Historisk arkiv

Genteknologi under lupa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Regjeringa har oppnemnd eit utval som skal greie ut om genteknologi, nye teknikkar og reguleringa av genmodifiserte organismar. Forskingssjef Anna Wargelius vil leie utvalet, som skal levere si utgreiing innan juni 2022.

– Det er over 20 år sidan den siste offentlege utgreiinga om genteknologi. I mellomtida har teknologien fått større og større forsprang på politikken, og dagens regelverk er modent for ein gjennomgang. Difor set regjeringa no ned eit utval om genteknologi, samansett av ekspertar som er blant dei fremste på sine felt, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).  

Gå inn på nettsidene til utvalet her.

Genteknologi er i svært rask utvikling, både her heime og internasjonalt. Nye metodar, biologiske løysingar og genteknologiske tilnærmingar er kome langt, og blir stadig meir aktuelle på fleire område i samfunnet. Eitt eksempel er den såkalla CRISPR-teknikken, som forskarane bak fekk Nobel-prisen i kjemi for. Den går ut på å redigere gena til organismar ved å gjere små, målretta endringar i arvestoffet. Det er til forskjell frå tradisjonell genmodifisering der ein tek eit heilt gen frå ein organisme og sett inn i ein annan.  

Den enorme teknologiske utviklinga dei siste åra opnar for nye mogelegheiter. Utvalet skal gje eit godt grunnlag for vidare politikkutforming når det gjeld genteknologi innanfor miljø- og helseteknologi, industri og matproduksjon. Utvalet skal også vurdere om lovverket bør justerast for å sikre at den teknologiske utviklinga kjem samfunnet til gode, utan skade på helse og miljø.

Gjennom EØS-avtala er Noreg tett knytt til reguleringa av genteknologi i EU. Trass i dette sikrar tilpassingar i EØS-avtala at Noreg kan gjere sjølvstendige vurderingar ut frå eige lovverk. Utvalet skal vurdere kva handlingsrom for endringar vi har i genteknologiforvaltninga i Noreg innanfor EØS-avtala og internasjonale plikter om handel og biologisk mangfald.  

 - Eg ser fram til å få eit oppdatert kunnskapsgrunnlag. Utvalet skal også  diskutere etiske dilemma og foreslå korleis vi kan utvikle og regulere genteknologien i dei komande tiåra, seier Rotevatn. 

Utvalet har 12 medlemmar med relevant erfaring og brei kompetanse innanfor molekylærbiologi, syntetisk biologi, mikrobiologi, havbruk, medisin og helse, jus og etikk. Det er representantar frå forsking, interesseorganisasjonar, helseteneste, næringar og forbrukarsida. Forskingssjef ved Havforskingsinstituttet, Anna Wargelius, skal leie utvalet.  

–Eg gler meg til å komme i gong med dette viktige og omfattande arbeidet, og takkar regjeringa for tilliten. Vi har fått eit godt og viktig mandat og skal saman bygge opp eit solid, oppdatert kunnskapsgrunnlag, slik at politikarane og dei folkevalde kan stake ut den vidare kursen og sørge for at reguleringa er føremålstenleg, seier Anna Wargelius. 

 

Anna Wargelius, forskingssjef ved Havforskingsinstituttet, Bergen (leiar)

Arne Holst-Jensen, forskingsleiar ved Veterinærinstituttet, Oslo 

Trygve Brautaset, professor i syntetisk biologi ved NTNU, Trondheim 

Kaare Magne Nielsen, professor i mikrobiologi ved Oslo Met, Drammen 

Muath Alsheikh, forskingssjef ved Graminor AS, Hamar 

Ingvild Ulrikke Jakobsen, professor i rettsvitskap ved UiT, Tromsø 

Ole Kristian Fauchald, professor ved Institutt for offentleg rett ved UiO, Oslo 

Espen Gamlund, professor i filosofi ved UiB, Bergen 

Fern Wickson, vitskapleg leiar ved North Atlantic Marine Mammal Commission, Tromsø 

Aina Nilsen Bartmann, dagleg leiar i GMO-nettverket, Nesodden 

Sigrid Bratlie, spesialrådgjevar i Kreftforeininga og GENEinnovate, Oslo

Camilla Tøndel, overlege ved Haukeland Universitetssjukehus, Bergen 

Kongeleg resolusjon