Historisk arkiv

Høyring: konkurranse om regionale ruteflygingar i Sør-Noreg frå 1. april 2020

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

– Flytilbodet på kortbanenettet er eit viktig transporttilbod for distrikta i Noreg. I samband med ny konkurranse om ruteflygingar i Sør-Noreg ønsker vi derfor innspel frå dei som faktisk nyttar tilbodet i distrikta. I tillegg har vi innhenta faglege analyser og vurderingar frå ein ekstern part, som kan nyttast som grunnlag for korleis rutetilbodet skal utformast, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Samferdselsdepartementet ber no om innspel i samband med arbeidet med ny konkurranse om drift av regionale ruteflygingar i Sør-Noreg frå 1. april 2020.

Høyringa, der involverte fylkeskommunar og andre relevante instansar kan kome med innspel til prosessen med statleg kjøp av flyruter, utgjer ein viktig del av avgjerdsgrunnlaget for Samferdselsdepartementet ved den komande konkurransen om drift av dei regionale flyrutene i Sør-Noreg.

Sjå høyringa her.

Ekstern utgreiing

Samferdselsdepartementet har òg bestilt ei ekstern utgreiing om det statlege kjøpet i Sør-Noreg frå 1. april 2020. Møreforskning Molde AS har i samarbeid med Transportøkonomisk institutt gjennomført utgreiinga som sikrar departementet eit solid fagleg grunnlag for det vidare arbeidet med kjøp av regionale flyruter i Sør-Noreg frå 1. april 2020.

I skildringa av oppdraget ba Samferdselsdepartementet om at følgjande punkt vart utgreia:

  • Tilstands-/situasjonsrapport
  • Trafikkprognose for perioden 2020-2024
  • Trafikkanalyse av reisebehov og prissensitivitet
  • Vurdering av grunnlag for kommersiell drift
  • Forslag til kva for flyruter staten bør kjøpe og kva krav som bør setjast til desse
  • Samfunnsøkonomisk nytte og kostnadar

Vurderingane i rapporten er gjorde av konsulenten og vil vere eit av fleire innspel som Samferdselsdepartementet vil vurdere før nye forpliktingar til offentleg tenesteyting (FOT) vert fastsatt. Rapporten vil inngå som ein del av høyringsgrunnlaget som høyringsinstansane vert bedde om å vurdere og kommentere i sine innspel. Høyringsfristen er sett til 28. mai 2018.

Les rapporten her.

Vidare prosess

Etter at høyringa er gjennomført vil Samferdselsdepartementet nytte høyringssvara og rapporten i det vidare arbeidet med å utforme nye FOT. Samferdselsdepartementet tar sikte på å lyse ut konkurransen slik at det vert om lag eit år mellom tildeling av kontraktar og oppstart av flygingar 1. april 2020.