Fylkesnytt frå Vestland 2/2025
Nyheit | Dato: 24.09.2025 | Landbruks- og matdepartementet
Statsforvaltaren i Vestland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt frå Statsforvaltaren i Vestland. Her kan du mellom anna lese om korleis vi bidreg i arbeidet med overgang til lausdriftsfjøs og ved innføring av nytt regelverk for gjødsling på innmarksbeite.
- Stor interesse for nye fjøs
- Godkjenning for å gjødsle innmarksbeite
- Tyske skogforvaltarar på fagbesøk i Vestland
- AR5-feltkurs med rekordstor deltaking
- Statsforvaltaren lærer ved å møte folk
- Quinoa - innovative bønder i Lærdal
Stor interesse for nye fjøs
Saman med TINE og kommunane gjennomfører Storfeprosjektet i Vestland lokale møte for dei som har båsfjøs. Her får bøndene hjelp til planlegging av fjøs, driftsplan og økonomi.
Vestland har 490 båsfjøs med mjølkekyr. Storfeprosjektet har no hatt møte med over halvparten av kommunane i Vestland. Som eit resultat av møta har Innovasjon Norge fått rekordmange søknader på ordninga med ressursavklaring. Dette har også medført at dei har løyvd midlar til 30 fjøs med omlegging frå bås til lausdrift i 2025. Med dette vil kring 75 prosent av mjølka kome frå kyr i lausdrift, og Vestland er på god veg til å nå lausdriftskravet innan 2034.
Økonomien i mjølkeproduksjonen er på rett veg, og saman med auka investeringsstøtte er det no mange fleire som ser det som realistisk å leggje om til lausdrift, også på bruk med under 30 kyr. Dette er også motiverande for neste generasjon, og mange vel å ta over garden og satse vidare på mjølk.
Storfeprosjektet i Vestland er eit samarbeid mellom TINE, Nortura, Felleskjøpet, Norsk Landbruksrådgiving, TYR, Bondelaget, Småbrukarlaget, Innovasjon Norge og Statsforvaltaren. Fylkeskommunen og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane er dei største økonomiske bidragsytarane i prosjektet. Prosjektleiar er tilsett hos TINE.
Kontaktperson: Bjørn-Harald Haugsvær, e-post: bjorn-harald.haugsvar@statsforvalteren.no, tlf. 480 07 375
Godkjenning for å gjødsle innmarksbeite
I Vestland er innmarksbeita ein viktig ressurs i matproduksjonen. Med nytt regelverk kan ein berre spreie gjødsel på innmarksbeite som er godkjent som spreieareal.
Innmarksbeita utgjer om lag 40 prosent av jordbruksarealet i fylket, og gjev viktig fôr til både mjølkekyr, kjøttfe og sau. I fleire kystkommunar utgjer innmarksbeita 50-70 prosent av jordbruksarealet.
Nokre av kommunane i fylket står midt i eit omfattande arbeid med å godkjenne beite.
Statsforvaltaren har tett kontakt med kommunane om korleis oppgåva kan bli løyst. Vi har laga ein rettleiar, og vi har møte og synfaringar. Her får vi diskutert konkrete problemstillingar, som fråtrekk av uproduktive areal, avstand til vassdrag og tilkomst med spreieutstyr.
Ofte er det ønskjeleg med gjødsling av innmarksbeita for å få mykje gras og god kvalitet. Andre plassar er det høgt biologisk mangfald, som ikkje toler gjødsel. Det finst, til dømes, truga beitemarksopp på mange innmarksbeite. Vi reknar med at det er mykje artsrike innmarksbeite som ikkje er kartlagt enno.
Det vert truleg ønskje om meir gjødselspreiing på beite når det frå 2027 gradvis vert auka krav til at husdyrgjødsla skal verte spreidd på større areal. Samstundes er det krav om at mjølkekyr skal beite i 12-16 veker i året. Då er innmarksbeita viktige.
Undersøkingar viser at nær 60 % av arealet med innmarksbeite vert gjødsla med anten husdyrgjødsel, mineralgjødsel eller begge delar. Av mest tusen mjølkebønder i Vestland svarar 60 prosent at dei normalt spreier husdyrgjødsel på innmarksbeite i dag. Bruk av mineralgjødsla er også viktig, særleg for å få gode og tidlege vårbeite til sau, så lamma veks seg store nok før dei skal på fjellbeite.
