Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Statsbudsjettet 2020:

Høgt aktivitetsnivå på jernbanen med anleggsstart, nye tog og betre togtilbod

- Med budsjettforslaget for 2020 har vi auka løyvingane til jernbane med 88 prosent sidan regjeringsskiftet i 2013. I 2020 vil vi halde fram med å løfte norsk jernbane til eit moderne transportsystem, som kvar dag kan frakte fleire passasjerar og meir gods på ein miljøvenleg måte, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Regjeringa foreslår å løyve i alt 26,8 milliardar kroner til jernbaneformål i 2020. Budsjettet til  Jernbanedirektoratet  aukar med 1,1 milliardar kroner, eller 4,5 prosent, frå 2019. Dei viktigaste løyvingsforslaga i jernbanebudsjettet for 2020 omfattar nær 11,6 milliardar kroner til investeringar i ny infrastruktur, 1,6 milliardar kroner til planlegging av investeringar, 8,7 milliardar kroner til drift og vedlikehald av jernbanenettet og drygt 4 milliardar kroner til statleg kjøp av persontransporttenester. 

Anleggsstart for nye investeringsprosjekt på Dovrebanen og i Trøndelag

Regjeringa foreslår å løyve pengar til anleggsstart for InterCity-prosjektet Kleverud-Sørli på Dovrebanen. I tillegg er det prioritert midlar til å fullføre planlegginga av den neste strekninga på Dovrebanen, Sørli-Åkersvika, slik at det kan bli anleggsstart i 2021. Dette legg til rette for å nå målet om samanhengande dobbeltspor til Åkersvika utanfor Hamar innan 2026. Dette vil gi fleire avgangar og ei reisetid mellom Oslo og Hamar på om lag ein time.    

I statsbudsjettet for 2020 foreslår regjeringa å starte anleggsarbeida for å elektrifisere Trønderbanen mellom Trondheim stasjon og Stjørdal, Meråkerbanen mellom Hell og riksgrensa og Stavne-Leangenbanen i Trondheim. Toga som køyrer på desse strekningane i dag går på diesel. Elektrifisering vil gjere det mogleg å redusere både utslepp frå togtrafikken og kostnadene for selskapa som køyrer toga.

Full framdrift i pågåande investeringsprosjekt

Regjeringa prioriterer  full framdrift i alle store pågåande utbyggingsprosjekt. Dette betyr vidareføring av arbeidet på følgjande strekningar, med årstal for planlagt ferdigstilling i parentes:

  • Follobanen, nytt dobbeltspor mellom Oslo og Ski (2022)
  • Nykirke-Barkåker (2024) og Drammen-Kobbervikdalen (2025) på Vestfoldbanen
  • Venjar-Eidsvoll-Langset på Gardermo- og Dovrebanen (2023)
  • Sandbukta-Moss-Såstad på Østfoldbanen (2024)
  • Arna-Fløen på Vossebana (2022), inkludert ferdigstilling i 2020 av ny Ulriken tunnel

Prosjekta legg til rette for raskare reisetider, betre togtilbod og ein meir driftsstabil jernbane, slik at fleire reisande vil velje toget som transportmiddel.

Av andre mindre investeringar som legg til rette for å gjere jernbanen meir robust og auke kapasiteten, prioriterer regjeringa:

  • bygging av kryssingsspor på Gjøvikbanen
  • plattformforlengingar på Vossebana og strekningane Stabekk-Ski og Spikkestad-Lillestrøm
  • bygging av anlegg for togparkering på Kongsberg på Sørlandsbanen, Ski Østfoldbanen, og Gjøvik og Jaren på Gjøvikbanen

Prioriterer planlegging for å gjere nye prosjekt klare til anleggsstart

For å gjere nye utbyggingsprosjekt klare til anleggsstart, er det avgjerande å prioritere planlegging. Regjeringa foreslår å setje av pengar til fellesprosjektet Ringeriksbanen E16 Høgkastet-Hønefoss, slik at planlegginga av prosjektet kan bli ferdig i løpet av  2020. Regjeringa prioriterer òg å vidareføre planlegginga av nye InterCity-prosjekt på Vestfoldbanen, Dovrebanen og Østfoldbanen.      

I tillegg går regjeringa mellom anna inn for å vidareføre planlegginga av ny Oslotunnel mellom Oslo S og Lysaker, fellesprosjektet E16 Vossebana (Arna-Stanghelle) og tiltak for å oppnå halvtimesfrekvens på Trønderbanen.  

Nye tog og liggestolar i nattoga skal auke kapasiteten og betre komforten

Sidan 2008 har det vore lagt til rette for innkjøp av 150 nye persontog, av typen Flirt. 123 av desse Flirt-toga skal vere leverte og sette i trafikk ved utgangen av 2020. I statsbudsjettet for 2020 foreslår regjeringa 110 millionar kroner til å ta i bruk ni nye Flirt-tog, som mellom anna skal gi auka kapasitet på Austlandet. 

