Hugo Hermansen er ny direktør for Statens jernbanetilsyn
Pressemelding | Dato: 23.06.2026 | Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet har tilsett Hugo Hermansen som direktør for Statens jernbanetilsyn.
– Hugo Hermansen er ein erfaren leiar med bakgrunn frå både offentleg og privat sektor. Denne kompetansen gir han eit godt utgangspunkt for å leie Statens jernbanetilsyn, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Hugo Hermansen er utdanna ved Luftkrigsskolen og har og gjennomført studium ved Handelshøyskolen BI og Høgskolen i Molde. I 2011 fullførde han ein MBA ved Naval Postgraduate School i USA.
Hermansen har lang erfaring frå ulike stillingar i Forsvaret. I 2014 byrja han som logistikksjef i Aerospace Industrial Maintenance Norway, og i 2019 blei han direktør for Operations i Kongsberg Aviation Maintenance Services. Det siste året har han vore direktør for Special Projects i same selskap.
Hermansen tar over stillinga etter Erik Ø. Reiersøl-Johnsen, som går av med pensjon frå 1. juli. Hermansen vil tiltre etter nærare avtale.
Om Statens jernbanetilsyn
Statens jernbanetilsyn (SJT) skal ta hand om tryggleiken på jernbane, trikk, t-bane, taubaner og tivoli, og dessutan overvake marknadene for jernbanetransport.
For fleire opplysningar – sjå: