Invitasjon til innspelsmøte om husleigelova
Nyheit | Dato: 29.11.2024 | Kommunal- og distriktsdepartementet
18. oktober i år fekk KDD overlevert husleigelovutvalet sin NOU 2024:19 med forslag til ei ny bustadleigelov. NOU-en er no på høyring, og det er opna for å kome med innspel.
– Både utvalet si tilråding og innspela så langt tydar på det er ulike synspunkt på kva endringar som er naudsynte, og eg er oppteken av å lytte og forstå. For å få flest mogleg perspektiv med meg inn i arbeidet inviterer eg til eit ope innspelsmøte 13. desember, seier Kommunal- og distriktsminister Erling Sande.
Tid: fredag 13. desember kl.08-10
Stad: Auditoriet R5, Akersgata 59, 0180 Oslo
Bakgrunn
Husleigelova set rammer for om lag ein million leigeforhold. Lova regulerer mellom anna lengda på leigeavtaler, kor mykje husleiga kan auke kvart år og partane sine retter og plikter gjennom leigeforholdet.
Departementet arbeider no med å følge opp Husleigelovutvalet sitt forslag til ein ny bustadleigelov. I dette arbeidet er det særs viktig å høyre alle relevante innspel. NOU-en er på høyring til 31. januar 2025. Utgreiinga er tilgjengeleg her: Høring av NOU 2024:19 Ny boligleielov - regjeringen.no
Agenda for møtet
- Statsråden innleier
- Ope for korte innlegg med utgangspunkt i følgjande spørsmål:
- Kva omsyn er de særleg opptekne av når vi nå skal fornye husleigelova?
- Kva tiltak er best egna til å styrke leigarane sin butryggleik – i og utanfor husleigelova?
- Kva er dei viktigaste grepa i husleigelova for å sikre eit godt tilbod i leigemarknaden – i pressområdar og distriktskommunar?
Påmelding og påmeldingsfrist
Vi ber kvar aktør om å avgrense deltakinga til 1-2 personar. Påmeldingsfrist er måndag 9. desember. Møtet vil også vere tilgjengeleg digitalt via Teams. For å delta digitalt, huk av for digital deltakelse når du melder deg på. Du vil då få tilsendt ein møte-ID i forkant av møtet.
Ta med gyldig id (nasjonalt id-kort, førarkort eller pass).
Pressekontakt
Hilde Greve Mo tlf: 91 33 87 78. Presse som ønskjer å vere til stades kan melde seg på til presse@kdd.dep.no.
Pressa møter opp frå kl. 07.45. Ta med pressekort og gyldig id.