Praktisk informasjon

Stad: Marmorhallen, Kongens gate 20.
Tid: 15.00 – 17.00

Dørene opnar kl. 14.30. Vi ber alle møte opp seinast kl. 14.45 for registrering i resepsjonen.

Hugs å ta med gyldig legitimasjon (norsk pass, norsk nasjonalt ID-kort, norsk gyldig førarkort eller utanlandsk pass/europeisk ID-kort). Merk at det ikkje er høve til å ta med stor bagasje. Ryggsekk, PC-veske og liknande er greitt.

Det vil bli enkel servering på møtet. 

Tema for innspelsmøtet 

Vi vil dele møtet inn etter tre overordna tema, med ei innleiing før kvart tema, før vi opnar for innspel. Dei overordna temaa er:

  • Interseksjonalitet og mangfald
  • Likestilt deltaking i samfunnet
  • Tryggleik og fridom frå diskriminering

Statssekretær Trude Storstein vil leie møtet.

Påmelding

Dersom de ønskjer å delta på møtet, ber vi om påmelding ved å sende ein e-post til thea-hoff.gulbrandsen@kud.dep.no innan 19. august kl. 12.00.

Ved påmelding ber vi om namn på deltakarar og e-postadresse, eventuelle behov for tilrettelegging og/eller allergiar, samt kva tema de har innspel til.

Tolking

Møtet vil bli teiknspråk- og skrivetolka. For at tolkinga skal bli så god som mogleg, ber vi om at de sender innlegga de planlegg å halde under møtet til teiknspråktolkarane og skrivetolkarane innan 21. august, slik at dei kan gjere seg kjende med innhaldet.

Vi vil vidareformidle kontaktinformasjonen til tolkane ved påmelding.

Skriftlege innspel

Departementet tar òg imot skriftlege innspel. Frist for dette er 30. september 2025. Innspela skal sendast til postmottak@kud.dep.no og merkast med "Innspill til strategi for likestilling av personer med funksjonsnedsettelse".