Utvalgsleder og statsråden med NOU-en.
Utvalgsleder Camilla Bernt (t.v.) og barne- og familieminister Lene Vågslid. Foto: Barne- og familiedepartementet

– Dette er ein omfattande og grundig rapport om eit saksfelt som over fleire år har vore gjenstand for betydeleg merksemd og debatt. Eg vil no bruke tid på å setje meg godt inn i innhaldet, seier barne- og familieministeren.

Granskingsutvalet vart sett ned av regjeringa 20. juni 2023, for å greie ut om norske styresmakter har hatt god nok kontroll med utanlandsadopsjonar og avdekke om det har skjedd ulovlegheiter ved adopsjonar til Noreg.

Bakgrunnen for nedsetjinga av utvalet var opplysningar om alvorlege omstende knytt til utanlandsadopsjonar i media og i granskingar i andre land. Les utvalet sitt mandat her.

Arbeidet starta i desember 2023 og har vara i over to og eit halvt år. Rapporten inneheld fleire funn om historiske omstende.

– Det gjer inntrykk å høyre om det utvalet har avdekka. Dette viser at det både var rett og nødvendig å gjennomføre denne granskinga, seier Vågslid.

Historiske svakheiter i systemet

Barn har blitt adopterte frå utlandet til Noreg i over 70 år, og det er i dag over 20 000 nordmenn som er adopterte frå utlandet.

– Det internasjonale adopsjonssystemet har utvikla seg over tid, og særleg etter tilslutninga til FNs barnekonvensjon og Haagkonvensjonen 1993 om vern av barn og samarbeid ved internasjonale adopsjonar. Samstundes viser rapporten vi har fått i dag at kontrollen tidlegare ikkje har vore god nok. Det er alvorleg, seier Vågslid.

Hovudprioriteringa til norske styresmakter er at adopsjonar skal vere trygge, forsvarlege og i tråd med Haagkonvensjonen 1993. Regjeringa har dei siste åra gjennomført tiltak for å ytterlegare skjerpe tilsynet med adopsjonar:

  • Bufdir har gjort ein gjennomgang av formidlingsløyva til landa Noreg adopterer frå, for å sikre rettstryggleiken i samarbeida.
  • Bufdir har overteke ansvaret for å godkjenne alle tildelingsforslag til Noreg. Ansvaret låg tidlegare hos adopsjonsorganisasjonane.
  • Regjeringa har fått på plass ei rekkje etteradopsjonstiltak, og er oppteken av å sikre oppfølginga av adopterte.

Etteradopsjonstilbod

Det finst over 20 000 utanlandsadopterte i Noreg, og alle har si eiga unike historie. Mange har fått trygge og gode oppvekstar og familiar. Funna i rapporten endrar ikkje på dette.

Barne- og familieministeren understrekar at innhaldet i rapporten likevel kan opplevast belastande for adopterte, nærståande og andre involverte.

– Eg forstår godt at det som no kjem fram, kan skape uro og bekymring, og opplevast som ei belasting. Derfor er det viktig at dei som treng det, får god informasjon og støtte, seier Vågslid.

Bufdir og Bufetat region aust har fleire etteradopsjonstilbod med utvida opningstider i perioden framover.

  • Bufetat sin rådgjevingstelefon kan gi informasjon om kvar ein kan vende seg for å få hjelp og kva for tilbod som finst.
  • Bufetat region aust tilbyr òg samtalestøtte for adopterte over 16 år og adoptivforeldre. Tilbodet gjeld i heile landet. Her kan ein snakke med erfarne familieterapeutar som har god kunnskap om ulike utfordringar adopterte kan møte.
  • Bufdir kan òg gi informasjon om moglegheitene for å få innsyn i eiga sak og hjelpe til med søk etter opphav.
  • I tillegg kan Bufdir hjelpe til med å hente inn ytterlegare opplysningar frå opphavslandet, ved behov.

Les meir om etteradopsjonstilboda her.

Oppfølging av rapporten

Utvalet si NOU blir no sendt på offentleg høyring. Høyringsfristen er sett til 1. november 2026.

– Dette er eit komplekst og sensitivt område, og vi har fått ein svært omfattande rapport. Eg er oppteken av å sikre ei grundig og god handsaming av rapporten, og vil gi alle høve til å komme med innspel, før vi tek stilling til korleis rapporten bør følgjast opp, seier Vågslid.

Medlemane i utvalet

Utvalet har vore leia av professor Camilla Bernt, frå Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Bergen. Utvalet består vidare av desse medlemane:

  • Torunn Elise Kvisberg, lagdommar
  • Rudolf Christoffersen, statsadvokat
  • Anne Balke Staver, forskar ved NIBR, OsloMet – storbyuniversitetet
  • Ketil Eide, professor i sosiologi ved Universitetet i Søraust-Noreg

Utvalet har òg hatt ei referansegruppe som har bestått av fagpersonar, enkeltadopterte, organisasjonar for adopterte og adoptivforeldre, og representantar for adopsjonsorganisasjonane i Noreg.

Fakta om utanlandsadopsjonar til Noreg

Adopsjonstal dei siste 10 åra

2016

2017

2018

2019

2020

2021

2022

2023

2024

2025

2026

126

125

95

89

40

60

45

37

24

5

2*

* pr. 11. juni 2026

I november 2023 bad departementet Bufdir om å gjere ein gjennomgang av formidlingsløyva til landa Noreg adopterte frå, for å sikre rettstryggleiken i samarbeida. Noreg hadde 11 samarbeidsland ved starten av 2023. I dag har Noreg berre eitt samarbeidsland: Colombia.

I 2025 overtok Bufdir ansvaret for å godkjenne alle tildelingsforslag til Noreg som eit tiltak for å redusere risikoen på adopsjonsfeltet.