Her er vinnarane av utmerkingane for sunnare kosthald

Fjordland og Opplysningskontoret for frukt og grønt er vinnarar av Helse- og omsorgsdepartementet sine utmerkingar for sunnare kosthald 2023.

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol deler ut pris til Opplysningskontoret for frukt og grønt
Maren Berg fra Opplysningskontoret for frukt og grønt mottok fredag 9. februar førstepremien i kategorien "sunnere markedsføring" da helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol delte ut Intensjonsavtalen for et sunnere kostholds utmerkelser. Foto: Helse- og omsorgsdepartementet

Fjordland vant i kategorien Sunnare produkt med fisk i ferdigrettar, mens Opplysningskontoret for frukt og grønt vant i kategorien Sunnare marknadsføring med Smaksverkstedet - 5 om dagen barnehage.

– Det er sunt og bra for folkehelsa at forbruket av fisk og sjømat aukar. For å få til dette, er det viktig at aktørar som Fjordland satsar på et bredt utval av fiskerettar som er attraktive både for nye og meir tradisjonelle forbrukargrupper, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

Dei ulike finalistane

Det var tre finalistar i kvar kategori.

I kategorien Sunnare produkt var finalistane

  • Fjordland med fisk i ferdigrettar,
  • TINE SA med mindre feitt i Norvegia original, og
  • REMA 1000 med Grovt & Godt

I kategorien Sunnare marknadsføring var finalistane:

  • Opplysningskontoret for frukt og grønt med Smaksdetektiv – 5 om dagen barnehage,
  • Meny med Fiskeknappen, og
  • Kiwi med momskutt på fisk

Viktig med godt grunnlag tidleg

I kategorien Sunnare marknadsføring vant Opplysningskontoret for frukt og grønt med sitt konsept Smaksdetektiv – 5 om dagen barnehage.

– Å legge grunnlaget for eit sunt kosthald i ung alder er viktig, fordi vi veit at matvanar ofte blir tatt med inn i vaksenlivet. Tiltak som dette kan føre til betydelege helsegevinstar for befolkninga på lang sikt, seier Kjerkol.

Vinnarane blei kåra på #MerAv-seminaet fredag 9. februar, som blei arrangert av Norges Frukt- og Grønnsaksgrossisters Forbund, Sjømat Norge, Baker- og Konditorbransjens Landsforening,  Opplysningskontoret for frukt og grønt og Helsedirektoratet på Næringslivets hus i Oslo.

Helse- og omsorgsdepartementet sine utmerkingar skal fremje arbeidet som blir gjort i tilknytning til intensjonsavtalen om tilrettelegging for et sunnare kosthald. Utmerkinga skal gi ekstra merksemd til aktørar som gjer ein særlig innsats for å utvikle og/eller marknadsføre sunnare mat- og drikkevarer slik at det blir lettare for forbrukarane å ta sunnare val og ete sunt.

Intensjonsavtalen for eit sunnare kosthald er ein samarbeidsavtale mellom helsemyndigheitene og matbransjen for å betre kosthaldet i befolkninga. Avtalen går fram til 31. desember 2025.