Partsmøtet for konvensjonen om biologisk mangfald COP 17 skal haldast i Jerevan i Armenia 19. oktober til 30. oktober 2026.

På innspelsmøtet vil klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen informere om naturtoppmøtet, norske posisjonar og prioriteringar. Deretter opnar vi for innlegg frå organisasjonane.

Program

10.00: Innleiing ved klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen

10.10: Kort informasjon om partsmøtet ved konstituert avdelingsdirektør Ellen Bruzelius Backer

10.15: Innlegg v/sivilsamfunnsdelegat Sverre Lundemo på vegner av ForUM

10.20: Innspel frå sivilsamfunnsorganisasjonar og andre deltakarar

10.55: Oppsummering ved klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen

Stad: A-blokka, Einar Gerhardsens plass 1

Tid: Onsdag 16. september kl. 10:00–11:00

Påmelding innan 14. september 2026 via skjemaet under

Vi ber om at du i påmeldinga skriv namnet ditt og organisasjonstilknyting, og om du ønsker halde innlegg (på maks 2 minutt). Det vil vere rom for om lag 15 innlegg på møtet. Deltakarane kan gjerne gå saman om felles innlegg om ønskeleg. Desse vil bli prioritert dersom fleire enn 15 melder interesse for å halde innlegg.

Alle deltakarane vil kunne sende inn innspela sine skriftleg i etterkant av møtet

Desse må ikkje overstige to sider, og bli sendt til postmottak@kld.dep.no innan 20. september 2026. Skriv "Innspel til CBD COP 17" i emnefeltet. Alle skriftlege innspel mottatt innan desse rammene blir registrerte og vurderte i prosessen med utarbeidinga av norske posisjonar til forhandlingane.

Praktisk informasjon

Alle besøkande som skal inn i departementet må vise gyldig legitimasjon som norsk pass, norsk nasjonalt ID-kort, utanlandske pass, norsk førarkort (ikkje elektronisk) eller europeisk identitetskort (Identity card).

Det er ikkje tillate å ta med større bagasje inn i bygget. Veske/PC-veske/mindre ryggsekk går greitt.

Påmeldingsskjema

Ønsker du innlegg?