Sjølvmord er eit alvorleg samfunnsproblem. Effektiv førebygging føreset ei brei satsing som involverer mange sektorar. Interesseorganisasjonar, ideelle og frivillige aktørar har verdifull kunnskap og erfaringar som er viktig å få med i arbeidet med ein ny plan. Den nye handlingsplanen vil ta utgangspunkt i erfaringar frå den pågåande handlingsplanen for førebygging av sjølvmord Ingen å miste 2020–2025.

I tillegg vil ein sjå til ny kunnskap på sjølvmordsfeltet. Det tverrsektorielle perspektivet blir vidareført i den nye handlingsplanen, noko som inneber at tiltaka blir retta mot fleire samfunnsområde enn helse- og omsorgstenestene åleine – og vil inkludere førebygging både i befolkninga generelt og i helsetenesta.

Den nye handlingsplanen skal vere meir spissa enn den førre, og inkludere samanhengen mellom økonomiske problem og sjølvmord, samt ivareta eit tydeleg kjønns- og mangfaldsperspektiv.

Tid: Tysdag 25. november klokka 10.00–12.00
Stad: Akersgata 64

Pressekontakt er seniorrådgjevar Anne Kathrine Aambø. Ver merksam på at det krevst gyldig legitimasjon for å få tilgang til lokalet. Som gyldig legitimasjon blir førarkort (ikkje elektronisk), nasjonalt ID-kort eller pass rekna.