I løpet av dei siste åra har stadig fleire tatt i bruk digitale helsetenester, med ei tydeleg auke frå første undersøking i 2019. Talet for 2025 er omtrent det same som året før.

– Vi skal ha verdas mest digitaliserte helsetenester. At seks av ti nordmenn har nytta digitale helsetenester det siste året eit godt utgangspunkt. Vår jobb er å nå ut til enda fleire og gjere bruken enkel og nyttig, og digitale hjelpemiddel kan vere eit godt supplement, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.

Oppmoding om sjølvhjelpsverktøy

Om lag éin av åtte (13 prosent) seier at dei har blitt oppmoda av helsetenestene til å bruke app og/eller andre digitale sjølvhjelpsverktøy som del av si behandling.

– Dette er spennande funn. Nordmenn er på full fart inn i framtida og tar i bruk nye behandlingsformer som gjer kvardagen enklare og som kan gjere presset på personellet i vår felles helseteneste lågare. Nettopp derfor har vi saman med Helsedirektoratet starta arbeidet med ei KI-teneste for innbyggarar, seier Vestre.

Digital kontakt med fastlege

Ei anna digital satsing frå regjeringa det siste året er å gå i gang med prøveprosjekt om digital allmennlegeteneste, slik at innbyggarar får meir tilgjengeleg helsehjelp.

Eit av resultata frå undersøkinga viser at sju av ti meiner det er greitt å ha digital kontakt med ein annan lege dersom deira eigen fastlege ikkje er tilgjengeleg.

– Dette er ei oppløftande tilbakemelding, som viser kvifor vi må satse på den digitale allmennlegetenesten. Innbyggarane etterlyser eit slik tilbod, samtidig som vi ser at det kan avlaste helsetenestene, seier Vestre.

Færre nøgde, fleire på gjerdet

At 57 prosent av dei spurte er nøgde med dei digitale helsetenestene er samanliknbart med talet i både 2022 og 2023 (58 prosent begge år).

Samtidig viser tala ein reduksjon frå 2024 på sju prosentpoeng. Det må sjåast i samanheng med at dei som svarer «verken eller» eller «veit ikkje» har auka tilsvarande.

Fakta om undersøkinga

  • Helsedirektoratet har sidan 2019 gjennomført årlege kartleggingar av høvesvis innbyggarane og helsepersonell si bruk av, haldningar til og tilfredsheit med digitale helse- og omsorgstenester.
  • Datainnsamlinga i 2025 er gjennomført blant 1590 respondentar i eit landsrepresentantativt utval av befolkninga over 16 år via ei webundersøking.
  • Med digitale helsetenester meiner ein kommunikasjon med lege, sjukehus eller annan behandlar over internett eller mobilapplikasjonar. Kontakten kan vere skriftleg, via video eller telefon.