Hammerfest kommune får 134 millionar kroner til opprydding i forureina sjøbotn

Hammerfest hamn er sterkt forureina og har vore eit av dei høgaste prioriterte områda i den nasjonale handlingsplanen for opprydding i forureina sjøbotn.

Miljødirektoratet løyver no 134 millionar kroner til Hammerfest kommune for å rydde opp i miljøgifter på sjøbotnen i hamna.

– Oppryddinga i Hammerfest hamn er eit viktig arbeid både for miljøet i havet og menneska som bur i Hammerfest. I dag utgjer miljøgiftene i sjøbotnen ein risiko både for helse og for livet i havet, Oppryddinga vil fjerne eller isolere store mengder miljøgifter frå å bli tatt opp i planter og dyr, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Forureininga i Hammerfest hamn skuldast blant anna tidlegare industri, avløp, avrenning frå gamle fyllplassar og ein bybrann under andre verdskrig. Miljøgiftene i sjøbotnen utgjer i dag ein risiko for helse og økosystemet.

Oppryddinga er ein del av eit større felles samordningsprosjekt mellom Hammerfest kommune, Hammerfest havn KF og Kystverket. I tillegg til oppryddinga av sjøbotn vil prosjektet gi Hammerfest kommune ei ny og utvida sentrumskai, ei ny fiskerikai og ei naudsynt farleiutdjuping i nærliggande områder.

Kystverket er tiltakshaver og byggherre for samordningsprosjektet, som skal setjast i gong i år og ferdiggjerast i 2023. Totalkostnadane for prosjektet er utrekna til om lag 457 millionar kroner, og skal fordelast mellom Hammerfest kommune, Hammerfest Havn KF, Troms og Finnmark fylkeskommune, Miljødirektoratet og Kystverket. Løyvinga frå Miljødirektoratet på 134 millionar kroner til Hammerfest kommune skal dekkje 75 prosent av kostnadane knytt til miljøtiltaka.