Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 44

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 44, 2021.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.

Utanriksminister Anniken Huitfeldt

Måndag 1. november
Kl. 10.00: Utanriksminister Anniken Huitfeldt har eit møte med dei seks organisasjonane som har eit partnerskap knytta til humanitær bistand. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 14.00: Utanriksminister Anniken Huitfeldt held opningsinnlegget på eit seminar om trygging av journalistar i kriser og konflikt. Seminaret er skipa til av Oslomet. Stad: Pilestredet 52, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Tysdag 2. november
Utanriksminister Anniken Huitfeldt er til stades på Nordisk råds 73. sesjon. Stad: København

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes 93 23 18 83

Torsdag 4. november
Kl. 18.00: Utanriksminister Anniken Huitfeldt er til stades under ein middag i samband med besøket til Tysklands president Frank-Walter Steinmeier. Stad: Munchmuseet

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim

Måndag 1. november
Kl. 14.00: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim har eit digitalt møte med Aki Nishio, nestleiar for utviklingsfinansiering i Verdsbanken. Tema for møtet er Ida20-påfylling.

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes 93 23 18 83

Tysdag 2. - onsdag 3. november
Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim er til stades på Nordisk råds 73. sesjon og deltek på møte med samarbeidsministrane i Nordisk ministerråd. Stad: København 

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes 93 23 18 83

Torsdag 4. - laurdag 6. november
Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på klimatoppmøtet Cop26.  Stad: Glasgow 

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Mari Bangstad, +47 41 44 08 71

Statssekretær Bjørg Sandkjær

Torsdag 4. november
Kl. 08.30: Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek i ein paneldiskusjon om boka «Do Gooders at the End of Aid. Scandinavian Humanitarianism in the 21st Century». Møtet er skipa til av Tankesmia Agenda og Senter for utvikling og miljø ved Universitetet i Oslo. Stad: Kulturhuset, Oslo

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes 93 23 18 83