Portrett av Holbergprisvinner Lyndal Roper og Nils Klim-prisvinner Majse Lind
Lyndal Roper får Holbergprisen og Majse Lind får Nils Klim-prisen. Foto: John Cairns og Sara Mee Joo

Forskinga hennar om hekseprosessar, bondeopprør og Martin Luthers liv og tankar har endra forståinga vår av både kvardagslivet og politiske konfliktar på 1500-talet.

– På vegner av den norske regjeringa vil eg gratulere professor Lyndal Roper med Holbergprisen 2026. Forskinga hennar gir oss nye perspektiv på Europas historie og viser korleis tankane og førestillingane frå fortida framleis påverkar oss i dag. Ropers arbeid er eit døme på kvifor humanistisk forsking er viktig for å forstå samfunnet vi lever i, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap).

Holbergprisen er ein internasjonal forskingspris som heidrar dei akademiske bragdene til forskarar innanfor humaniora, samfunnsvitskap, jus og teologi. Prisen har ein verdi på 6 millionar kroner og blir delt ut i ein høgtideleg seremoni ved Universitetet i Bergen i juni kvart år.

Nils Klim-prisen til Majse Lind

Nils Klim-prisen går kvart år til ein yngre forskar frå eller i eit nordisk land, som har utmerkt seg innanfor Holbergprisens fagområde. Denne prisen har ein verdi på 500 000 kroner og blir overrekt under den same seremonien som Holbergprisen, ved Universitetet i Bergen.

I år er det Majse Lind, førsteamanuensis ved Universitetet i Aalborg, som får Nils Klim-prisen. Hennar forsking handlar om psykisk helse, med særleg fokus på ungdom og eldre. Ho undersøker mellom anna korleis historier som menneske fortel om seg sjølve, kan brukast til å identifisere og behandle psykiske utfordringar, som personlegdomsforstyrringar og identitetsproblem.

– Eg vil også gratulere Majse Lind med årets Nils Klim-pris for hennar nyskapande forsking på ungdom, identitet og psykisk helse, eit felt som angår mange og som har stor samfunnsmessig betydning, seier Aasland.