Fiskeri- og havministeren overrekker Vandrekvalen til helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.

Bak initiativet står organisasjonen Framtidshavet, som jobbar med å spreie kunnskap om plastforsøpling i havet.

– At Vandrekvalen no sym vidare til helse- og omsorgsministeren, er viktig. Vi treng meir kunnskap om kva mikro- og nanoplast kan ha å seie for helsa vår, men det er samtidig viktig at vi ikkje ventar med å hindre at meir plast hamnar i naturen. Vi er svært takksame for fokuset både fiskeri- og havministeren og helse- og omsorgsministeren set på saka. Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt, seier Kenneth Bruvik, grunnleggjar av Framtidshavet.

– Vi blir stadig meir bevisst om farane plastforureining utgjer, både for miljøet og for menneske. For oss som jobbar med folkehelse, er det aller viktigaste at vi får meir kunnskap. Det meiner eg Framtidshavet, med initiativ som Vandrekvalen, er med på å bidra til, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.

Framtidshavet jobbar for å spreie kunnskap om plastforsøpling i havet og om korleis vi kan gjere noko med det. I 2022 blei det for første gong arrangert ein ryddeaksjon i Hardangerfjorden. Dette har sidan blitt ein årleg tradisjon, med mål om plastfrie fjordar og eit plastfritt hav.

– Forsøpling av hava våre er alvorleg, og vi må alle vere bevisst og bidra til å redusere særleg plastforureininga. Vandrekvalen minner oss om nettopp det. Den frivillige innsatsen – engasjementet som kvalen symboliserer – er inspirerande og utruleg viktig. Eg vil takke Framtidshavet og dei andre aktørane som har vigd seg til dette, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.

Studiar tyder på at eksponering for mikro- og nanoplast kan utgjere ein helsefare for menneske. Samtidig finst det framleis store manglar i kunnskapen om og forståinga av langsiktige helseeffektar, eksponeringsvegar og korleis vi kan redusere og motverke eksponeringa.

– Dei siste åra har det vore fleire store forskingsprosjekt i EU om helseeffektane av mikroplast. Norske forskingsinstitusjonar har delteke i dette arbeidet, som legg grunnlaget for framtidige reguleringar. Og medan det blir forska og innført tiltak, må vi alle vere føre var og redusere spreiinga av plast så mykje som mogleg, seier Vestre.

Vandrekvalen har tidlegare vore på besøk hos Sotragruppen, Stortinget, Klima- og miljødepartementet, Sjømat Norge, Cermaq, Fiskeridirektoratet og Nærings- og fiskeridepartementet.