Historisk arkiv

Klima- og miljøministeren om European Green Deal.

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Klima- og miljødepartementet

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatns halvårige redegjørelse for Stortinget om viktige EU- og EØS-saker 17. november 2020.

President,

 

European Green Deal – på norsk Europas grøne giv - er EUs grøne vekststrategi. Målet er klimanøytralitet i EU i 2050. For å bygge bru til framtida blir det lagt opp til ei gjennomgripande omstilling av økonomien. Strategien femnar nær sagt alle sektorar og varslar tiltak på område som energiomstilling og elektrifisering, transport, industri og sirkulær økonomi, og naturmangfald og matproduksjon.

Mykje av strategien bygger på eksisterande politikk og regelverk, samtidig som ambisjonane no blir stramma til for å auke takta i Europas grøne omstilling. Europas grøne giv vil omfatte Noreg og norske interesser, sjølv om vi ikkje er bundne av EUs 2050-mål på klima.  

 

Noreg og EU har i dag eit tett og forpliktande samarbeid basert på EØS-avtalen. Dette gjeld på klima- og miljøområdet og på fleire av dei andre sektorane som blir omfatta av Europas grøne giv. EU er den næraste marknaden vår og omfattar våre viktigaste handelspartnarar og naboar. EUs grøne giv vil gi viktige impulsar til Noregs omstilling og gi moglegheiter for å styrke vår eiga grøne konkurransekraft.

 

Vi har mykje å bidra med. EU ser til Noreg på karbonfangst- og lagring, der Langskip skal få på plass ein infrastruktur som også Europa kan dra nytte av. Elbilsatsinga vår er eineståande i verdssamanheng. Den driv teknologiutviklinga internasjonalt vidare.

 

Kjernen i Europas grøne giv er å bygge eiga konkurransekraft gjennom omstilling. Regjeringas systematiske satsing på grøn skipsfart er eit døme på dette.  Gjennom kravstilling og satsing på null- og lågutsleppsteknologi oppnår vi utsleppsreduksjonar. Samstundes  skapar vi  arbeidsplassar og gir norske bedrifter konkurransefortrinn internasjonalt.

 

Noreg har kompetanse på fleire område -  som havvind og hydrogen.  Der opnar Europas grøne skifte for moglegheiter i heile landet vårt. Noregs landbaserte industri bidrar òg med produkt som er viktige for grøn omstilling, som silisium og aluminium. Vi bidrar med kjemikalium og produkt basert på skog og biologiske avfallsprodukt. Norske aktørar gjer seg sterkt gjeldande i forskings- og innovasjonsprogrammet Horisont 2020. Der er vi med og fremmar kunnskapsbasert grøn omstilling i ein europeisk kontekst.

 

Noreg er – og skal halda fram med å vera - ein aktiv partnar i EUs grøne skifte. Ambisjonane til kommisjonen ligg nær målsetjingane i Granavolden-plattforma og den nye nordiske visjonen om eit grønt, konkurransedyktig og sosialt berekraftig Norden. Europas grøne giv er EUs oppfølging av FNs berekraftsmål og Parisavtalen, som også er retningsgivande for norsk politikk.

 

President,

 

Kommisjonspresident von der Leyen har Europas grøne giv som eit av dei viktigaste flaggskipa sine. Satsinga er ikkje svekt av pandemien og skal tilførast ekstra ressursar frå EUs gjenopphentingsfond.  Kommisjonen står langt frå åleine om dette politiske prosjektet, som også vektlegg jobbskaping og ei sosialt rettferdig omstilling. Europaparlamentet har over tid vore pådrivar for berekraft og auka ambisjon. EUs regjeringssjefar var samde om eit mål om klimanøytralitet i 2050 allereie i desember i fjor. EU vedtar venteleg snart ei ny klimalov som lovfestar dette målet i EU.

 

Denne hausten står spørsmålet om eit forsterka utsleppsmål for 2030 høgt på EU sin dagsorden. Dette handlar om å sikre stø kurs i EU mot 2050. Det handlar òg om å følgja opp Parisavtalens krav om å forsterke klimamål for 2030 i 2020, som bidrag til å nå det langsiktige globale temperaturmålet.

