Om NOU 2026: 7

Granskingsutvalet for utanlandsadopsjonar har granska om systemet for utanlandsadopsjonar til Noreg har vore forsvarleg. Hovudproblemstillingane utvalet har greidd ut, er om norske styresmakter har hatt god nok kontroll med utanlandsadopsjonar, og om det har skjedd ulovlegheiter ved adopsjonar til Noreg.

Utvalet meiner at styresmaktene har undervurdert risikoen ved utanlandsadopsjonar og hatt for liten kontroll på feltet. Barne- og familieminister Lene Vågslid har uttalt at funna blir tekne på stort alvor.

Les meir om rapporten her. Sjølve rapporten finn du her.

Informasjon om innspelsmøte

Rapporten er sendt på offentleg høyring med frist 1. november 2026. Det er behov for ei grundig handsaming av rapporten, og barne- og familieministeren er oppteken av å lytte til innspel før det blir teke stilling til korleis rapporten bør følgjast opp. Det blir derfor halde eit innspelsmøte der relevante organisasjonar får høve til å fremje synspunkta sine på innhaldet i rapporten og den vidare oppfølginga. Statsråden vil vere til stades på møtet.

Innspelsmøtet blir halde måndag 12. oktober 2026 frå kl. 11.00 til 12.30 i lokala til departementet. Kvar organisasjon kan stille med inntil to representantar, og kvar organisasjon får inntil tre minutt taletid.

Møtet er berre ope for organisasjonar. Enkeltpersonar som ønsker å gi innspel til høyringa, kan gjere dette skriftleg på nettsidene til regjeringa.

Påmelding

Påmelding skjer via skjemaet nedanfor. Av omsyn til planlegging og gjennomføring ber vi om at alle organisasjonar registrerer deltakarane sine innan måndag 28. september 2026 kl. 12.00.

Lenkje til påmeldingsskjema.