Kirkeneskonferansen er den sentrale plattforma for diskusjon i Barentsregionen. Årets konferanse vil mellom anna sjå på korleis det siste året har endra kvardagen for næringsliv og folk ved grensa til Russland.

– Eg ser fram til å høyre meir frå folk i Kirkenes om korleis dei ser på situasjonen no. Det er saman med dei at regjeringas nordområdepolitikk vert skapt og sett ut i livet. Sjeldan har denne konferansen - og tema som vert tatt opp her -  vore viktigare, seier utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap). 

Konferansen samler eit breitt spekter av aktørar med interesse for nordområda og Barentsregionen.

Pressekontakt for utanriksministeren: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, tlf 93 23 18 83, e-post tuva.bogsnes@mfa.no.

Presse som vil følgje utanriksministeren på heile eller delar av besøket, eller som ønskjer intervju, kan kontakte Tuva Bogsnes.