kurva. Denne skilnaden er største kring år 2040, og det potensielt tilgjengelege hogstkvantumet er då redusert med 200 000 kubikkmeter per år.

Potensielt årleg hogstvolum i Vestland
Potensielt årleg hogstvolum i Vestland.

Begge kurvene i figuren går bratt oppover og viser eit aukande volum i åra som kjem. Dette er eit resultat av den høge planteaktiviteten som starta på 1950-talet og varte til midt på 1980-talet. Men ein del skog er planta på stader der det er dyrt å få fram tømmeret og vil ikkje bli hogd. Vi trur difor at hogsten vil stabilisere seg kring 600 000 kubikkmeter i året. Om det stemmer vil den gule kurva (hogd) nå att den lilla kurva kring år 2035. Det er difor behov for å leggje til rette for auka hogst gjennom å gjere den hogstmogne skogen meir tilgjengeleg. Då trengst det både betre kommunale vegar og nye skogsvegar for å transportere ut tømmer.

Det kan vere mange grunnar til at skogeigarane høgg skogen for tidleg, men når to tredelar av skogen vert hogd for tidleg er det eit stort tap. Statsforvaltaren i Vestland jobbar med å få ut informasjon til skogeigarar og kommunar om verdien av å hogge til rett tid. Skogeigarane treng oppdaterte skogtakstar og skogbruksplanar slik at dei kan få god informasjon om verdien av skogen sin, behov for vegbygging og for kva som er rett hogsttidspunkt.

Det må plantast etter hogst

Vi har også brukt bilde frå satellitt til sjå kva som skjer på areala etter hogst. Saman med Sunnfjord kommune har vi gått gjennom alle felta som er hogd dei siste åra. Her fann vi at 18 prosent av hogstareala ikkje vert vidareført som skog, men brukt til landbruk, bustader, kraftgater, kraftverk og industriområde. På areala som ikkje var tekne i bruk til noko anna var 15 prosent ikkje planta til med ny skog. Dette utgjer ein stor nedgang i granskogarealet i Sunnfjord kommune som er ein av dei største skogkommunane i fylket. Heldigvis ser vi at utviklinga dei siste åra går mot at meir og meir av skogen vert forynga etter hogst. Dette kjem både av betre rutinar og oppfølging i næringa, og at høge tømmerprisar ser ut til å motivere til planting etter hogst.

Kontaktpersonar:

Gro Kampp Hansen, e-post: gro.kampp.hansen@statsforvaltaren.no, tlf. 55 57 21 68

Torkel Hofseth: e-post: torkel.hofseth@statsforvaltaren.no, tlf. 57 64 30 83

Bønder i Vestland gjer jobben, og RMP gjer det mogleg

Kystlyngheiene langs Vestlandskysten er forma av generasjonar med beiting og lyngbrenning. Bøndene gjer difor ein nøkkeljobb for å halde landskapet ope, og Regionalt miljøprogram (RMP) er avgjerande for at jobben vert gjort.

RMP og kystlynghei – brenning og blomstring.
RMP og kystlynghei – brenning og blomstring. Foto: Øyvind Vatshelle, Statsforvaltaren i Vestland

Stadig meir brenning

Utan aktiv drift veks lyngheia raskt igjen med krattskog. Brenning fornyar lyngen og gir gode vinterbeite. Lyngbrenning i Vestland ser ut til å auke, frå 3 000-4 000 dekar årleg for nokre år sidan, vel 6 000 dekar i 2024 og nær 9 000 dekar 2025. Dette er ei viktig opptrapping for ein type skjøtsel som lenge har vore mangelvare.

Bønder i Austevoll kommune stod for 40-50 % av lyngbrenninga i Vestland dei to siste åra, men det vert også brent mykje i kommunar som Sveio, Øygarden, Askvoll og elles langs kysten. Frå 20-30 bønder som brente med RMP-tilskot for nokre år sidan, ser det no ut til å vere om lag 60 bønder som har brent. Brenninga krev tid, kunnskap og ressursar. RMP-tilskotet er truleg ei føresetnad for at bøndene kan halde fram med dette arbeidet.

Sjølv om det er om lag 120 000 dekar kystlynghei i Vestland som vert beita med RMP-tilskot, er det framleis mykje kystlynghei i fylket som er ute av drift og i ferd med å gå tapt.

Store verdiar i fiskarbonden sitt landskap

Dei opne heieområda langs kysten, med lilla teppa av røsslyng, er ikkje naturlege villmarker – dei er skapt av folk og husdyr. I hundrevis av år har fiskarbonden brent areala, og ung, frisk og grøn lyng har sikra gode vinterbeite til dyra. Drifta sikra stabil matforsyning i kombinasjon med fiske. Slik blei den unike og artsrike naturtypen laga.

Bonden si drift i lyngheia er ein nøkkel for å ta vare på desse verdiane for framtida:

  • Levande kulturlandskap – ein del av vestnorsk identitet og kulturarv
  • Biologisk mangfald – med planter, fuglar og insekt som ikkje trivst i tett skog
  • Beite og matproduksjon – både kjøt og god lynghonning
  • Brannførebygging – låg, frisk vegetasjon gjev mindre risiko for villbrannar

Kontaktperson: Øyvind Vatshelle, e-post: oyvind.vatshelle@statsforvaltaren.no,  tlf. 55 57 21 78

Store variasjonar i sauehaldet i Vestland

Vanleg jordbruksproduksjon er eit grunnvilkår for å få produksjonstilskot. For å for eit innblikk i kva som er vanleg sauehald, har vi sett på kilo lammeslakt per søye (morsau) og slaktevekt per lam fordelt på kommune i Vestland for året 2024.

sauer
Sauer som er sanka heim etter ein god beitesommar. Foto: Øyvind Vatshelle

Produksjon per søye

Diagrammet under viser levert mengde lammekjøt per søye i 2024 for kommunane Vestland. For Vestland er det i snitt slakta eitt lam per søye som gav 17,8 kilo lammekjøt per søye. Men når vi ser på kommunane varierer det frå 6,6 kilo til 26,4 kilo lammekjøt per søye. Kommunar lengst ute på kysten har den lågaste produksjonen, medan kommunar med høgfjellsbeite har den høgaste. Ved behandling av søknad om produksjonstilskot skal kommunen vurdere om lammetal og produsert mengde lammekjøt er «vanleg». Føretak som har låg eller ingen produksjon skal då ha avslag på søknad om husdyrtilskot og avløysartilskot.

