– Fosterheimsomsorga er grunnmuren i barnevernet. Nær ni av ti barn som ikkje kan bu heime, bur i fosterheim. I Noreg har vi valt at barn som hovudregel skal vekse opp i ein familie. Derfor er det avgjerande at vi lukkast med å rekruttere nok fosterheimar, seier barne- og familieminister Lene Vågslid.

Utgreiinga blir gjennomført av Ideas2evidence. Dei skal kartleggje kva barrierar som finst for rekruttering av fosterheimar, kva som kjenneteiknar god praksis, og korleis rekrutteringsarbeidet kan styrkjast.

Utgreiinga skal òg sjå nærare på korleis dagens innretning av bistandsplikta fungerer, og korleis dette påverkar rekruttering og samarbeid mellom kommunane og Bufetat. I tillegg skal det undersøkast kva konsekvensar regelendringar knytte til bruk av private aktørar har hatt.

– Altfor mange barn må vente på ein eigna fosterheim. Samstundes har rekrutteringa blitt meir krevjande dei siste åra. Vi treng derfor meir kunnskap om kva som verkar, seier Vågslid.

Målet med gjennomgangen er å gi eit godt grunnlag for vidare utvikling av fosterheimsomsorga.

– Vi ønskjer å bruke ressursane i barnevernet best mogleg. Med meir kunnskap om kva som fungerer og kva som er barrierar i rekrutteringa, kan vi utvikle meir treffsikre tiltak og styrkje samarbeidet mellom aktørane, seier Vågslid.

Datainnsamlinga vil mellom anna omfatte intervju med sentrale aktørar, dokumentgjennomgang, analyse av data frå Barnevernsbarometeret og spørjeundersøkingar blant kommunale barnevernstenester. I tillegg vil det bli gjennomført casestudiar i nokre utvalde kommunar, med intervju av tilsette, tidlegare og noverande fosterforeldre, samt personar som har meldt interesse for å bli fosterheim.

I løpet av dei neste dagane vil barnevernstenesta i kommunen få ein e-post frå Ideas2Evidence med eit spørjeskjema om rekruttering av fosterheimar. Barnevernstenestene blir oppmoda til å delta i undersøkinga, slik at vi kan få eit best mogleg kunnskapsgrunnlag for å styrkje fosterheimsomsorga framover.