Nokre innmarksbeite vert for lite brukt og står i fare for å gro til med tre og ugras. Dette skuldast både stor avstand til fjøset, færre dyr på beite og at mange driv meir ekstensivt. Såleis står vi i fare for tap av biologisk mangfald på mange beite. Både beitemarksopp og beiteblomstrar treng beiting og open vegetasjon, for å unngå å bli konkurrert ut av frodig gras og kratt.
Lenke: Godkjenning av innmarksbeite som spreieareal | Statsforvaltaren i Vestland
Kontaktperson: Øyvind Vatshelle, e-post: oyvind.vatshelle@statsforvalteren.no, tlf. 55572178
Tyske skogforvaltarar på fagbesøk i Vestland
Representantar frå forstmannsforeininga i Thüringen var på tur til Vestland, og fekk eit innblikk i vestnorsk skogforvaltning.
På skogekskursjonar i Bergen og Bjørnafjorden fekk vi gode presentasjonar av hogst, skogkultur, skjøtsel, skogsveg og tømmertransport. På ulike område i skogbruket, t.d. forynging, hjorteforvaltning, hogsttidspunkt og kantsoner, har skogbruket i Thüringen utvikla andre løysingar, og gjestane stilte spørsmål ved våre opplagde sanningar. Dette vart det gode diskusjonar av.
Dei tyske skogforvaltarane vart overraska over forvaltning og skogareal fordelt over mange små eigedomar.
Delegasjonsleiar Dr. Andreas Niepagen gav også uttrykk for at han var imponert over korleis nordmenn tek i bruk taubanar, og bygger tømmerkaier for å få tømmeret fram.
Tysk skogforvaltning er meir intensiv enn den norske, med større vekt på rådgjeving til skogeigarar og meir direkte oppfølging. Vi såg på utfordringar med for tidleg hogst av skog, men fekk også formidla det store vekstpotensialet til skogen på Vestlandet.
Slike møte med kollegaer frå andre land gjev stor gjensidig nytte og læring.
Kontaktperson: Dirk Kohlmann, e-post: dirk.kohlmann@statsforvalteren.no, tlf. 41296550
AR5-feltkurs med rekordstor deltaking
AR5 er eit landsdekkande kart som viser areala som er eigna for jordbruk og skogbruk. Det vert brukt i arealplanlegging, landbruksforvaltning og som grunnlag for tilskot i landbruket.
Kartet deler inn landarealet i ulike typar, som dyrka mark, innmarksbeite, skog og myr. NIBIO vedlikeheld datasettet og arrangerer AR5-feltkurs kvart tredje år, i samarbeid med Statsforvaltaren. Desse kursa er ein viktig del av arbeidet med å sikre korrekt og einskapleg klassifisering av jordbruksareal. I juni 2025 vart det arrangert feltkurs i Alver kommune. Dette samla rekordmange deltakarar frå heile regionen.
Feltkurset er eit grunnleggjande kurs, i hovudsak praktisk, og vert gjennomført utandørs, der deltakarane får høve til å arbeide direkte med klassifisering i felt. Det er viktig å halde seg oppdatert både gjennom feltarbeid og teori – gjerne ved å delta på slike kurs jamleg. Den teoretiske delen vert formidla i forkant gjennom eit felles webinar, der grunnleggande prinsipp og metodar vert gjennomgått. Her kan du sjå opptak frå teoridelen. Denne er også tilgjengeleg på NIBIO si nettside.
AR5-feltkurset er særleg retta mot fagansvarlege innan landbruk, tilsette i kommunal forvaltning og andre som arbeider med ajourføring av AR5 i kommunane. Kurset har hovudfokus på praktisk klassifisering av areal, og deltakarane får opplæring i korleis ein tolkar og nyttar AR5-klassifiseringa i praksis.
Ei rett forståing av klassifiseringsomgrepa er avgjerande for å sikre at informasjonen vert tolka og formidla likt på tvers av kommunar og regionar, uavhengig av kven som utfører arbeidet. På kursdagen får deltakarane mange konkrete råd og tips om kva dei bør vere merksame på i felt, og korleis ein bør vurdere og klassifisere ulike typar jordbruksareal. I Bondeboka er det eit eige kapittel knytt til gardskart og AR5. Gardskart | Drive gard.
