Bakgrunnen for den nye strategien er at kvar tredje av oss i løpet av livet blir ramma av ein hjernesjukdom. 

Med nye strategien set regjeringa retning for korleis ein kan fremje god hjernehelse, førebygge sjukdom, betre pasientforløpa for pasientar med hjernesjukdommar og fremje forsking og innovasjon på hjernesjukdommar.

Regjeringa vil også auke kunnskapen om hjernehelse – både i befolkninga og i helse- og omsorgstenesta.

Under kan sjå webinaret frå 25. juni då helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre lanserte den nye strategien. 

Nett-tv Lansering hjernehelsestrategi

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Arrangementet blei filma av Departementa sin digitaliseringsorganisasjon (DIO), og ein kunne følge den direkte på denne sida. DIO kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dio-lydogbilde@dio.dep.no. Presse som ønsker å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykke «Del video»-knappen i videospelaren på denne sida.