Presseinvitasjon:
Innspelsmøte om Helsepersonellplan 2040
Nyheit | Dato: 03.11.2025 | Helse- og omsorgsdepartementet
Tysdag 4. november har helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre invitert arbeidstakar- og arbeidsgjevarorganisasjonar til innspelsmøte om Helsepersonellplan 2040.
Regjeringa har varsla at dei vil søke brei einigheit i Stortinget om Helsepersonellplan 2040 som skal sikre tilstrekkeleg helsepersonell og effektiv ressursbruk for framtida. Ein god dialog med partane er viktig i dette arbeidet, og det er bakgrunnen for at Vestre har invitert til innspelsmøtet.
Kvar av aktørane er bedne om å legge fram tre hovudutfordringar, presentere tiltak som kan bidra til å løyse utfordringane og talfeste korleis tiltaka vil bidra til å dekke etterspurnaden etter arbeidskraft.
Tid: Tysdag 4. november kl 10.00–11.30
Stad: Marmorhallen, Kongens gate 18 i Oslo
Deltakarar frå pressa kan melde seg på til kommunikasjonsrådgjevar Elisabeth Johansen, e-post elisabeth.johansen@hod.dep.no / mobil 996 07 525.
Dørene opnar klokka 09.30. Presse og inviterte deltakarar må vise fram gyldig legitimasjon for å kome inn. Gyldig legitimasjon er pass, nasjonalt id-kort eller førarkort (ikkje digitalt).