Gratis kjernetid i barnehagen til 11 000 2-åringar

Regjeringa vil utvide ordninga med gratis kjernetid til å også gjelde for 2-åringar frå låginntektsfamiliar, og foreslår 46 millionar kroner til dette. Regjeringa vil også gi 9 millionar til arbeid med å rekruttere barn i utsette byområde til barnehagen, og 10 millionar til fleire studieplassar i barnehagelærarutdanninga.

– Vi vil gi 46 500 2–5- åringar rett til gratis kjernetid. Det er ekstra viktig at barn frå heimar der dei ikkje snakkar norsk, byrjar tidleg i barnehagen. Der får barna utvikla språket godt før skolestart. Det gir også foreldra tid til utdanning og jobb, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner.

Sidan 2015 har regjeringa innført ei nasjonal ordning med gratis kjernetid for 3-, 4- og 5-åringar. No vil regjeringa utvide ordninga til å gjelde for 2-åringar frå 1. august 2019.  Då vil talet på barn med rett til gratis kjernetid auke med 11 000 til 46 500 i 2019.

I dag gir ordninga barn som bur i hushaldningar med samla årsinntekt under 533 500 kroner, rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage per veke. Undersøkingar frå Statistisk sentralbyrå viser at minoritetsspråklege barn som har gått i barnehagen, gjer det betre i skolen enn barn som ikkje har gått i barnehagen.

Det foreslås å auke inntektsgrensa ytterlegare til 548.500 kroner frå 1. august.

Styrker rekrutteringa i utsette byområder

Regjeringa fortset satsinga på aktiv rekruttering av minoritetsspråklege barn over heile landet, men vil i tillegg prøve eit helt nytt grep i 2019: Kunnskapsministeren vil løyve 9 millionar kroner til rekruttering i utsette byområde. Blant 2-åringar er det 79,7 prosent av dei minoritetsspråklege som går i barnehagen, mens talet i resten av befolkninga er 92,9 prosent.

– Minoritetsspråklege barn bruker barnehagen sjeldnare enn andre, og dei kjem oftare frå låginntektsfamiliar. Derfor er det viktig at vi når fram til foreldra og gjer dei kjende med ordningane med gratis kjernetid og redusert foreldrebetaling, slik at fleire barn får høve til å gå i barnehagen, seier Sanner.

Fleire studieplassar i barnehagelærerutdanninga

Regjeringa foreslår også 10 millionar kroner til fleire studieplassar i barnehagelærarutdanninga.

– Regjeringa har styrkt kvaliteten i barnehagane med ein ny rammeplan for innhaldet, og skjerpa krav til bemanning og talet på barnehagelærarar. Med nye studieplassar og auka tilgang på barnehagelærarar sikrar vi at barnehagane får den kompetansen og arbeidskrafta som dei treng, seier kunnskaps- og integreringsministeren.

Til toppen