Haug var òg styreleiar for NUPI i perioden 2022–2025.

NUPI har som føremål å gje innsikt i mellomfolkelege spørsmål gjennom forsking og utgreiingar, og ved å spreie informasjon om internasjonale tilhøve.

Instituttet skal byggje opp kompetanse på område som er viktige for norsk utanrikspolitikk. Instituttet er uavhengig i alle faglege spørsmål.

Kunnskapsdepartementet oppnemner desse til NUPIs styre for perioden 1. januar 2026–31. desember 2029:

Styreleiar
Karl Erik Haug, professor i moderne historie og instituttleiar ved NTNU (1967, Trondheim)

Styremedlemmar

  • Teija Tiilikainen, Director of the European Centre of Excellence for Countering Hybrid Threats (1964, Helsingfors)
  • Laila Susanne Vars, seniorrådgjevar i Sametinget (1976, Kautokeino)
  • Simen Bræin, Senior Vice President i Statkraft (1972, Asker)
  • Christian Chramer, direktør i Norges sjømatråd (1973, Tromsø)

Varamedlemmar

  • Lise Rakner (1. varamedlem), professor i statsvitskap ved Universitetet i Bergen (1963, Bergen)
  • James Jerome John Cameron (2. varamedlem), førsteamanuensis i moderne nordamerikansk historie (1984, Oslo)