Historisk arkiv

Revidert nasjonalbudsjett 2020

Jernbane: Dampen haldast oppe i pågåande byggeprosjekt, men kostnadsauke får konsekvensar for andre store prosjekt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Samferdselsdepartementet

- Utbyggingsaktiviteten på jernbanenettet er høg. Dei komande åra vil fleire prosjekt opne for trafikk og gi dei reisande eit betre togtilbod. Samstundes er det klart at jernbanesektoren no står overfor ein krevjande økonomisk situasjon på grunn av auka kostnader i år på Follobanen, Østfoldbanen og Vestfoldbanen. Vi må prioritere å halde framdrifta i desse pågåande prosjekta, men det får diverre konsekvensar for framdrifta i andre utbyggingsprosjekt på jernbanen, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Regjeringa foreslår å løyve 826 millionar kroner ekstra til investeringar på jernbanenettet i statsbudsjettet 2020. Dette gjer at utbygginga kan halde fram som planlagt på Follobanen, Østfoldbanen og Vestfoldbanen.

Det er fleire årsaker til kostnadsaukane. På Follobanen er det mellom anna auka valutautgifter som følgje av svak kronekurs, entreprenør-konkurs og meir krevjande grunnforhold. På Vestfoldbanen kjem utgiftene til bygging av InterCity-strekningane Drammen-Kobbervikdalen og Nykirke-Barkåker tidlegare enn føresett. Dette gir høgare prosjektkostnader dei to første åra, men prognosen for kostnadane tilseier at begge prosjekta framleis held seg innanfor styringsramma. Kostnadsauken på Østfoldbanen er hovudsakeleg eit resultat av stor aktivitet i leverandørmarknaden, som har gitt høgare prisar enn føresett i bygginga av Sandbukta–Moss–Såstad.

Siktar mot investeringsvedtak for Ringeriksbanen og E16 Høgkastet-Hønefoss om eitt år

Som følgje av kostnadsaukane på pågåande utbyggingsprosjekter foreslår regjeringa mellom anna å redusere løyvinga til planlegging av fellesprosjektet Ringeriksbanen E16 Høgkastet-Hønefoss med 278 millionar kroner til 250 millionar kroner. Det inneber at det blir brukt mindre ressursar til grunnerverv og arkeologiske utgravingar i år, enn opphavleg planlagt. Sjølv med mindre planlegging i år, kjem regjeringa framleis til arbeide for å leggje fram forslag til investeringsvedtak for Stortinget i 2021.

Bygging av Kleverud-Sørli blir utsett – planlegging av Sørli-Åkersvika held fram

Ein annan konsekvens av kostnadsaukane er at det korkje i år eller neste år vil vere rom på statsbudsjettet til å starte anleggsarbeida på InterCity-strekninga Kleverud-Sørli på Dovrebanen. Opphaveleg var det løyvd 180 millionar kroner til å starte bygging i år, medan behovet for løyving i 2021 var utrekna til å vere om lag 510 millionar kroner.

Planlegging av siste del av InterCity strekninga mot Hamar på Dovrebanen, Sørli–Åkersvika vil halde fram som tidlegare føresett.

- Bane NOR måtte tidlegare i år avlyse konkurransar om bygging av Kleverud-Sørli som følgje av koronautbrotet. Sjølv utan å omprioritere pengar frå dette prosjektet i år, ville den forseinka konkurranserunden uansett ført til at det ikkje ville blitt mogleg med anleggsstart i år, slik planen opphaveleg var. Vi skal byggje ut både Kleverud-Sørli og Sørli-Åkervika. Vi kjem tilbake til dette i statsbudsjettet for 2022. Fram til då vil vi sjølvsagt òg vurdere om det er meir føremålstenleg å byggje ut Kleverud-Sørli-Åkersvika som eitt prosjekt, seier samferdselsministeren.  

For fleire opplysningar – sjå: