Holbergprisen til professor Achille Mbembe

I dag vart det kjent at professor Achille Mbembe frå Kamerun får Holbergprisen for hans framifrå forsking om det postkoloniale Afrika, om tema som rasisme, pandemi, klimakrise og kunstig intelligens. Mbembe er òg den første Holbergprisvinnaren frå Afrika. I tillegg får den indiske professoren Siddharth Sareen, tilsett ved Universitetet i Stavanger, Nils Klim-prisen.

Achille Mbembe får årets Holbergpris og Siddarth Sareen får Nils Klim-prisen.
Achille Mbembe får årets Holbergpris og Siddarth Sareen får Nils Klim-prisen. Foto: Chanté Schatz, University of the Witwatersrand ogTrygve Tollefsen, AYF

– Eg vil sende dei hjartelegaste gratulasjonar til Mbembe og Sareen for årets Holberg- og Nils Klim-pris. På kvar sin måte rettar dei søkelyset mot global rettferd, identitet og berekraft. Det banebrytande arbeidet deira viser tydeleg kor viktig forsking er for å forstå og forbetre verda, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).

Holbergprisen er ein internasjonal forskingspris som heidrar dei akademiske bragdene til forskarar innanfor humaniora, samfunnsvitskap, jus og teologi. Prisen har ein verdi på 6 millionar kroner og blir delt ut i ein høgtideleg seremoni ved Universitetet i Bergen i juni kvart år.

Nils Klimprisen går kvart år til ein forskar under 35 år frå eller i eit nordisk land, som har utmerka seg innanfor Holbergprisens fagområde. Denne prisen har ein verdi på 500 000 kroner og vert overrekt under same seremoni som Holbergprisen, ved Universitetet i Bergen.

Viktig for forståinga av rasisme og svartheit i eit postkolonialt lys

Achille Mbembe er professor i historie og politikk ved Wits Institute for Social and Economic Research, Witwatersrand University, i Sør-Afrika.

Mbembe er ein av verdas fremste forskarar på det postkoloniale Afrika. Han har spelt ei sentral rolle i tenkinga om rasisme. Tidleg i karrieren forska han mykje på kolonial vald, afrikansk motstand og kampane for sjølvstende.

Mbembe er òg kjent for sine historiske analyser av svartheit. Han peiker på korleis svartheit ofte vart forbunde med å vere ikkje-menneskeleg eller dyreaktig, og dermed rettferdiggjorde undertrykking og utbytting.

I tillegg til å vere ein av dei mest leste og siterte forskarane frå det afrikanske kontinentet, er Mbembe òg ein framståande samfunnsdebattant og politisk aktør.

Nils Klim-prisen til Siddharth Sareen

I år går Nils Klim-prisen til den indiske forskaren Siddharth Sareen, professor i miljø og energi ved Universitetet i Stavanger.

Sareen har bygd forskarkarrieren på eit imponerande tverrfagleg grunnlag, der samfunnsvitskap og humaniora møter teknologi og klimavitskap, og har etablert seg som ein kreativ forskar og akademisk rettleiar.

Sareen leiar programmet for berekraftsomstilling (Sustainability Transformation) ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet ved Universitet i Stavanger.

Komiteen trekk fram Sareens imponerande liste over publikasjonar, som spennar over eit vidt spekter av fagfelt. Han har mellom anna skrive om  styring av energiomstilling på forskjellige nivå og i ulike miljø.

Sareen behandlar óg kompliserte tema som berekraft og ansvar, energihistorie, klimarettferd, urban og ikkje-urban geografi, demokrati og sosial inkludering.