Godt over 2,4 milliardar kroner ut til frivilligheita før jul

Frivilligheita får utbetalt full momskompensasjon, og beløpet på over 2,4 milliardar kroner er rekordhøgt.

– Meir enn 23 000 frivillige lag og foreiningar får pengar på konto denne veka. Dette kjem godt med for mange - frå frivilligsentralar til turnforeiningar, fotballag og frivillige hjelpeorganisasjonar. Dette er tredje gong regjeringa har sikra full momskompensasjon, og det gjer vi fordi vi set frivilligheita og innsatsen deira svært høgt. Ekstra gledeleg i år er det at over 1000 nye organisasjonar får støtte frå ordninga, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

Utbetalinga i år er på 2 451 millionar kroner noko som er 424 millionar kroner meir enn i fjor.

Dei fleste av dei 23 000 mottakarane er små lag og foreiningar.

Sett samla er idrettslag- og foreiningar den største mottakaren med 905 millionar kroner, deretter kjem trus- og livssynsorganisasjonar med 294 millionar kroner.