Ha hunden din i band dersom forholda krev det

Den ordinære tida for bandtvang er frå 1. april til 20. august i heile Noreg. Det kan likevel være naudsynt å halda hunden i band på andre tider av året.

Kvar vinter er det hendingar der vilt blir skada eller drepne av hund som løpar fritt i områder. Vilt kan òg bli utsett for unødige påkjenningar og belastningar, skadar og død dersom dei blir jaga av hund, sjølv om dei ikkje blir bitne. Det kan derfor vere naudsynt å halde hunden i band dersom situasjonen eller forholda krev det. Det kan òg til dømes bli innført lokale føresegner om ekstraordinær bandtvang som det er viktig som hundehaldar å overhalde.

– Vær ein aktsam hundhaldar og ha hunden din i band når forholda krev det. Som hundehaldar må man vurdere om det er forsvarleg å la hunden løpa fritt, eller om det kan føre med seg risiko for menneske eller vilt i området der du går tur med hunden, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad.

Som hundehaldar har ein ei aktsamheitsplikt. Det betyr at du har plikt til å førebyggje at hunden gjer skade på menneske eller dyr, eller at andre uønskte hendingar med hunden skjer. I periodar eller område der det etter regelverket ikkje er krav om å ha hunden i band, kan aktsamheitsplikta likevel gjere det naudsynt å halde hunden i band.