Presseinvitasjon:
Helse- og omsorgsministeren inviterer til uformell pressefrokost
Nyheit | Dato: 02.10.2025 | Helse- og omsorgsdepartementet
Jan Christian Vestre inviterer journalistar og kommentatorar som er opptatt av helsepolitikk til ein uformell frukost for å snakke om dei viktigaste helsepolitiske sakene framover.
Vestre ønsker å fortelje om sakene regjeringa arbeider med, saker som det nye Stortinget skal behandle, og svare på spørsmål om aktuelle helsepolitiske saker som pregar nyheitsbildet.
Tid: Tirsdag 7. oktober kl. 08.00–09.00
Stad: Regjeringskvartalet, R5, Løvelosjen, Akersgata 59
Påmelding til senior kommunikasjonsrådgivar Anne Kathrine Aambø, epost akaa@hod.dep.no., mobil 412 93 018.
Det blir enkel servering.
Tilgang
Journalistar som skal delta på pressekonferansen må kunne vise gyldig legitimasjon samt pressekort for å kunne delta på pressekonferansen. Gyldig legitimasjon er pass, nasjonalt ID-kort eller førarkort (ikkje digitalt). Dersom gyldig legitimasjon ikkje kan visast, vil det ikkje vere mogleg å delta på pressekonferansen.