Arbeidet i teknisk beregningsutvalg for klimagassutslepp frå jordbruket startar opp

I dag møtast teknisk berekningsutval for klimagassutslepp for fyrste gong. Dei tek for seg jordbruk og klimagassutslepp, og set alle utvalsmedlemane godt inn i temaet og påfølgjande utvalsmøte. Utvalet skal sjå på metodar for korleis jordbruket sitt samla utsleppsrekneskap kan vidareutviklast og synleggjerast betre.

Jordbruket må ta sin del av ansvaret for å følgje opp Parisavtalen og Noreg sine klimaforpliktingar. Klimautvalet vil gi oss betre kunnskap og berekningar om klimagassutslepp og –opptak frå jordbruket, og er viktig for å lykkast med klimaarbeidet i landbruket, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

I Landbruk og klimaendringer, rapport frå arbeidsgruppe i 2016, peiker ein på at det er ei utfordring å få synt fram næringa sine samla utslepp og bidrag i klimaarbeidet, sidan det berre er metan og lystgass som blir rekna inn i og gjort synleg i jordbrukssektoren sitt eige rekneskap.
I Landbruk og klimaendringer, rapport frå arbeidsgruppe i 2016, peiker ein på at det er ei utfordring å få synt fram næringa sine samla utslepp og bidrag i klimaarbeidet, sidan det berre er metan og lystgass som blir rekna inn i og gjort synleg i jordbrukssektoren sitt eige rekneskap. Foto: Landbruks- og matdepartementet.

Utvalet skal gi fagleg råd om korleis eksisterande berekningar av utslepp og rapporteringsrutinar knytt til utsleppsrekneskapen kan forbetras. Utvalet skal sjå nærare på metodar for korleis jordbruket sitt samla utsleppsrekneskap kan vidareutviklast og synleggjerast betre. Utvalet får ei verketid frå 9.11.2017 til 1.7.2019, og er samansett av representantar frå fleire departement, næringsorganisasjonane i jordbruket og fagekspertar. Utvalet skal leiast av Steffen Kallbekken som er forskingsleiar i Cicero.

Til toppen