Presseinvitasjon:
Helsereformutvalet legg fram si utgreiing
Nyheit | Dato: 27.10.2026 | Helse- og omsorgsdepartementet
Helsereformutvalet leverer si utgreiing måndag 2. november kl. 11.00 til helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.
- Tid: Måndag 2. november kl. 11.00 (dørene opnar kl. 10:30)
- Stad: Marmorhallen, Kongens gate 18–20, Oslo.
- Legitimasjonskrav: Alle må vise gyldig legitimasjon for å kome inn. Gyldig legitimasjon er til dømes pass, nasjonalt ID‑kort eller førarkort. Digitalt førarkort blir ikkje rekna som gyldig legitimasjon.
Pressekonferansen blir strøyma. Denne sida kjem til å bli oppdatert med ein strøymevindauge, som du kan bruke til å sjå overrekkinga.
Påmelding frå presse: Kontakt seniorrådgjevar Anne Kathrine Aambø. E-post: akaa@hod.dep.no. Mobil: 412 93 018.
Påmelding frå verksemder er stengt, fordi arrangementet er fullteikna.