Presseinvitasjon:
Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre opnar protonsenter i Bergen
Nyheit | Dato: 12.05.2025 | Helse- og omsorgsdepartementet
Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre opnar det nye protonsenteret i Bergen tysdag 13. mai.
Stad: Protonbygget, hovudresepsjonen i 1. etasje, Haukelandsbakken 48.
Tid: 13. mai 2025 klokka 09.00 - 11.00
Strålebehandling med protonar er eit nytt behandlingstilbod i Noreg, og blir etablert som ei fleirregional behandlingsteneste. Dette sikrar lik behandling for pasientar i alle landsdelar. Protonbehandling er ein meir skånsam behandlingsform enn tradisjonell strålebehandling og reduserer faren for biverknader over lang tid og seinskadar. Ved at strålinga blir tilpassa betre til kreftvevet, blir det gitt mindre stråling til det friske vevet rundt.
Haukeland universitetssjukehus skal ta imot pasientar frå Helse Midt-Noreg og Helse Vest. Oslo universitetssjukehus ved Radiumhospitalet tar imot pasientar frå Helse Nord og Helse Sør-Aust.
Pressa er velkomne til å delta. Ta kontakt med underdirektør i kommunikasjonseininga, Andreas Keus, ved spørsmål. E-post andk@hod.dep.no, m. 950 72 023.