Variasjonen kan mellom anna forklarast med slaktevekta på lam, tal lam per søye, sauerase og beitekvalitet. I tillegg har den praktiske sauedrifta på kvart enkelt bruk avgjerande innverknad. Kommunane Solund og Austevoll har lågast produksjon per søye, medan kommunane Lærdal, Eidfjord, Årdal og Aurland har den høgaste produksjonen.

Produsert lammekjøt per søye i 2024
Produsert lammekjøt per søye i 2024

Slaktevekt per lam

I tillegg til lammetal er slaktevekta per lam avgjerande for kor mykje lammekjøt som vert levert per søye. Tala for 2024 viser at det på kommunenivå varierer frå 10,1 kilo til 21,0 kilo med eit snitt for fylket på 17,7 kilo.

Kommunane Austevoll, Solund, Fedje og Øygarden er kystkommunar med skrinne beite og mykje kystlynghei. Her er sauehaldet dominert av rasen gamalnorsk sau der sauekontrollen viser slaktevekt i snitt på 11,5 kilo. Dette er ei ekstensiv drift med låg produksjon der forventningane til «vanleg produksjon» er at minst 50 % av lamma er slaktemogne om hausten og med slaktevekter over 9-10 kilo.

Kommunar som Eidfjord, Lærdal og Årdal har svært gode fjellbeite og driv med tyngre sauerasar. Her viser slaktedata for 2024 lammevekter på 19-21 kilo. Det er såleis stor variasjon mellom kommunane i kva som ligg i omgrepet «vanleg produksjon».

Kontaktpersonar:

Panida Boonyasirichai e-post: panida.boonyasirichai@statsforvaltaren.no,  tlf. 57 64 32 96

Silje Lyhammer  e-post: silje.lyhammer@statsforvaltaren.no,  tlf. 55 57 21 51

Organisert beitebruk i Vestland 2025

Årsmeldingane frå 205 beitelag gir eit godt bilete av beitesesongen 2025 i Vestland.

Inntrykket er at mange har hatt ein grei og til dels svært god sesong, men med store lokale skilnader både i beitekvalitet og tap. Mange lag peikar på at samarbeidet i laga fungerer godt, og at dugnadsinnsatsen framleis er ein berande bjelke i drifta.

Sauer på fjellbeite.
Sauer på fjellbeite. Foto: Øyvind Vatshelle

Tapsprosenten for lam i Vestland var 5,6 prosent i 2025, som er ein liten auke frå 5,3 prosent i 2024. Dei beste laga har tap ned mot 2 prosent, medan lag med jerv og gaupe har opp til 35 prosent lammetap. For storfe var tapet 0,76 prosent og for geit 2,3 prosent.

Fleire beitelag fortel om ein tidleg vår med lite snø i fjellet og tidleg beiteslepp. Det gav ein god start for mange, med rikeleg gras og gode lammevekter. Samstundes melder fleire lag om tørre periodar utover sommaren, der beitet vart magert og dyra måtte flyttast oftare enn vanleg. Nokre stader vart det rapportert om sein snøsmelting og vanskeleg å kome seg fram i høgda, slik at dyra heldt seg meir nede i terrenget enn dei brukar.

Når det gjeld tap, er biletet samansett. Mange lag skriv at dei har hatt normale eller låge tap, medan nokre område har opplevd ein tyngre sesong med større tap enn vanleg. Ørn og rev vert oftast nemnde som moglege skadegjerarar. I Stryn og Luster er det òg rapportert om jerv, og i Årdal om gaupe. Det kjem fram frustrasjon over krevjande terreng og at dokumentasjon av tap og hendingar i felt nokre gonger kjem seint, slik at ein ikkje alltid får klare svar på kva som faktisk har skjedd med dyra.

Mange lag melder om aukande bruk av elektronisk sporing, GPS-bjøller og andre hjelpemiddel i tilsyn og sanking. Dette vert opplevd som eit viktig verktøy i store og uoversiktlege område, og gjer det lettare å finne dyr og følgje med på kvar dei oppheld seg. Samstundes vert det framleis lagt ned mykje manuelt arbeid med fjelltilsyn, gjerdehald og rydding av gamle gjerder.

Det vert også nemnt i fleire årsmeldingar at det er aukande ferdsel i utmarka, fleire hytter og meir turfolk. I sum gir dette meir kontakt mellom beitedyr og folk, og fleire lag melder om problem med lause hundar. Mange uttrykkjer behov for betre informasjon og skilting, men også at dialogen med både grunneigarar, turlag og kommunar fungerer stadig betre der ein har kome i gang.

Kontaktpersonar:

Panida Boonyasirichai e-post: panida.boonyasirichai@statsforvaltaren.no,  tlf. 57 64 32 96

Silje Lyhammer  e-post: silje.lyhammer@statsforvaltaren.no,  tlf. 55 57 21 51