Geir Samuelsen fortset som direktør for Justervesenet

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Geir Samuelsen er i dag beskikka til direktør for Justervesenet i eit nytt åremål på seks år. Han tiltrer stillinga etter avtale med departementet.

Samuelsen har vore direktør for Justervesenet frå februar 2017. Tidlegare har han vore direktør i Norsk Akkreditering og assisterande direktør i Nasjonal sikkerhetsmyndighet.

Samuelsen er utdanna sivilingeniør frå University of Surrey i Storbritannia og har ein Master of Science in Construction Management frå University of Birmingham i Storbritannia.