Presseinvitasjon:
Helse- og omsorgsministeren besøker Hadeland, Ringerike og Valdres tysdag 22. september
Nyheit | Dato: 21.09.2026 | Helse- og omsorgsdepartementet
Småskala matproduksjon, mat i skulen, psykisk helse, lokale helsetenester, helseberedskap og rehabilitering står på programmet når helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre besøker Jevnaker, Hønefoss og Valdres tysdag 22. september. Landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen er med på delar av besøket.
Program
Besøk på Finnerud Gård med landbruks- og matministeren
Tema for besøket er marknadshage, som vil seie at alt som blir produsert, blir selt direkte til restaurantar og forbrukarar. Over jordbruksavtalen i år er det sett av åtte millionar kroner til eit nytt tilskot til marknadshagar for småskala grøntproduksjon på 1–10 dekar. Tilskotet skal vere ei risikoavlasting og bidra til å fremje direktesal for småskala grønt- og bærprodusentar.
Tid: Kl. 07.45–08.30
Stad: Finnerud gård, Prestensrudveien 30, 3520 Jevnaker
Besøk på Hov ungdomsskole med landbruks- og matministeren
Vestre og Sandtrøen deltar i ein mat og helse-time på Hov ungdomsskole.
Tid: Kl. 08.50–09.30
Stad: Hov ungdomsskole, Hovsmarkveien 14, 3515 Hønefoss
Besøk på Fekjær psykiatriske senter
Fekjær psykiatriske senter i Hedalen tilbyr spesialisert behandling for unge vaksne med moderate til alvorlege psykiske lidingar. Midt i eit levande kulturlandskap dannar eit gardstun med småhus og tømmerhus ei annleis ramme, der aktivitetar og deltaking er ein viktig del av behandlinga. Behandlinga er individuelt tilrettelagd og kombinerer mellom anna samtalebehandling og miljøterapi med sosialt fellesskap, fysisk aktivitet, friluftsliv og praktiske aktivitetar. Fekjær har driftsavtale med Helse Sør-Aust RHF for unge vaksne pasientar med samtidig rusliding og psykisk liding. Vestre får ei omvising og møter leiinga, tilsette og pasientar.
Tid: Kl. 10.45–12.00
Stad: Fekjarvegen 110, 3528 Hedalen
Besøk på Valdres lokalmedisinske senter
Valdres lokalmedisinske senter (VLMS) er eit felles helse- og omsorgssenter for dei seks Valdres-kommunane. Senteret samlar mellom anna legevakt, jordmorteneste og døgnbaserte kommunale helsetenester, i tillegg til spesialisthelsetenester som poliklinikk, dialyse og røntgen. Vestre får ei omvising og møter leiing og tilsette.
Tid: Kl. 13.10–14.10
Stad: Garlivegen 14, 2900 Fagernes
Innlegg på Valdreskonferansen
Helseministeren held innlegg om helseberedskap på Valdreskonferansen 2026 (valdres-nhage.no).
Tid: Kl. 14.15–14.25
Stad: Scandic Valdres, Jernbanevegen 26, 2900 Fagernes
Besøk på Beitostølen Helsesportsenter
Beitostølen Helsesportsenter gir re-/habiliteringstilbod til barn, ungdom og vaksne med ulike diagnosar, funksjonsnedsetjingar og funksjonsnivå. Gjennom tilpassa fysisk aktivitet, kombinert med medisinsk, pedagogisk og sosialfagleg oppfølging, får deltakarane verktøy til å utfordre eigne grenser og skape nye meistringsarenaer. Vestre får ei omvising og møter leiinga, tilsette og brukarar.
Tid: Kl. 15.15–16.30
Stad: Sentervegen 4, 2953 Beitostølen
Folkemøte med to statsrådar på Vinstra
Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre og landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen held folkemøte på Vinstra.
Tid: Kl. 18.30–20.00
Stad: Thon Hotel, Vinstra – Peer Gynt Hotel & Spiseri, Rustveien 81, 2640 Vinstra
Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgivar Elisabeth Johansen, tlf. 99 607 525.
Pressekontakt for folkemøtet: Politisk rådgivar Andreas Jansen, tlf. 915 81 158.