 

Noreg har allereie forsterka klimamålet sitt for 2030 frå 40 prosent til minst 50 og opp mot 55 prosent reduksjon, samanlikna med 1990. Noreg har ein forpliktande klimaavtale med EU, der vi skal samarbeide om å oppfylle klimamåla våre med 40 prosent reduksjon innan 2030. Vi ønsker å samarbeide med EU om å nå det forsterka klimamålet vårt for 2030, og då fortrinnsvis med 55 prosent som måltal.

 

Noreg  har over tid arbeidd aktivt for at EU hevar 2030-målet sitt frå 40 til 55 prosent. Tidlegare i haust foreslo Kommisjonen at EU hevar målet sitt til 55 prosent, medan EU-parlamentet går inn for 60 prosent. Vi har god tru på at EU vil komme til ei politisk avgjerd om eit forsterka klimamål for 2030 innan året er omme.

 

Med auka utsleppsmål følgjer endringar i EUs "verktøykasse". Kommisjonen har lagt fram ein konsekvensanalyse som peikar på korleis EU sine klima- og energiregelverk kan endrast for å oppnå eit klimamål på 55 prosent som dei meiner er klart gjennomførbart. Konkrete tiltak og verkemiddel vil bli utarbeidd og lagt fram av Kommisjonen innan neste sommar.

 

Noreg følgjer nøye med på dette arbeidet og vil halde fram med å jobbe aktivt for å sikre norske interesser. Kommisjonen kan mellom anna komme til å foreslå utviding av EU sitt kvotesystem til å inkludere utslepp frå transport og bygningar. Ei slik utviding vil bety store endringar for både kvotesystemet og regelverket for ikkje-kvotepliktige utslepp, noko som vil påverke rammevilkår for norske aktørar. Kommisjonen vurderer òg visse regelverksendringar for å gi auka insentiv til karbonopptak i skog og andre areal.

 

Det vil ta fleire år før endringar i EUs klimaregelverk er på plass og vi veit kva konsekvensar det vil ha for Noreg. Fram til då vil vi halde oss til det regelverket vi er bundne til gjennom klimaavtalen vår med EU og planlegge klimapolitikken deretter. Dette gjeld både kvotesystemet, dei ikkje-kvotepliktige utsleppa som inngår i den såkalla innsatsfordelinga, og dessutan regelverket om skog og arealbruk. Norske utslepp skal i alle tilfelle ned, og vi vil om kort tid legge fram ein plan som viser korleis regjeringa planlegg å gjere nettopp det. Vi er òg i prosess når det gjeld CO2-kompensasjon for industrien.

 

President,

 

La meg òg trekke fram to initiativ som på kvar sin måte illustrerer korleis EU no òg tar fleire og nye verkemiddel i bruk for å fremme grøn omstilling.

 

Det eine gjeld berekraftig finansiering, som Noreg vil omfattast av gjennom EØS. Eit klassifiseringssystem for berekraftig økonomisk aktivitet, ein såkalla taksonomi, er heilt sentralt. Forordninga som etablerer rammeverket er allereie vedtatt i EU. Formålet er å gjere det lettare for investorar å finne fram til grøne og berekraftige prosjekt. Dette arbeidet er under stadig vidareutvikling. For at ein aktivitet skal kallast berekraftig på lang sikt, må den i framtida møte spesifikke krav på fleire område. Det er ikkje berre knytt til klima. Det er også krav til sirkularitet, låg forureining og vern og berekraftig bruk av vassressursar og marine ressursar, biologisk mangfald og økosystem.

 

Det andre forslaget, som representerer noko heilt nytt, grensar opp mot handelspolitikken og gjeld ein mogleg C02 -grensetilpasningsmekanisme. Arbeidet er framleis i startgropa og vi veit førebels lite om kva Kommisjonen vil foreslå neste år. Dette handlar om å legge ein CO2-pris på varer som blir importert til EU frå land der industrien – i motsetning til i EU – ikkje betaler for utsleppa sine. Alt tyder på at dette i så fall vil gjelda for nokre utvalde sektorar. EU er opptatt av at dette må utformast på måtar som ikkje bryt med WTO-regelverket. Vi er kjente med at norsk industri har interesser i dette og vil følgje nøye med på saka.

