Her er vinnarane av Kulturdepartementet sine prisar for barne- og ungdomslitteratur

Ni forfattarar, illustratørar, omsetjarar og teikneserie-skaparar vart heidra då prisar til barne- og ungdomslitteratur frå bokåret 2023 vart delt ut i dag.

Lubna Jaffery med alle prisvinnerne på scenen i auditoriet på Nasjonalbiblioteket.
Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery med vinnarane av prisane for barne- og ungdomslitteratur for bokåret 2023. Foto: KUD

– Norsk barne- og ungdomslitteratur har ein kvalitet og eit mangfald som få andre land kan måle seg med. Og dei nominerte løfter litteraturen til nye høgder, sa kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery då ho delte ut prisane.

For bokåret 2023 var 28 forfattarar, illustratørar, omsetjarar og teikneserie-skaparar nominert innanfor sju kategoriar. Vinnarane mottek ei gåve på 50.000 kroner.

Prisane har blitt delt ut kvart år sidan 1948. Det er Norsk barnebokinstitutt som administrerer prisarbeidet på vegne av departementet. Dei nominerte er vald ut basert på kvalitetskriterium.

Kulturdepartementet sine prisar for barne- og ungdomslitteratur 2023

LITTERATURPRISEN

Litteraturprisen 2023 gjekk til Taran L. Bjørnstad for Uke 40.

Dei nominerte:

Nina Borge for League, Gyldendal

Taran L. Bjørnstad for Uke 40, Aschehoug

Bjørn Sortland for Johnny 777. Mission 6: Kairo, Vigmostad og Bjørke

BILDEBOKPRISEN

Bildebokprisen 2023 gjekk til Mariko Miyata-Jancey og Marianne Gretteberg Engedal for Mieko danser.

Dei nominerte:

Mariko Miyata-Jancey og Marianne Gretteberg Engedal for Mieko danser, Gyldendal

Hannah Mileman og Nora Dåsnes for Vesle vil også overnatte, Aschehoug

Andreas Rand og Annette Saugestad Helland for Nesejakten, Aschehoug

FAGBOKPRISEN

Fagbokprisen 2023 gjekk til Ragnhild Holmås og Henriette T. Osnes for Ordenes hårreisende hemmeligheter.

Dei nominerte:

Kristin Storrusten og Victoria Sandøy for Jeg elsker pinner og minst 89 grunner til at du også burde gjøre det, Vigmostad og Bjørke

Anne Karin Sæther og Kristine Sand for Må vi slutte med olje?, Cappelen Damm

Ragnhild Holmås og Henriette T. Osnes for Ordenes hårreisende hemmeligheter. Absurde avsløringer fra språkets spinnville liv, Aschehoug

TEIKNESERIEPRISEN

Teikneserieprisen 2023 gjekk til Kjersti Synneva Moen for Grip den føkkings dagen.

Dei nominerte:

Aleksander Kirkwood Brown og Thomas Falla Eriksen for Skare. Snøengler, Strand forlag

Kjersti Synneva Moen for Grip den føkkings dagen, Aschehoug

Victor Nordahl for Ville poter. Skogen, Egmont

Omsetjarprisen

Omsetjarprisen 2023 gjekk til Fartein Døvle Jonassen for omsetjinga av: Familien Swift.

Dei nominerte:

Fartein Døvle Jonassen for omsetjinga frå engelsk av: Familien Swift, av Beth Lincoln; Solum Bokvennen

Knut Inge Andersen for omsetjinga frå polsk av: På fire bein. Soloppgang, av Berenika Kolomycka; Andersens forlag

Håkon Viggen for omsetjinga frå engelsk av: De fæle fem, av Julia Donaldson; Omnipax

ILLUSTRASJONSPRISEN

Illustrasjonsprisen 2023 gjekk til Esther van Hulsen for illustrasjonane til: Det ville Norge.

Dei nominerte:

Åshild Irgens for illustrasjonane til: Oskar og eg, av Maria Parr; Samlaget

Bendik Skotland for illustrasjonane til: Elli og Enter og den store planteplanen, av Vaar Bothner; Gyldendal

Esther van Hulsen for illustrasjonane til: Det ville Norge, av Ole Mathismoen; Fontini forlag

DEBUTANTPRISEN

Debutantprisen 2023 gjekk til Heidi Marie Vestrheim for Jenny Fender.

Dei nominerte:

Oda Valle for Esters univers. Bonusbror og marsvintrøbbel, Aschehoug

Heidi Marie Vestrheim for Jenny Fender, Gyldendal

Pia Sabel Gulling for Heltefabrikken, Cappelen Damm