Presseinformasjon

Statsråd Berger Røsland til Bulgaria

Statsråd Marit Berger Røsland reiser til Bulgaria 12. og 13. november. Bulgaria har formannskapen i EU frå nyttår. Statsråden skal og vitje prosjekt som er støtta med EØS-middel.

EØS- og EU-ministeren skal ha politiske samtalar med visestatsminister Tomislav Donchev og EU-formannskapsminister Lilyana Pavlova.

- Møta gjev høve til å spele inn kva som er viktig for Noreg og samstundes høyre kva formannskapen prioriterer, seier Berger Røsland.

I den nye perioden med EØS-middel (2014-2021) blir Bulgaria det fjerde største mottakarlandet. Bulgaria mottek for neste periode 210 millionar euro (om lag to milliardar kroner). Blant dei prioriterte områda i den nye perioden er næringsutvikling og innovasjon, reformer i justissektoren, kamp mot fattigdom, miljø og klima og sosial inkludering av rom-folk. Les meir om EØS-midla til Bulgaria her.

Statsråden skal og vitje to prosjekt støtta av EØS-midla. Begge ligg i ein romlandsby i distriktet Krasna Polyana i utkanten av hovudstaden Sofia. Det eine prosjektet rettar seg mot integrering av rom-barn i førskulen. Det andre er eit senter som mellom anna hjelper romungdom med å kome inn på arbeidsmarknaden. Senteret arbeider óg med å motverke vald i nære relasjonar. Les meir om EØS-midla til rom her.

- EØS-midla gjev oss eit unikt høve til å bidra til sosial utjamning i Europa. Det gjev også norske fagetatar ein viktig samarbeidsarena i Europa, seier Berger Røsland

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde (med på reisa): ane.lunde@mfa.no, 976 71 250