Presseinvitasjon:
Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre lanserte ny hjernehelsestrategi 25. juni kl 12.00–13.00
Nyheit | Dato: 23.06.2026 | Sist oppdatert: 25.06.2026 | Helse- og omsorgsdepartementet
Lanseringa blei gjort på eit digitalt webinar. På webinaret deltok Alzheimer-ramma Ingebrigt Steen Jensen saman med dottera Thea Jensen.
Fleire leiande ekspertar deltok også på webinaret, mellom andre professor Anne Marie Mork Rokstad, fagsjef kognisjon og demens ved Aldring og helse; professor i nevrologi Kjell Morten Myhr ved Universitetet i Bergen; Marte Roa Syvertsen, lege i nevrologi og forskingssjef ved Drammen sjukehus, og generalsekretær Henrik Peersen i Hjernerådet.
Noreg var først i verda med ein strategi for hjernehelse. No er den oppdatert for dei neste ti åra – fordi behovet er større enn nokon gong. Hjernesjukdommar er vår tids største helseutfordring, og éin av tre av oss vil bli ramma i løpet av livet.
Du kan sjå webinaret i strøymevinduet under.
Lansering hjernehelsestrategi
Sjå sendinga her
Arrangementet blei filma av Departementa sin digitaliseringsorganisasjon (DIO), og ein kunne følge den direkte på denne sida. DIO kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dio-lydogbilde@dio.dep.no. Presse som ønsker å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykke «Del video»-knappen i videospelaren på denne sida.