Feltkurset i Alver var særleg tilpassa dei lokale forholda og behova i området. Det var fokus på tema som beitetolande plantar, klassifisering av innmarksbeite og omklassifisering av jordbruksareal. Kurshaldarane frå NIBIO delte villig av kunnskapen sin, slik at dagen var prega av aktive deltakarar og gode faglege diskusjonar. Dette bidrog til eit høgt læringsutbytte og ei nyttig erfaringsutveksling. Det var også ein bonus at sola skein frå blå himmel denne dagen.
Kontaktperson: Enisa Saracevic, e-post: enisa.saracevic@statsforvalteren.no, tlf. 915 22 343
Statsforvaltaren lærer ved å møte folk
For å vere eit kompetansesenter i fylket må forvaltninga heile tida oppdatere seg. Dette er meir enn å lese forskrifter og rundskriv. Difor er det viktig å møte og å lytte til folk.
Kvart år vitjar landbruksavdelinga hos Statsforvaltaren i Vestland ein av regionane i det store fylket vårt, for å møte kommunar og få direkte innspel frå næringa og frå lokal forvaltning. No i september gjekk turen til Aurland og Lærdal, inst i Sognefjorden.
Når jordbruksoppgjeret ønskjer meir stølsdrift må forvaltninga kjenne til utfordringane hos dei som driv med mjølkeproduksjon på stølar. Erna Underdal Skarsbø er kvar sommar på stølen Langhuso, der ho mjølkar geiter og ystar ost. Utmarka er viktig for gardsdrifta, og tidlegare var det mange fleire som hadde drift på stølen. No ser ho fram til at neste generasjon skal ta over, og dei ser at drifta må fornyast for å gjere arbeidsdagen lettare. I 2026 har staten sett av ekstra midlar til investeringar for dei som har stølsdrift, og på Langhuso kan det medverke til at neste generasjon vil vidareføre stølsdrifta.
Kommunane er det viktigaste forvaltningsorganet i landbruket. Dei forvaltar tilskotsmidlar til aktiv landbruksdrift, og dei legg planar for korleis jordbruksareala skal nyttast. Møta med ordførarane i kommunane Aurland og Lærdal gav landbruksavdelinga eit godt innblikk i dei dilemma kommunen står overfor. Kommunen strevar, mellom anna, med å finne areal til bustader og til næring. Fare for ras og flaum gjer at landbruksareala ofte kjem under press. Her må det vere ein open dialog, slik at statsforvaltaren ikkje medverkar til å stoppe utvikling i kommunen.
Kontaktperson: Bjørn-Harald Haugsvær, e-post: bjorn-harald.haugsvar@statsforvalteren.no, tlf. 480 07 375
Quinoa – innovative bønder i Lærdal
Eit godt fagmiljø og bønder som reiser på felles studieturar har skapt ein landbrukskommune i positiv endring. Her er det mange unge bønder, og det er lov å prøve nye ting. Det siste nye er quinoa.
Quinoa er ein plante som kjem frå Sør-Amerika. Han er i familie med meldestokk og har små frø som er svært næringsrike. Mange har prøvd quinoa som alternativ til pasta, ris eller potet.
I Lærdal har Bernt Håkon Slogvik Voll dyrka quinoa i nokre år. Han fortel at dette er ein nøysam plante som stiller små krav til vatn og næring. Det er faktisk viktig at den ikkje vert gjødsla for mykje. Bernt Håkon fortel at det har vore litt prøving og feiling i starten. Sidan quinoa er i same familie som meldestokk finst det ikkje sprøytemiddel mot ugras. Det er svært vanskeleg å sjå om plantene i åkeren er meldestokk eller quinoa. Når du lukar ser du at rota er ulik. Ugraskrampen skjer difor mekanisk med radreinsing.
Haustinga skjer med skurtreskar. Tidlegare vart frøa sende til Danmark for reinsing. Det å sende avlinga att og fram over landegrensa var både dyrt og byråkratisk. No får han gjort det i Norge.
I år fekk han frø som ikkje var spiredyktige, og han fekk ikkje nok frø når han måtte bestille nye. Arealet med quinoa vart difor halvert.
I Lærdal er quinoa også eit lokalt produkt som vert seld i den lokale butikken, Sognasmak, hos Sogn frukt og grønt.
Kontaktperson: Bjørn-Harald Haugsvær, e-post: bjorn-harald.haugsvar@statsforvalteren.no, tlf. 480 07 375