 

President,

 

Vi har berre ein klode, men innan 2050 vil verda forbruke som om vi har tre, viser anslaga fra FN. Den sirkulære økonomien er ein strategi for å sikre at vi lever innanfor klodens bereevne, og oppfyller klima- og miljømåla og FNs  berekraftsmål. Sirkulær økonomi står i kjernen av EUs omstilling mot eit klimanøytralt samfunn. Det er lagt fram ein handlingsplan for sirkulær økonomi med over 35 oppfølgingspunkt.  Mange er på område som er omfatta av EØS-samarbeidet. Denne sjåast i samanheng med ein ny industristrategi som skal fremme eit konkurransedyktig, grønt og digitalt Europa. Regjeringa arbeider no med ein nasjonal strategi for sirkulær økonomi som vil omhandle medverking til EØS-samarbeidet, men særleg korleis Noreg skal bygge konkurransekraft gjennom sirkulærøkonomisk satsing.

 

Sirkulær økonomi handlar om å bruka ressursane våre meir effektivt og lenger slik at uttaket av nye ressursar går ned. Dette betyr produkt som varer lenger og er enklare å oppgradere og reparere. Dei er sett saman på måtar som tillèt ombruk og resirkulering. Det handlar om innovasjon og nye forretningsmodellar, og om å gi forbrukarar betre og tryggare varer og  nye typar tenester.

 

Sirkulær økonomi dreier seg om heile verdikjeda og startar med produktdesign, som avgjer opp til 80 prosent av miljøbelastninga av eit produkt. Det skal leggast fram eit rammeverk for berekraftig produktpolitikk til neste år. Noreg har gode føresetnader for å bidra til dette arbeidet. Dette gjeld mellom anna handtering av batteri i den sirkulære økonomien. Emballasje er eit anna viktig innsatsområde, med koplingar til plastagendaen som vi òg fremmar globalt frå norsk side.

 

EU vil halde fram arbeidet med tiltak som kan stimulere fram marknader og legga til rette for auka bruk av sekundære råvarer. Dette er òg ei viktig sak for oss. Materiala som ikkje blir gjenbrukte kan vere med og spreie helse- og miljøskadelege stoff som burde vore tatt ut av det sirkulære kretsløpet. Her kan sorterings- og materialgjenvinningsteknologi spele ei viktig rolle. Og Noreg har verksemder og kompetansemiljø som ligg langt framme på slik teknologi.

 

Når EU med den store heimemarknaden sin går inn for noko, kan det påverke standardar og verdikjeder verda over. Kommisjonen er opptatt av å fremme berekraftige verdikjeder som også skal ta vare på skog, areal og biologisk mangfald. Det blir jobba med å  utvikle nytt regelverk for å hindre at import til EU skal bidra til avskoging i utviklingsland. Strengare aktsomheitskrav til selskap er blant tiltaka som blir foreslått. Europaparlamentet har òg sett risikoen for importert avskoging høgt på dagsordenen sin. Nye EU-reglar om dette kan bli aktuelle for oss som følgje av EØS-avtalen. Vi har kontakt med EU i arbeidet med nye reglar. Noregs klima- og skoginitiativ gjer Noreg til ein interessant samarbeidspartnar for EU på dette området. 

 

President,

 

I oktober la Kommisjonen fram ein ny kjemikaliestrategi. Målet er eit giftfritt miljø i Europa. Strategien skal bidra til EUs grøne og digitale omstilling og til utviklinga av ein konkurransedyktig og berekraftig europeisk industri. Kommisjonen viser her at den har ambisiøse mål òg for helse og miljø. Noreg har åleine og saman med likesinna land arbeidd aktivt for å sikre nettopp dette.

