Presseinvitasjon

Inviterer til nordisk-baltisk IT-konferanse

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Kommunal- og distriktsdepartementet og Nordisk ministerråd inviterer til konferansen «DIGITAL NORTH – A digital and sustainable Nordic-Baltic region».

Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) opnar konferansen som samlar politikarar og leiarar frå næringsliv, industri og offentleg sektor i dei nordisk-baltiske landa.

Saman skal dei utforske korleis digitalisering kan fremje berekraftig utvikling. Her vil nokre av dei beste eksempla på innovative prosjekt og tenester i regionen bli vist fram.

  • Tid: 7. september kl. 09:00 – 15:00. Du kan delta både fysisk og digitalt.
  • Stad: Nasjonalmuseet, Brynjulf Bulls plass 3, Oslo.
  • Sjå program og påmelding.

Media er velkomne til å delta.

Pressekontakt

E-post: ke@kdd.dep.no

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00