– Dette er svært gode tal. Ungskogpleie er viktig for å sikre god framtidig produksjon, og det er eit av dei viktigaste tiltaka for auka volum og auka verdiskaping i skogen. I tillegg er ungskogpleie eit godt klimatiltak som bidreg til auka binding av CO2, seier landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen.

Innlandet er det fylket som toppar lista både når det gjeld areal og aktivitet innan ungskogpleie i 2025. Den største auken i areal og aktivitet er det dei fire fylka sør for Innlandet som har hatt. I Oslo, Akershus, Østfold og Buskerud. Der auka aktiviteten med 23 200 dekar frå 2024. Aktiviteten har òg auka i fleire andre fylke.

Av dei 357 000 dekar der det vart utført ungskogpleie i 2025, vart 100 000 dekar (28 prosent) utført av skogeiegarane sjølve. Agder er det fylket der flest skogeigarar gjer jobben sjølv.

I 2025 vart det 2025 investert nesten 224 millionar kroner i ungskogpleie i Noreg. 

Det er som regel på dei beste bonitetane at behovet for ungskogpleie er størst og ein har mest igjen for tiltaket. Omkring halvparten av ungskogpleia i 2025 vart utført på høg bonitet (17 og høgare). Den andre halvparten vart utført på middels bonitet (11 og 14). Det foregår lite ungskogpleie på låg bonitet (8 og lågare).