 

Gjennom EØS-avtalen har vi det fremste kjemikalieregelverket i verda, men utviklinga krev kontinuerleg oppdatering av dette.

 

Vi ser positivt på at det blir varsla eit breitt europeisk forbod mot perfluorerte stoff (PFAS), med unntak for heilt essensielle formål. Denne stoffgruppa blir brukt i mange ulike produkt, som klede og skismurning, og har potensielt svært skadeleg verknad på helse og miljø.

 

Strategien er òg tydeleg på behovet for å verne forbrukarar, sårbare grupper og arbeidstakarar frå dei mest farlege kjemikalia. Her blir det mellom anna varsla eit krafttak for å sikre leiketøy utan helse- og miljøfarlege kjemikalium. Noreg har lenge vore opptatt av betre vern mot hormonforstyrrande stoff, noko som også har komme med på ein god måte i den nye strategien.

 

Prosedyrane for vurdering og regulering av stoff skal effektiviserast. Strategien varslar òg styrkt lovgjeving for å regulere kombinasjonseffektar der kjemikalium blir meir farlege gjennom samvirke med andre stoff.

 

Kommisjonen vil òg betre handhevinga av regelverket. Frå norsk side har vi vore opptatt av betre kontroll med importerte produkt inn til EØS-området, og norske styresmakter har deltatt i felleseuropeiske tilsynsaksjonar.

 

Vi ser òg positivt på at Kommisjonen vil styrke arbeidet på globalt nivå for betre regulering av kjemikalium. Her er EU og Noreg viktige allierte.

 

President,

 

Det internasjonale Naturpanelet (IPBES)  har vist at vi har alle ein veg å gå for å verne naturen og sikre jordas biologiske mangfald.

 

EU har gjort sikring av miljø- og naturressursgrunnlaget til ein sentral del av den grøne omstillinga si.  Kommisjonen har lagt fram ein biodiversitetsstrategi mot 2030 og ein jordbruksstrategi "Farm to Fork" som sjåast i samanheng.   

 

Biodiversitetstrategien handlar i stor grad om bevaring og gjenoppretting av  natur. Målet er at Europas natur i 2030 skal vere på veg mot betring på ein måte som kjem menneska, klimaet og økonomien til gode, samtidig som EU skal jobbe for ambisjon i FN-forhandlingane om ein ny global naturavtale. "Farm to Fork" -strategien skal sikre overgangen til eit berekraftig matsystem i EU. Dette handlar om å ta vare på matsikkerheit og betre tilgangen til eit sunt kosthald frå ein sunnare planet, på ein måte som involverer bønder, næringsliv og forbrukarar.

 

Strategiane er breitt anlagde. Det vil vere område som blir omfatta av EØS-samarbeidet, sjølv om naturvern er halde utanfor EØS-avtalen og Noreg står utanfor EUs felles landbrukspolitikk. Eit døme på dette er arbeid som er varsla for å sikre meir berekraftig bruk av plantevernmiddel. Vi kan òg forvente at Noreg vil omfattast av tiltak som omhandlar EUs vassdirektiv, som er ramme for vassforvaltningsplanane våre. Noreg er òg tett på EUs arbeid med fornybar energi, der det blir varsla ein gjennomgang av biodrivstoff med høg risiko for arealbruksendringar.

 

 

President,

 

Europas grøne giv kombinerer klima og miljø med vekst, velferd og verdiskaping. Initiativet er forankra på høgaste politisk hald i EU for å sikre ei heilskapleg, strategisk og koordinert gjennomføring.

 

I Noreg er oppfølginga av Europas grøne giv eit felles prosjekt for heile regjeringa, godt koordinert av utanriksministeren. Vi er på vanleg måte godt i gang med å kartlegge og identifisere norske interesser i alle enkeltforslaga som blir lagt fram i EU.  Vi registrerer at norsk næringsliv, ulike bransjeaktørar og andre interessentar no òg orienterer seg mot Europas grøne giv og dei mange initiativa som er under utvikling.

 

Dette lovar godt for ambisjonen til regjeringa om at Noreg skal vere ein aktiv partnar for EU i det grøne skiftet.