I statsbudsjettet for 2020 foreslår regjeringa 50 millionar kroner til å byggje om fem personvogner til sovevogner med liggestolar, av typen «business-class» på fly.  Dei første av vognene som blir bygde om, kan vere i drift i midten av 2020, medan dei siste vognene kan bli ferdigstilt i byrjinga av 2021.

Meir attraktivt togtilbod  

I tillegg til å modernisere infrastrukturen og fase inn nye tog, er regjeringa oppteken av  å gjere togtilbodet meir attraktivt, mellom anna ved å foreslå: 

  • 7,5 millionar kroner til Vestfoldbanen for å etablere eit pendlartilbod frå Vestfold til Grenland om morgonen.
  • 12,2 millionar kroner til fleire helgeavgangar for å betre togtilbodet i folkerike område i sørlige delar av Oslo og Ski. Tiltaket inneber å utvide tilbodet til å ha avgangar kvar halvtime i helgene.
  • 6,6 millionar kroner til å utvide rushtidstilbodet for lokaltrafikken i Oslo, og trafikken mellom Østfold og Oslo. Rushtida blir utvida frå desember 2019 med åtte ekstra avgangar på kvardagar til Ski, Moss, Halden og Dal. Frå desember 2020 blir det i alt 23 avgangar med dobbeltsett framfor enkeltsett.
  • 15,6 millionar kroner til å sikre saumlause reisetilbod til kollektivkundane i Oslo/Viken og Trøndelag. Ved omstiging skal den reisande berre trenge å ha éin billett frå éin tilbydar for heile reisa - uavhengig av framkomemiddel.
  • 7,5 millionar kroner til å installere mobilforsterkarar ("repeatere") på tog på Austlandet for å gi dei reisande eit betre togtilbod på pendlarstrekningane, særleg på Østfoldbanen.
  • 50 millionar kroner til å etablere sykkelhotell eller andre former for sykkelparkering. Tiltaka skal få fleire reisande til å bruke sykkel til og frå jernbanestasjonar og knutepunkt - som eit ledd i ein grøn reisekjede.

Meir gods på bane

Sjølv om dei store utbyggingsprosjekta i stor grad tek utgangspunkt i behovet for å styrkje persontogtilbodet, gir mange av utbyggingane òg auka kapasitet for godstransporten. For å få meir gods på bane, foreslår regjeringa i tillegg 448 millionar kroner til særskilte tiltak som skal betre vilkåra for den skinegåande varetransporten.

I 2020 omfattar dette mellom anna investeringar i planovergangstiltak på Kongsvingerbanen, opprusting av Alnabru godsterminal i Oslo og bygging av kryssingsspor på Bolstadøyri på Vossebanen og Ler på Dovrebanen.  

I tillegg blir det i 2020 lagt opp til å planlegge mellom anna kryssingsspor på Bodung og Galterud på Kongsvingerbanen, Bøn og Jessheim på Hovedbanen, Kirkenær på Solørbanen, Løten på Rørosbanen og Sandermosen på Gjøvikbanen.  

Fleire godsoperatørar på jernbanen har slite økonomisk dei siste åra. Bakgrunnen er sterk konkurranse frå vegtransporten og at vareeigarane ikkje har opplevd jernbanetransport som påliteleg nok. Regjeringa innførte tidligare i år ei midlertidig støtteordning på inntil tre år for godsoverføring frå veg til jernbane. I tråd med dette går regjeringa med budsjettforslaget inn for å vidareføre ordninga i 2020 med 88 millionar kroner.  

Eit av Noregs største IKT-prosjekt skal bidra til ein meir punktleg togtrafikk

Signalfeil er ei av dei viktigaste årsakene til forseinkingar og innstillingar i togtrafikken. Innafor den økonomiske ramma til drift og vedlikehald av infrastrukturen i 2020 prioriterer regjeringa om lag 1,4 milliardar kroner til å halde framdriftsplanen for innføring av det felleseuropeiske togkontrollsystemet ERTMS (European Rail Traffic Management System) på heile det norske jernbanenettet. Å skifte ut dei gamle signalanlegga med det heildigitale ERTMS-systemet er eit av dei største IKT-prosjekta i Noreg for tida. ERTMS vil mellom anna gi ei meir punktleg trafikkavvikling og moglegheit for tettare togavgangar på strekningar med dobbeltspor.

Heile det norske jernbanenettet skal etter planen vere utstyrt med ERTMS innan 2034. I 2020 er planen å gjennomføre førebuande arbeid på Nordlandsbanen, Bergensbanen, Gjøvikbanen og Østfoldbanen.

 

Til toppen